new spots in paris.

de som har parismagasinet har jo allereie ein ganske fantastisk guide til paris der. men, sidan eg reiser dit heile tida så tenkte eg å dela eit par adresser her no. så kan de skriva dei opp eller skriva dei ut og legga dei til den, dei som har den. dei som ikkje har den, ein kan framleis kjøpa parismagasinet her.

la favorite
rue rivoli
metro st.paul
oh mon dieu parisoh mon dieu parisparis.paris.
ein ny restaurant på rue rivoli med sjakkruta golv og stor drinkmeny. baconcheeseburgeren me åt var fantastisk, og det var óg den økologiske rosévinen. alle kelnarane er kjekke og alle dei fine maraisfolka sit her dag ut og dag inn.

leiketøysbutikken
rue filles de calvaire
metro filles du calvaire
last day in paris.paris.paris.
her var det eg kjøpte varmluftsballongen min. dei har så mykje fantastiske sprø greier her. som planetar og fly og globusar og kart over paris for hundre år sidan. gå dit om du elskar sånt og har pengar du vil bruka.

rose bakery
rue debelleyme
metro saint-sébastien – froissart
paris.paris.
me åt berre kake, men eg har høyrt av ca ti personar at lunsjen her er heilt super.

merci
111 boulevard beaumarchais
metro saint-sébastien – froissart
last day in paris.last day in paris.last day in paris.
fantastisk lunsj, fantastisk kaffe, i tillegg til å vera ein tre-etasjesbutikk med rare og fine ting til hus og heim og kropp.

translation:
these are four of my new paris spots. la favorite, the toy store, rose bakery and merci.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *