old hollywood.

dette innlegget har tatt meg hundre år å laga, men her er det i alle fall. alle filmane som eg elskar som vart laga før eg vart født. bon apetit!

meet me in st.louis.meet me in st.louis.
meet me in st.louis – 1941.
judy garland var berre 22 år då ho spelte i meet me in st.louis, men sa alltid sjølv at det var den beste filmen ho laga og eg er kanskje enig. åh gud den kvinna. filmen er frå 1944 men er satt til 1904, rundt st.louis’ world fair, og det er så himla interessant å sjå korleis dei to tidene er integrerte i kvarandre. tecnhicolorkjolar og romantikk. regissør vincente minnelli var så himla forelska i judy garland under innspelingen av denne filmen(dei fekk seinare liza! tenk om de ikkje visste at liza minnelli er judy garland si datter.), og det kan ein sjå. ansiktet hennar er så fint ramma inn når ho syng og dansar og snakkar. have yourself a merry little christmas er frå denne filmen og fekk meg til å grina ned i puta fordi det er så lenge til jul og fordi ho er så vidunderlig glitrande vakker.

The Big Sleep 2The Big SleepThe Big Sleep - Bogart, Bacall and Vickers
the big sleep – 1941.
lauren bacall er ein av dei mest fantastiske kvinnene som nokon gong har vorte fanga på film. og humphrey bogart er ein av dei kjekkaste menna. under innspelingen av denne filmen forelska dei seg i kvarandre. det er ein utmerka morsom film, elskar spesielt denne scena.

gentlemen prefer blondes.gentlemen prefer blondes.
gentlemen prefer blondes – 1951.
marilyn monroe på båt på femtitalet. det høyres fantastisk ut og er faktisk det óg. gentlemen prefer blondes er ein så fantastisk feelgood-film, og så enkel å sjå. også technicolor da.

how to marry a millionaire.how to marry a millionaire.how to marry a millionaire.
how to marry a millionaire – 1951.
elskar den! fine fine marilyn monroe, betty grable og lauren bacall. den handlar om tre kvinner som prøver å gifta seg rikt, jakten på millionærane. den er morsom og fin og heilt typisk 1953.

rear window.rear window.rear window.rear window.
rear window – 1951.
grace kelly og james stewart. den handlar om ein fotograf som har fått foten sin knekt og må sitta inne heile dagen lang, og gjennom vindauget sitt ser han på alle naboane sine. det skjer det som han trur er eit mord rett over bakgården, og med hjelp fra kjæresten sin prøver han å finna ut kva som har skjedd. det er ein av dei mest spennande filmane eg har sett i mitt liv, veldig pute-framfor-ansiktet-slutt. de må berre sjå den. kven vil ikkje tilbringa eit par ettermiddagstimar med grace kelly uansett? ♥

sabrina.sabrina.sabrina.
sabrina – 1951.
audrey hepburn spelar sabrina, datter av rikmannssjåfør. ho er superforelska i sonen i familien og det er ein masse lengtande blikk. ho reiser til paris for å gå på kokkeskule. det mest fantastiske er når ho kjem tilbake fra paris og står på bussplassen i sine nye fantastiske franske klede og ingen kjenner ho att.

to catch a thief.to catch a thief.to catch a thief.
to cath a thief – 1951.
ved sidan av grace kelly står cary grant og blinkar i hovudrolla som eksjuvelskurk. hitchcock er verkeleg mester av dei augneblinka der ein sit med puta nesten framfor ansiktet og berre “nei nei nei nei” inni hovudet. den er like spennande i dag som for seksti år sidan.

the seven year itch.the seven year itch.the seven year itch.
the seven year itch – 1951.
filmen handlar om richard sherman som er ein businessmann i new york. han sender avgårde familien for sommaren når det blir for varmt å bu i byen, og sjølvsagt flyttar marilyn monroe inn rett over han. han har ein heilt vill fantasi også blir det sjølvsagt komplisert. fin film!

ps: det er fra denne filmen bildet av marilyn med den kvite kjolen kjem fra!

high society film 1956 grace kelly swimsuit pool swimming vintage 50shigh society grace kelly vintage 50s chiffon emvroidered blue grey ball gown bing crosby
high society – 1951.
dette er den siste filmen grace kelly gjorde før ho gifta seg og vart prinsesse i monaco. derfor er den litt ekstra magisk. grace spelar ei kvinne som skal gifta seg med ein veldig rik mann, men ekskjæresten hennar, jazzmusiker, er framleis forelska i ho. frank sinatra spelar fotograf for eit sladremagasin.

an affair to remember.an affair to remember.an affair to remember.
an affair to remember – 1951.
cary grant og deborah kerr. den vart nominert til fire oscar-prisar. og det forstår eg så himla godt, for den er smart og fin og romantisk og overraskande tidlaus. den handlar om ei kvinne og ein mann som begge har kjærestar, men blir betatt av kvarandre på båten mellom amerika og europa. åh, den får filmhjartet mitt til å banka hardt.

funny face.funny face.funny face.funny face.
funny face – 1951.
om ein hadde spurt meg kva som var den perfekte filmen ville eg ha sagt new york + paris + fred astaire + audrey hepburn + ballongar + blomster + givenchy + lysekroner + technicolor + richard avedon som special visual consultant. så perfekt at det er funny face, da. dør av givenchy-kjolane og av dansande fred astaire og at audrey hepburn er så rar og fin samtidig som ingen andre i verda klarar.

the prince and the showgirl.the prince and the showgirl.
the prince and the showgirl – 1951.
i my week with marilyn spelar michelle williams ei fantastisk marilyn monroe under innspelingen av the prince and the showgirl. for det første: sjå my week with marilyn. den er så fantastisk flott. etter eg og jostein hadde sett den på kino gjekk me rett heim og såg denne. originalen. eg syns det er så fint å anbefala den, for det er ein film der marilyn verkeleg viser kor smart ho er. fordi det er ein britisk film og ikkje ein amerikansk film, er den mykje morsommare enn andre filmar frå samme tid og til og med i dag.

some like it hot.some like it hot.
some like it hot – 1951.
marilyn er så vakker på ein så veldig trist måte her, syns eg. filmen er morsom og så veldig veldig fin og eg syns at det er ein bra plass å starta om ein har lyst til å sjå nokre av klassikarane.

a bout de souffle.
breathless – 1961.
denne må de sjå, og ikkje berre irritera dykk over svartkvitt eller hakkete klipping men heller tenka å. dette er faktisk filma i paris. på femtitalet. akkurat som det var. ingen miksing og triksing, berre akkurat som det var. vakre folk og vakre bygningar og ein kan føla fargane gjennom skjermen uansett. ein får lyst til å klippa håret kort og børsta augebryna med børste og røyka tusen sigarettar om dagen.

breakfast at tiffanysbreakfast at tiffanys
breakfast at tiffany’s – 1961.
forfattar paul varjak(spelt av superkjekke george peppard) flyttar inn i bygget til holly golightly(audrey hepburn, sjølvsagt) og blir betatt av ho som er så rar og fin. ein stjerneklassikar.

paris when it sizzles.paris when it sizzles.
paris when it sizzles – 1961.
paris when it sizzles handlar om gabrielle simpson som er sekretær og som dikterar for viktige menn. ho får jobb hos screenwright richard bentsen, men ho finn fort ut at han faktisk ikkje har skrive eit einaste ord av filmen han skal skriva, og ilag skriv dei filmen på to dagar og ein får vera med inn i alle utkast og påfunn som dei har. veldig morsom og veldig fin. åh audrey hepburn altså. åh paris altså.

the umbrellas of cherbourgthe umbrellas of cherbourgthe umbrellas of cherbourgthe umbrellas of cherbourgThe Umbrellas of Cherbourg
les parapluies de cherbourg – 1961.
catherine deneuve spelar geneviève, datter til ein paraplybutikkeigar. ho er dødelig forelska i guy og får hjartet knust då han må reisa i militæret. oh, og de burde kanskje vita at dette er ein tv-opera. altså syng dei kvart einaste ord. elskar det. dette er den beste motefilmen of all time, saman med les demoiselles de rochefort, óg laga av jaques demy.


how to steal a million.how to steal a million.
how to steal a millon – 1961.
audrey hepburn i paris på 60-talet. tre av tre! den handlar om nicole som prøver å hjelpa pappan sin, ein veldig dyktig kunstforfalskar. også blir det sjølvsagt forviklingar og klining i skapet. åh, den er så fin.

les demoiselles de rochefort.les demoiselles de rochefort.les demoiselles de rochefort.
les demoiselles de rochefort – 1967.
ein fransk musikal frå sekstitalet. filmen handlar om to søstre som bur i ein liten by og dei lengtar mot paris. ein dansar og ein musiker. og den handlar ein masse masse om kjærleik og eit spindelvev av små nydelige historiar som kjem saman. gene kelly er med og smeltar knea mine som smør når han smiler. før innspelingen av filmen malte dei heile byen rochefort i pastellfargar.

pretty in pink
pretty in pink – 1981.
kjærleik og high school-drama fra åtti- og nittalet er heilt klart greia akkurat no. de burde sjå denne filmen minst to gongar. berre ein sånn ting som ein merkar.

translation:
these are the films made before i was born that i love.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *