soul fuel.

har tenkt litt på det her med å ha tru på seg sjølv i det siste, spesielt etter eg las dette innlegget hos fine clara der ho skriv om at det berre er bra å ha tvil og ikkje vera heilt sikker, men berre køyra på likevel.

det fekk meg til å tenka på at det kanskje ofte på denne bloggen ser ut som at eg har all verdens tru på meg sjølv og alt eg gjer, når det egentlig ikkje er slik i det heile. eg tvilar óg på ting eg gjer og valg eg tar, og eg har mange dagar i senga der eg berre tenker “få deg ein ordentlig jobb!!!” liksom. for min del har det å vera usikker vore ein drivkraft i meg, noko av det viktigaste eg har lært er å lata som. fake it ’till you make it. både for min eigen del og for andre sin del. for når du skriv søknadar til store selskap som skal gjennom tusenvis av sider med draumar og håp så kjem dei mest sannsynlig til å bli usikre óg om ein skriv med ei skjelvande stemme, og prosjektet forblir ein draum. og for sin eigen del treng ein den lille stemma som seier at ein kan sjølv om ein er redd. den stemma som sa ja til spørsmålet om eg ville skriva roman for samlaget sjølv om eg aldri har skrive profesjonelt før.

då eg flytta til paris i fjor hadde eg virkelig ikkje lyst til å flytta til paris. tenk kor mykje meir komfortabelt det var å berre vera i oslo med alle vennene mine og jostein og varmekablar på badet. men eg hoppa i det likevel og det var det hardaste eg har gjort men óg det viktigaste eg nokon gong har gjort for meg sjølv. då eg starta magasinet mitt tenkte eg at sikkert ingen kom til å kjøpa det, eller at de berre kom til å kjøpa det for å støtta meg og ikkje fordi det i seg sjølv var eit bra produkt. og det er noko av det morsommaste eg har gjort og eg fant ut at eg var flink til det.

det er under press at eg har utvikla meg, gjennom ubehag og sveitte handflater at eg har blitt sterkare og meir som meg sjølv. uansett kor mange idéar eg har, har eg meir tvil og fleire tankestraumar om kva som kan gå gale. og det er lov å vera redd og usikker, så lenge ein ikkje lar seg kvela av det. så lenge ein tør å bevisa for seg sjølv at ein tek feil. redsle er gjødsel for sjela: det er ubehagelig og stinkar, men får graset til å gro.

translation:
lately i’ve been thinking about believing in oneself, especially after reading this blog entry(in swedish, i’m afraid). she writes about how good it is to have doubts and not be sure of things but doing them anyway.

it made me think that maybe on this blog it looks like i have it all figured out, like i believe 100% in everything i do and myself, when it’s really not the case at all. i also have doubts about things i do and choices i make, and spend days in bed thinking “get a real job!!!”. for me, being insecure has been like fuel, and one of the most important things i’ve learned is to fake it ’till you make it. mostly to trick myself into doing things but also when it comes to writing applications for big companies to give you money. if you come across as insecure and afraid, chances are they’re going to pick someone else to support and your dreams stay just that. for your own sake, you need that little voice telling you that you can even though you’re afraid. the voice that said yes when being asked to write a novel even though i’ve never written professionally before.

when i moved to paris last year i really didn’t want to move. just think of how much more comfortable it would have ben for me to stay in oslo with jostein and all my friends and our warm bathroom floor. but i did it anyway and it was the hardest thing i’ve done but also one of the most important things i’ve done for myself. when i started my magazine, i thought that noone would buy it or that they would just buy it out of pity and not because it was a great product. but it’s one of the most amazing things i’ve done and i found out i’m really good at it too.

it’s under pressure that i’ve developed, through being uncomfortable and having sweaty palms that i’ve grown to be stronger and more like myself. no matter how many ideas i have there are more doubts and thoughts about what can go wrong. it’s ok to be afraid and insecure, as long as you don’t let it suffocate you. as long as you’re not afraid to prove yourself wrong. fear is like a fertilizer for the soul: it’s uncomfortable and it stinks but it makes the grass grow.