if you want something you’ve never had you have to do something you’ve never done.

Untitled

gjennom denne bloggen har eg hatt veldig mykje kontakt med unge jenter. mest i tenåra, men óg mange yngre og eldre. mykje av kontakten eg har er per mail om kjærleikssorg og dumme foreldre og einsemd og sex. det er fantastisk å få innblikk i så mange liv i det lange land og andre stadar, men det eg har opplevd som veldig trist er å skjønna kor mange jenter der ute som virkelig overhodet ikkje likar seg sjølv. som ikkje berre skriv det til meg på mail for å få svar eller i dagbøkene sine, men som sender desse tankane ut i universet gjennom facebook, blogg, twitter og instagram.

litt gjennom terapi men mest gjennom å lesa om relasjonar har eg funne ut at når ein seier noko høgt så bekreftar ein det, det føles sant og rett. om ein vaknar kvar dag og tenkjer at ein hatar seg sjølv så blir det til slutt det einaste ein kjenner av sjølvbilde. og når ein sender det ut i universet gjennom internett så er det i alle fall sant, som å skrika det fra den høgaste fjelltoppen framfor alle ein såvidt kjenner, at ein er stygg eller lat eller har for brei hake for smal nase for rund navle. det kjem tilbake som eit ekko og treff deg i heile kroppen, sirkelen startar og sluttar hos deg.

me jenter opplever kvar dag å bli påvirka av alle mulige media som får oss til å føla oss mindre bra. og desse følelsane held oss tilbake frå å gjera alt me har lyst til. eg syns det er på tide å kreva å ha det bra igjen. legg igjen jantelova heime, gi deg sjølv lov til å setta pris på dei gode sidene du har. dyrk det som får deg til å føla deg bra og kutt ut det som ikkje gjer det. i mitt tilfelle betyr det at eg ikkje les eit einaste “kvinnemagasin”, heller ikkje motebloggar eller bloggar som handlar om slanking eller kropp og ingen nyhetsartiklar som startar med “slik får du…”. les heller ingen bloggar skrivne av ekstreme feministar og lar meg ikkje irritera eller såra av vondt meinte kommentarar. eg har ingen venner som er unødvendig negative eller får meg til å føla meg mindre bra. hugs at i vår tid så kan me sjølv velga kva me vil utsetta oss sjølve for. og me har óg i stor grad muligheten til å bestemma korleis me vil ha det. så slett dei der sjølvkritiske postane du har på bloggen eller på twitter, og snakk heller med ein venn om du føler deg usikker og sår. for internett kjem mest sannsynlig ikkje til å hjelpa alls.

(og om du syns det virkar heilt umulig å læra deg sjølv å kjenna og lika. så treng du kanskje meir hjelp enn dette blogginnlegget nokon gong kunne gi. og da er det viktig at du snakkar med nokon som veit kva dei driv med og kan hjelpa.)

translation:
through this blog i’ve been in touch with a lot of young women, mostly in their teens but also younger and older. a lot of the mails is about broken hearts and stupid parents and loneliness and sex. i think it’s amazing to get such an insight into young women’s lives, but what i’ve found to be very sad is how many  girls out there who really don’t like themselves. who don’t just write it to me for answers or write it in their diaries, but who send these thoughts out into the universe through facebook, blogs, twitter and instagram.

through therapy, but mostly through reading about relationships i’ve learned that when you say something out loud you confirm it, it makes it feels true and right. so if you wake up everyday hating yourself it ends up being the only self image you know. and when you send it out into the universe through the internet it’s kind of like screaming it out from the highest mountain top in front of anyone you barely know. that you’re ugly or lazy or your chin is too wide or your nose is too narrow or your belly button is very round. it’ll come back as an ecco and hit you in your entire body. the circle starts and stops with you.

in our everyday life, us girls experience influences from lots of different media that make us feel like shit. these feelings are what keep us from doing things we want to do, so i think it’s time to demand to feel good about ourselves again. leave your negativity at home, give yourself permission to appreciate your own good sides. do what makes you feel good and don’t do the things that make you feel bad. for me, it means not reading a single women’s magazine, no fashion blogs or blogs about dieting or body image. i don’t read blogs by extreme feminists and i don’t let mean comments get to me. i don’t have any friends who are uneccesarily negative or make me feel less good about myself. remember that in our day and age we can pretty much choose what we want to be  influences by. and we also have the possibility to choose how we want to feel. so delete those self critical entries on your blog or on twitter and talk to a friend if you’re feeling vulnerable and upset. because the internet probably won’t help you with that.

(and if you think it seems impossible to learn to like yourself, then you might need more help than this blog entry could ever give you. and it’s important to talk to someone who knows their business and can help.)