blog tips.

eg får ofte mail fra bloggarar som spør om eg har tips til korleis å få lesarar og meir kommentarar. her er nokon tips eg har fått gjennom mine år med blogging, og nokon av mine frå min eigen erfaring. om det er andre ting de lurer på, får de sjølvsagt spørja i kommentarfeltet!

- ver konsekvent. sett deg ned og finn ut kor ofte og mykje du vil blogga. eg bloggar 1-2 gongar for dagen og det funkar for meg. for andre er det kanskje annakvar dag eller to dagar i veka. det er enklare for deg som bloggar å forholda seg til eit bestemt antal, det tvingar ein til å vera kreativ og førebudd. for lesarane er det óg mykje enklare å forholda seg til ein blogg om ein veit kva ein får og kor mykje ein får. vil anbefala å i alle fall blogga to gongar i veka for å holda på interessa til lesarane.

oh mon dieu paris

- velg tema. velg kanskje to store tema som du bloggar om og nokre små i tillegg. nokre tema eg bloggar om er til dømes kvardag, film, fotografi, livsstil, mat. dei fleste bloggane eg les har heilt klart definerbare tema som dei bloggar om. det er lov til å sjå det an litt óg, eg har til dømes slutta å skriva om musikk fordi det ikkje var så stor interesse for det lenger. men ikkje la lesarane diktera kva du skriv om, det er du som skal skriva bloggen og du som må synast det er interessant.

new york, day five.

- språk. skriv korrekt(eg les ingen bloggar som skriv på dialekt, blir sliten i hovudet av det) og ta språket seriøst. eg har ein del særpreg på nynorsken min som gjer at mange hardcore nynorskfolk får fnatt, men eg syns det er viktigare å nå ut til lesarane og ha eit tilgjengelig språk. det betyr ikkje at eg ikkje tar det veldig, veldig seriøst.

weekend.

- bilder. ingen sjokk at eg syns at fotografi er viktig. ein blogg blir umiddelbart meir tilgjengelig ved bruk av bilder, og eg syns ikkje ein treng å ha proffutstyr for å klara det. eit kompaktkamera eller til og med berre ein iphone gjer seg godt med litt redigering. eg elskar desse bildene som frøy tok med sitt kompaktkamera då ho var i london på besøk. ta mange bilder, og ver flink til å velga. ingen vil sjå fem bilder av det samme. ta med kameraet overalt, ein veit aldri kvar ein plutseleg berre finn eit innlegg i lause lufta. om du brukar andre sine bilder, hugs å linka til kjelda. og once and for all: we heart it, tumblr-feedar eller framsida til flickr er ingen kjelde. kjelda skal gå direkte til fotografen som tok bildet(altså flickr-profilen til fotografen eller heimesida). eg les ingen bloggar som ikkje linkar tilbake til fotografen, for det er berre latskap, dårlig gjort, grådig, uetisk og faktisk óg ulovlig. det er få ting som gjer meg så trist og sint på internett.

new york, day three.

- faste innslag. dette er ganske nytt for meg, men noko eg syns fleire bør gjera; ha faste innslag ein fast dag i veka eller to gongar i månaden. til no har eg starta 10 things(annakvar søndag), fuji fortnight(annakvar søndag), og smileruter(ein gong i månaden). også har eg reglar for meg sjølv på kva som er målet, til dømes at eg legg ut éi bok og ein film i månaden, minst eitt innlegg med bilder av meg sjølv i veka(sidan eg hatar å bli fotografert og ikkje ha kontroll på kamera er dette ei utfordring, men utfordringar er som oftast bra), eitt matinlegg kvar veke osv.

fuji fortnight.

- la deg inspirera, ikkje kopier. ein eigen stil er heilt klart nødvendig for å få lesartalet til å voksa. uoriginalitet er transparent, og til slutt vil det tæra på kreativiteten din og gjera at du mistar dei lesarane du har. det er viktig at lesarane ikkje kan lesa alt du skriv om på andre bloggar, gjer bloggen din uvurderlig. litt kopiering her og der går fint, det er mange fine konsept som har spreidd seg gjennom bloggverda på den måten, men hugs å beholda originaliteten óg. ver ikkje redd for å linka og visa andre kvar inspirasjonen din kjem fra. tidligare i min bloggkarriere gjorde eg veldig sjeldan det, men etter kvart som eg har blitt meir sikker på meg sjølv og bloggen så ser eg ingen grunn til kvifor ein ikkje skal gjera det. alle som inspirerer meg fortener å i det minste bli linka, det er sånn eg ser det.

my birthday!

- ver tolmodig, snill og generøs. og veldig, veldig sterk. om du er så modig at du har ein blogg veit du sikkert at du er utsett for angrep frå heile verda med berre få enkle tastetrykk. gjennom mi bloggekarriere har eg blitt utsett for ganske mykje vondskap i kommentarfeltet mitt. dei første åra vart eg knust kvar gong, no gjer det meg absolutt ingenting. mange sånne vonde kommentarar er kamuflerte som “konstruktiv kritikk”, men hugs at konstruktiv kritikk skal komma frå ein plass med respekt for deg, og det er du sjølv som kan sei om noko føles rett eller feil. eg har funne ut at det ikkje gir meg noko å vera frekk eller prøva å forsvara meg mot desse personane, så anten slettar eg kommentarane eller lar dei stå ubesvart. det er berre dumt å kasta bensin på bålet. men! ofte har eg fått kommentarar med konstruktiv kritikk frå folk som har lest lenge og berre vil hjelpa, og det er det viktig å høyra på og setta pris på. ikkje ver redd for å provosera, men ver klar for kva det kan føra med seg.

saturday.

- grenser. vit kva grenser du har før du startar å blogga. da meinar eg kor personlig og privat du ønskar å vera på bloggen din. eg er veldig personlig i min blogg, og får sjeldan interesse for ein blogg som ikkje er det. eg bloggar om familie ganske ofte, men publiserar aldri bilder av born der du ser ansikt og sjeldan av vaksne i familien min og jostein sin(bildet over er frå svigermor sitt bursdagsselskap i mars). bloggar heller aldri om venner sine privatliv eller kranglar med foreldrene mine, alle sånne vurderingar er nøye gjennomtenkt. eg bloggar gjerne om jostein og om forholdet vårt, men eg er nøye på at me brukar tid saman som er off-limits for bloggen. hugs óg at når du legg ut bilder av andre så utsett du óg dei for den samme kritikken som du er sårbar for med å ha eit kommentarfelt. ver obs, men ikkje ver redd for å dela historiar eller erfaringar frå ditt eige liv. det er dei som har forma deg som skriv bloggen, og derfor interessant for folk å høyra om. ikkje ver redd for å vera flau eller pretensiøs eller ambisiøs eller engasjert.

translation:
i often get mails from bloggers who want to know my tips and secrets to get more readers and comments. here are some tips that i’ve received in my years of blogging, and some of them from my own experience. if there is anything else, you are very welcome to post a comment!

- be consistent. sit yourself down and find out how much you want to blog. i blog 1-2 times a day and that works for me. for others it might be every other day or two days a week. it’s easier for you as a blogger to relate to a specific number of entries a week, it forces you to be creative and prepared. for the readers it’s also a lot easier to relate to a blog when you know what you get and how much you get. i would recommend to blog at least two times a week to keep the readers interested.

- themes. pick maybe two large themes that you blog about and some smaller ones. some of mine are everyday life, film, photography, lifestyle, food. most of the blogs i read have very defined themes that they blog about. it’s ok to wait and see what works too, for example i don’t blog about music anymore because there wasn’t much interest for it. but don’t let the readers tell you what to blog about, you’re the one writing and you’re the one who has to find it interesting to write about.

- language. write properly. i don’t read any blogs written in dialects(mostly applies to norwegian blogs), take your words seriously.

- photos. no shock there, i think photography is very important because a blog is so much more accessible when you use photos. i really don’t think you need to have professional gear to do it either, a compact camea or even an iphone is great with some editing, i love these photos frøy took when she visited me in london(with her compact camera). take a lot of photos, and kill your darlings. noone wants to see five pictures of the same thing. take your camera everywhere, you never know where you’ll suddenly find an entry just hanging in the air. if you use other people’s photos, remember to link the source. and once and for all, we heart it, tumblr or flickr’s frontpage is not a source. you need to link back directly to the photographer(like the flickr profile or a homepage). i don’t read any blogs that don’t state their sources, because it’s lazy, bad manners, greedy, unethical and actually illegal. not many things can make me more sad or angry at the internet.

- features. this is new to me, but something i think more people should do, features on a specific day of the week or two times a month. until now i’ve started 10 things(every other sunday), fuji fortnight(every other sunday) and smileruter(translates to “smile boxes”, once a month). and i set goals for myself, for example to blog about one book and one movie a month, at least one entry with pictures of me a week(this is a challenge since i hate being photographed and not being in control, but challenges are most often good), one food entry a week and so on forth.

- be inspired, but don’t copy. having your own style is necessary to make your numbers grow. being unoriginal is transparent, and in the end it will gnaw at your creativity and make you lose the readers you do have. it’s important that your readers can’t read everything you write about on other blogs, make your blog important to the people who read it. a little copying here and there is ok, a lot of great concepts have spread through the blog world in that way, but remember to keep your originality. don’t be afraid to link and show other people where your inspiration comes from. earlier in my blogging career i rarely did, but since i’ve grown to know myself and the blog better and be more secure, i don’t see why i shouldn’t do it. everyone who inspires me deserves to be linked, that’s how i see it.

- be patient, kind and generous. and very, very strong. if you’re brave enough to have a blot, you probably know that you’re vulnerable to attacks from the entire world through just a few simple clicks. through my career i have been put through a lot of evil in my comments. the first few years i was devastated every time, now i don’t mind it at all. a lot of mean comments are camouflaged as “constructive criticism”, but remember that constructive criticism has to come from a place with respect, and you are the only one who can decide if something feels right or wrong. i’ve found that it doesn’t give me anything to try and be rude or defend myself to these people, it’s like trying to put out a fire by throwing gasoline at it. so i either delete them or don’t reply. but, i’ve often gotten real constructive comments from readers who actually care and want to help, and it’s important to listen to that and appreciate it. don’t be afraid to provoke, but be ready for what it may lead to.

- boundaries. know your limits before you start blogging. limits when it comes to how personal and private you wish to be in your blog. i’m very personal and i rarely get interested in blogs that are not. i blog about my family quite often, but i never publish pictures of children’s faces and rarely of mine or j’s family(the picture above is from my mother in law’s birthday in march). i don’t blog about friends’ personal lives or fights with my parents, everything thought through thoroughly. i don’t mind blogging about jostein or our relationship, but it’s important to me to spend time together that’s off limits for the blog. also remember that when you publish pictures of other people, you also make them vulnerable to mean comments. be aware, but don’t be afraid to share stories and experiences from your own life. they are what has moulded you, which makes it interesting for people to read about. don’t be afraid to be embarassed, pretentious, ambitious or intense.