my A’s to your Q’s – homes and cities.

versailles

var det skummelt å flytte så langt hjemmefra? hvordan gikk du frem før du flyttet? hvilke tanker gikk i hodet på deg?
nei, det var ikkje skummelt å flytta til london, men det var mest fordi at eg visste det var rett for meg og eg visste at det kom til å gå bra. ikkje fordi det ikkje i seg sjølv er ein skummel ting å gjera å flytta så langt heimefra. det er heilt forskjellig for alle, eg trur dei fleste ville syns det var skummelt.

kvar tykkjer du er den finaste staden i noreg?
eg elskar jo oslo, men sogn er virkelig det finaste som finst.

mulig du har skrevet om dette før, men. når du flyttet til london/paris, hvordan fant du deg til rette?
i paris så faka eg det til eg maka det. eg laga det fint for meg sjølv og lata som eg budde der og ganske fort så føltes det sånn heilt uten å lata som. kjøpte blomster og gjekk i parken og pynta og åt salat. her i london hadde eg jo ein heim og visste at det berre var å begynna, liksom. så eg har brukt omtrent eitt år no på å få det fint og koselig her, for det er viktig for meg. og å utforska byen så den er mindre skummel. men det var mykje vanskeligare i london enn i paris, fordi eg veit at london er permanent, her treng eg å ha røtter liksom. og det er ein mykje vanskeligare by å få venner i.

merker du en forskjell på folk i london og folk i norge?
folk seier bless you når du nys og bryr seg egentlig ikkje så mykje om kva som foregår rundt seg anna enn det. det er så fantastisk å bu i ein by der ein berre kan gå fritt og ingen andre bryr seg om kva du gjer. i norge føler eg meg ganske nedstirra mesteparten av tiden. eg har det mykje bedre på gata i london.

hvis du skulle anbefale kun et (ja, et) sted i paris, hvilket?
pierre herme!

Untitled

er det dyrt å bo i London? leier du leilighet? hva er ca. prisen for en middag ute?
ja, det er veldig dyrt å bu i london. ikkje så mykje verre enn oslo, men det er veldig dyrt. me leiger leilighet i sone tre. prisen for ein middag ute varierar sjølvsagt heilt vanvittig, som i alle andre byar og kjem heilt an på kva ein et og kvar ein et det og kor bra det er. det kan kosta sju pund for ein hovudrett eller atten pund for ein hovudrett, liksom.

hvor ofte reiser du hjem til norge?
sidan eg flytta til london har eg vore i norge to gongar fram til no. saknar norge så innmari, har dagdraumar om wienerpølser.

når kommer du hjem til norge for sommeren?
kom seint i juni! skal vera her til starten av august.

hva er det fineste og vanskeligste med å bo i london?
det finaste er kor stor byen er og korleis ein kan berre gå og gå og gå og alltid finna noko nytt. det vanskeligaste er kor tiltak alt er, korleis ein må via ein heil dag til noko fordi byen er så stor. det tar liksom ein time nesten uansett kvar ein skal.

hvordan vil du si dine engelskspråklige kunnskaper var når du flyttet og hvordan de er nå?
har alltid vore veldig god i engelsk, heilt sidan eg var kanskje ni år. men no er det nesten like enkelt å snakka engelsk som å snakka norsk! så det har heilt klart blitt mykje bedre, også har eg fått flott britisk aksent som kom ut av ingenting etter å ha snakka med amerikansk aksent heile livet! våkna med britisk aksent ein dag, liksom. så plutselig var det.

Untitled

det fins mykje kjekkare spørsmål å stilla (og å svara på), men eg må spørja likevel. kva meglarfirma brukte de for å finna leilighet i london, og er dei til å anbefala? eg veit liksom ikkje kor eg skal byrja.
me brukte foxtons, dei finn heilt klart fram til leilighetar men eg veit ikkje om eg vil anbefala dei. veit ikkje om det finst eit meglerbyrå i london som er til å anbefala. det heile er ein ganske skitten business. men eg er glad me gjekk for foxtons, me har jo ein fin leilighet til ein ålreit pris.

jeg lurte på om du kan snakke fransk flytende? hvis du kunne tenke deg å lære flere språk; hvilke ville det vært og hvorfor?
kan absolutt ikkje snakka fransk flytande, så det er nok fransk eg kjem til å læra meg bra først av alt.

kan du beskrive korleis du tenkjer/ser på sogn og fjordane no etter du har budd i utlandet ei god stund? har du forandra syn på noko ved heimplassen etter du flytta? tenkjer du på å flytte attende nokon gong?
eg er meir forelska i sogn og fjordane enn eg har vore nokon gong. då eg budde i årdal så hata eg det, det føltes som den mest tragiske plassen i verda, men eg ser no at det berre var fordi at eg var trist og hadde ingenting med plassen å gjera. no blir eg heilt tåraugd av å køyra mellom årdal og lærdal og sjå fjella og fjorden. eg kjem nok aldri til å flytta heim til sogn for fullt, men me kjem til å bu i lærdal litt no og litt da. som no i sommar skal me bu her ein heil månad.

jeg synes det virker veldig inspirerende når jeg ser måten dere lever på i london. hvordan klarer dere å ikke få problemer med penger? og hvordan klarte du å få et sosialt nettverk i london?
me gjer det beste me kan, som alle andre. også tar me valg som passar vår økonomi og livsstil. me kjøper nesten aldri klede og lever veldig billig i kvardagen. å få eit sosialt nettverk i london føler eg enda ikkje at eg har, eg har eit par venner og det er det. det tar veldig lang tid å få venner i ein så stor by, men eg er endelig på glid og det føles sjukt bra.

Untitled

er det vanskelig å finne leiligheter som ikke koster så altfor mye? hvor anbefaler du at studenter leter, og evt. hvordan?
det spørs jo kva ein meinar med altfor mykje. det er jo dyrt å bu i london, så det er nok lurt å vita kva ein vil betala før ein går inn i markedet. akkurat no er det dumt å prøva å få tak i leilighet på grunn av OL, lurast er det jo å venta til markedet kollapsar fullstendig etterpå. me fekk leilighet gjennom foxtons, det er trygt å gå gjennom meglar men det kostar jo óg pengar. ellers er gumtree ein bra plass å starta!

snakker du britisk eller amerikansk når du er der?
snakkar britisk når eg er her og amerikansk når eg er i paris med mine amerikanske venner.

jeg lurer på om du har noen fine butikker i oslo på lur hvor prisene er litt lave?
UFF jernbanetorget er bra og ganske billig, og fretex grønland og st.hanshaugen!

translation:
my answers to your questions about my homes and the cities i frequent.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *