source workshop.

de hadde ein del spørsmål og kommentarar når det kom til kjelder etter eg skreiv dette innlegget, så eg tenkte eg skulle snakka litt meir om korleis å finna kjelder og korleis finna fine bilder ein kan bruka på ein enkel måte så ein ikkje treng å bruka weheartit-bilder eller tumblr-bilder som ein ikkje veit kvar kjem fra. det gjer meg så frustrert og sint og trist når bloggarar brukar andre sine bilder utan å eingang orka å leita litt etter kjeldene. nokon av dei største bloggarane i dette landet brukar bilder dei ikkje anar kvar kjem fra. dette syns eg berre er så flaut og uprofesjonellt at eg må pressa knea mine saman.

til å begynna med, her er nokon kjeldetilvisningar/unnskyldningar som er complete and utter bullshit, som me seier i london:

kjelde: tumblr
tumblr er ein plattform for mikroblogging. dei fleste brukar tumblr som blogg, eller som ein plass der ein kan lagra andre sine bilder og samla dei på éin plass. tumblr er ikkje ein person, derfor er ikkje tumblr ei kjelde. ein kan sjølvsagt linka til ein tumblr-profil om ein er sikker på at bildene er bloggaren sine eigne.

kjelde: weheartit
weheartit er det verste av det verste, og den einaste sida på internett som faktisk gjer meg sint kvar gong eg tenkjer på den. her legg folk ut andre sine bilder, altså dei lastar opp bilder dei ikkje har rett til å bruka i heile tatt. og derfra tar andre bildene og brukar dei på bloggane sine. heilt utan å eingang prøva å finna kjelder. weheartit er ikkje ein person, og mesteparten av tiden er det ikkje fotografen sjølv som har lagt ut bildene. weheartit er derfor ikkje eingong mikroskopisk rett å bruka som kjelde.

kjelde: google
kom igjen, folkens. dette er ikkje 2003. google er ikkje ei kjelde, google er ein søkemotor.

kjelde: flickr
flickr er ein tjeneste der ein kan lagra og dela bildene sine med andre. korleis ein brukar flickr for å finna bilder kan de sjå lenger nede her, men flickr er ei ei kjelde.

“alle andre gjer det”
dette er ikkje barneskulen. ein må ta ansvar for sine eigne handlingar og ikkje måla etter kva andre gjer eller peika fingrar mot dei som gjorde det først.

“fant desverre ikkje kjelder”
du er lat og prøvde ikkje. om du ikkje finn kjeldene til eit bilde, ikkje bruk det. finn eit anna bilde. så enkelt er det.

“hugsar ikkje kvar eg fant det”
sjå over.

vernerett:
om de finn gamle bilder, då meinar eg veldig gamle, typ før 1870, er det lov til å publisera dei utan kjelder om ein ikkje har dei. vernetidslova seier at opphavsmann/kvinne innehar opphavsrett inntil 70 år etter utløpet av året dei døydde. mitt enkle reknestykke seier at bilder frå før 1870 er bankers å bruka.


korleis finna kjelder på bilder når du ikkje har peiling what so ever:

av og til finn ein bilder som ein syns er sjukt fine, men det er ingen kjelder nokon stad. først, peik på personen som har publisert bildet og skrik “skurk!”. dette for å forebygga meir brudd på opphavsrett. legg bildet i ei mappe på skrivebordet ditt som heiter “bilder uten kilder” eller noko sånt. så har du to alternativ, tineye eller google image search sin reversfunksjon, som eg føretrekk. eg demonstrerar:



gå til google image search. klikk på det lille kameraet med rosa ring rundt. last opp bildet du vil ha kjelda til. også kjem det sikkert opp ein masse ulike bilder. det smartaste er å sjå etter bildefila som er størst(mest sannsynlig den originale fila). av og til må ein leita, eg har brukt mange timar av mitt bloggliv på å leita etter kjelder. bildet eg brukte tilhøyrer fine jessica, og eg hadde funne det i eit intervju ho hadde gjort.

korleis finna bilder som er fine som ein kan bruka lovlig:
eg skjønnar at all informasjonen over her kan vera litt demotiverande. men, eg brukar jo andre sine bilder heile tida. det går an å finna bilder som ein kan bruka. eg leitar etter mine bilder i andre sine favorittar på flickr! det er ein bra måte å vera på skattejakt på.


det første du må få deg er ein flickr-konto eller logga inn. så må du jo finna ein del bilder å ha i favorittane dine, ta til dømes ein titt på mine her. om eg finn ein fotograf eg likar, sjekkar eg alltid deira favorittar for det er ganske sannsynlig at ein finn noko bra. ellers så er det masse fantastiske grupper på flickr der ein kan finna bilder innanfor eit visst tema eller konsept, nokon gode grupper der eg finn masse bilder er:

i felt your shape.
dreams and magic.
new shoes and flowers in her hair.
recordis photography.
close my eyes.
pastel and dreamy.

så finn du sida der alle favorittane dine er, i you > your favorites.


sånn ser mine favorittar ut. eg likar blomar og tekoppar og gamle bøker og jordbær+mjølk. klikk inn på bildet de vil bruka i bloggen.


eg valgte dette bildet med harpa.


