sounds from a balcony.

oh mon dieu paris

nokon gongar saknar eg paris sånn at det gjer heilt vondt. saknar ikkje byen, saknar ikkje croque madame eller billig vin. eg saknar leiligheten der eg budde og samtalane eg hadde og vennene eg fekk. korleis det føltes å gå rundt i byen når det var kaldt og vind og eg var aleine og kunne gå så lenge eg ville. saknar sånt eg skreiv på balkongen i leiligheten. tekstar som denne:

frå balkongen her eg bur kan ein av og til høyra store smell som får ein til å tenkja over at ein faktisk bur i ein enorm by med ein god del mindre oppegåande menneske. det får ein til å lura på kva som forårsakar desse smella, den første reaksjonen er alltid at det var ein pistol. men egentlig trur eg at det er heilt andre ting. det er eit homsepar som får sjå kvarandre igjen etter to månadar ifrå kvarandre og knekk alle fire bein på senga samtidig. det er ein megalomaniac som prøver å smelta ei gullbarre i ein mikrobølgeomn. ein høgtalar som eksploderar. ei desperat mor som brukar øks for å komma seg gjennom døra som gjekk i smekklås bak ryggen hennar, med kokande spaghettisaus på komfyren og ein liten ein på alle fire i sparkebukse åleine der inne. kanskje ein bil som køyrer i ein lyktestolpe etter one too many glas vin på brasseriet. eiffeltårnet som kollapsar, metallbitar som sklir mot kvarandre og tek livet av alt på sin veg.

translation:
sometimes i miss paris so much it hurts. i don’t miss the city or the croque madames or the cheap wines. i miss the apartment where i lived and the conversations and the friends i got. how it felt to walk around the city when it was cold and windy and i was alone and i could walk as long as i wanted. i miss things i wrote from the balcony in the apartment. texts like this:

from the balcony where i live you sometimes hear big bangs that make you think about the fact that you live in a big city with a lot of people. it makes you wander what causes these big bangs, the first thought is always a gun. but really, i think it’s other things entirely. it’s a gay couple getting to see eachother again after two months apart, breaking all four legs on the bed simultaneously. it’s a megalomaniac trying to melt a bar of gold in the microwave oven. a speaker exploding. a desperate mother trying using an axe to get through the front door after locking herself out, with boiling sauce on the stove and a small person on all fours alone in there. maybe a car driving into a pole after one too many glasses of wine at the brasserie. the eiffel tower collapsing, metal pieces sliding into eachother, killing everything in its way.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *