the more you love your decisions, the less you need others to love them.

det siste halvåret har eg jobba på eit nytt prosjekt, eit stort og ambisiøst prosjekt som eg har gitt mesteparten av energien min til utanom bloggen og romanen eg skriv på med jostein. det har satt andre prosjekt på pause, deriblant andre skriveprosjekt og hjartemagasinet.

å utvikla noko nytt og stort tar ressursar. det tar tid og kreativitet og pengar. ein må skriva søknadar og finna ut kven ein skal senda dei til, utarbeida målgrupper og skriva ned på papir kva ein vil med det ein gjer. ein må skjæra det ut før det er ferdig og legga det på bordet framfor folk med pengar, bankar, kulturrådet, organisasjonar som frifond og trafo, andre relevante organisasjonar for det ein driv med. også må ein gjera hjartet klar for at ikkje alle kjem til å elska idéen så mykje som deg. av og til er det den vanskeligaste biten av alt.

denne teksten skulle egentlig handla om at det av og til er skikkelig vanskelig å gjera det eg gjer, å jobba kreativt utan sikkerhetsnett. og kor skuffa ein kan bli når ein får avslag på desse søknadane, når andre ikkje ser det du ser, når andre ikkje ser potensialet du veit at du har. når dei ikkje tør å ta sjansen på talentet ditt. det var det som skjedde for nokre veker sidan, då eg berre sa takk og farvel til bloggen ei heil veke og reiste på ferie og låg i senga og stirra i taket eller las femten sider i ei bok opp att tre gonger for å få med meg kva det handla om.

men det blir ikkje ein tekst om det. det er viktig for meg at de veit at eg óg støter på problem, det er langt ifra knirkefritt å ha så store draumar og ambisjonar. men det er like viktig at de veit at eg sjeldan gir opp når eg har bestemt meg for noko. me sendte fleire søknadar, til fleire plassar. og forrige veke fekk eg telefon fra ein liten fin bank som sa ja, me vil gi deg pengar, det er eit bra prosjekt. ikkje fullfinansiering, men ein start. også vart det heile snudd på hovudet. den siste veka har eg jobba med ein mockup til korleis det skal sjå ut, snudd det opp ned og sett på det frå alle vinklar. og plutselig er det så veldig, veldig ekte. det er på veg til å skje, og det går fort. forhåpentligvis vil de få vita kva det er i haust ein gong, fram til da skal eg bli fantastisk skuffa og hysterisk lykkelig kanskje tjue gonger.

først er det mange timar med arbeid som står att. mange vurderingar, mange søknadar, mange avslag, eit par som ringer med gode nyhende, hundre tårer og fem glas prosecco. for sånn er det av og til, det viktigaste er at eg trur på det eg driv med. og om eg trur nok på det, elskar det nok, finpussar det, så kjem andre til å forstå, til slutt. ein må berre vera så god at ein ikkje lar seg ignorera.

translation:
the past six months i’ve been working on a new project, a big and ambitious project that i’ve devoted most of my energy too, with the blog and the novel i’m writing with jostein. it’s put other projects on pause, like other writing projects and my magazine.

to develop something new and big takes resources like time and creativity and money. you have to write applications and find out where to send them, define target groups and write down what you want to do with what you do. you have to cut it out before it’s done and put it on the table in front of people with money, banks, youth organizations, other organizations relevant to the project. and then you have to prepare for the heartbreak when someone doesn’t love the idea as much as you do. sometimes that’s the hardest part of all.

this text was supposed to be about it sometimes being hard to do what i do, working creatively without a safety net. and how crushed you can feel when you don’t get the outcome you’ve been working so hard on. when the people with the money don’t see what you see, when they don’t see the potential you know that you have. when they don’t have the courage to go all in and trust your talent. that’s what happened a couple of weeks ago, when i packed up my stuff and left the blog for a week, went on holiday and lay in bed staring at the ceiling or read fifteen pages from a book three times before understanding what they were about.

but it’s not going to be about that. it’s important to me that you know that i sometimes find myself staring at a wall too, that it’s far from easy having dreams this big and being ambitious. but it’s as important that you know that i rarely give up when i set my mind to something. we sent more applications to other places, and last week a nice little bank called me to say yes, we want to give you money, we think it’s a good project. not financing the whole thing, but it’s a start. and then everything turned for the better. the last week i’ve worked on a mockup for the project, planned how it’s going to look, seen it from all angles. and all of the suden it’s so very very real. it’s happening, happening fast. hopefully i can let you know what it is some time this fall, until then i’ll be devastatingly dissapointed and heartbreakingly happy maybe twenty times.

first there are many, many hours of work to be done. a lot of things to decide and applications. a lot of them declined, a couple calling with good news. a hundred tears and five glasses of prosecco. sometimes it’s like that, the most important thing is that i believe in what i do. and if i believe in it enough, love it enough, polish it, other people will understand, in the end. you just have to be so good you can’t be ignored.