så trykker de på “share” over bildet til venstre der. da kjem det opp ein del alternativ, klikk på “grab the html/bbc code”. da kjem det opp ein kode som de må kopiera, velg først kva storleik som passar best til bloggen din. av og til har personen som la ut bildet lagt på ei sperre så ein ikkje kan dela det, da må ein anten finna eit anna bilde og get over it, eller ta skjermbilde av bildet ein vil bruka og bruka linken du tok skjermbildet fra og linka til det når du lastar opp bildet på bloggen <- litt meir komplisert.


så opnar ein eit tomt innlegg på bloggen, eller innlegget der ein vil ha inn bildet. finn fram til kvar html-knappen er, den opnar koden til innlegget(ikkje få panikk no, dette er veldig enkelt). alle plattformar har sin eigen html-knapp, både på blogg.no og wordpress(dei to eg har jobba med) er det veldig enkelt å finna fram. her ser de html-knappen til høgre over området til sjølve innlegget.


så limer du inn koden øverst i innlegget eller der du vil ha bildet.


når ein da går ut av html-redigeringen(i wordpress trykker ein berre på ‘visual’) ligg bildet der! med kjelder og alt, så ein treng ikkje gjera noko meir enn det.


om bildet er for stort kan du dra i hjørnene for å få den til å passa. eg har lagt inn css-kode i bloggen min som tvingar alle bilder til å vera 800px i breidda. det sparar meg ganske mykje tid.

om de har tips til fine tumblr-feedar eller flickr-profilar med gode kjeldetilvisningar, legg det igjen i kommentarfeltet!

translation:
you had some questions and comments regarding sources after i posted this entry, so i thought i’d talk some more about how to find sources and how to find pictures you can use in a simple way so you won’t have to use weheartit-images or images you saved from tumblr without sources attached. it makes me so frustrated and sad when bloggers use other people’s images without even trying to look for the sources. some of the biggest bloggers in norway use pictures they don’t know the sources to and it’s so embarassing and unprofessional it makes me want to push my knees together.

for starters, here are some sources/exuses that are complete and utter bullshit:
source: tumblr
tumblr is a micro blogging platform. most people use tumblr as blogs or as somewhere to save images in one place. tumblr is not a person, therefore tumblr is not a source. you can, of course, link to a tumblr profile if you’re sure that the blogger posts their own pics.

source: weheartit
weheartit is the worst of the worst, and the only page on the internet that upsets me every time i so much as think about it. people post other people’s images; images they have no rights to. from there, other people use the images on their blogs. without even trying to find the original source. weheartit is not a person, and most often the pictures are not even posted by the photographer him/herself either. ergo: not a valid source.

source: google
come on, people. this is not 2002. google is not a source, google is a search engine.

source: flickr
flickr is a service where you can upload and share your images with others. you can learn how to use flickr as a way to find images further fown in this entry, but flickr is not a source.

“everyone else does it”
this is not kindergarden. you have to take responsibility for your actions and not measure after what other people do. and not point fingers at who did it first.

“sorry, couldn’t find the sources”
you’re lazy and you didn’t try. if you can’t find the sources to an image, don’t use it. find another one. easy as that.

“i don’t remember where i found it”
see above.

how to find sources when you don’t have a clue what so ever:
sometimes you find pictures that are so pretty, but there are no sources to be found. first, point at the person who posted it and yell “criminal!”. this is to prevent further copyright breach. put the image in a folder on your desktop named “pictures without sources” or something like that. then you have two alternatives, tineye or google image search’s reverse function. i prefer the latter. let me demonstrate:

go to google image search. click on the little camera with the pink ring around it. upload the image you want the sources to. then you’ll get a lot of different pictures, my best bet is to look for the biggest file(most likely to be the original file). sometimes you have to look, i’ve spent hours of my blog life looking for sources.

how to find images to use legally:
i understand that the information over here can be quite demotivating. but, i use other people’s images all the time! you can find pictures you can safely use. i look for mine on other people’s favorites on flickr. it’s a good way to explore.

the first thing you should do is get a flickr account or log in. then you’ll have to find some pictures to put in your favs, have a look at mine here. if i find a photographer i like, i always check their favorites because it’s pretty likely i’ll find something good. other than that flickr is a community with a lot of groups with images within a certain theme or concept. some groups where i find lots of good stuff:

i felt your shape.
dreams and magic.
new shoes and flowers in her hair.
recordis photography.
close my eyes.
pastel and dreamy.

then you’ll find your favorites in you > your favorites. i like flowers and teacups and old books and strawberries with milk. click the image you want to use for the blog entry. i chose this one with the harp.

then you click share over the image to the left there. then you’ll find a couple of alternatives, click “grab the html/bbc code”. you’ll find a code for you to copy, first choose the size that best suits your blog. sometimes the photographer has blocked the share function. then you’ll either have to find another pic and get over it or get a screenshot of it and link the pic to the page where you found it. <- a bit more complicated.

then you open a new entry or the entry where you want to paste the image. find the html-button in your editor, it opens the entry’s code(don’t panic, it’s really pretty simple). all platforms have their own html button, on wordpress it’s very easy to find over the entry editor area.

paste the code in the blank entry or where you want it to be.

when you leave the html editor(just click ‘visual’), the picture is there! with sources and all, so you don’t have to worry about it.

if the image is too big you can pull its corners to make it fit. i’ve forced my images to always be 800px through my css code, saves me a bunch of time.

if you have tips to good tumblr feeds or flickr groups with sources, leave them in the comments!