min guide til oslo.

denne helga reiser eg til norge, så eg tenkte det var det perfekte tidspunkt å oppdatera oslo-guiden min. så her kjem den, litt lagt til og litt tatt vekk. håpar de likar den. her er til og med eit kart eg har laga!


vis oslo. i eit større kart.


shoppa

grünerløkka
friday night.
frøken dianas salonger, markveien 33.
beste butikken i heile oslo. vintage blomsterkjolar i tusenvis og matboksar som ser ut som burgarar, og store gamle plansjar som visar korleis anatomien i auget funkar. dei har både butikk- hund&katt òg, og fantastiske smykker, hårpynt og hattar. for ikkje å gløyme stativet med åttitalsglitterpaljettarhimmel.
velouria vintage, thorvald meyers gt. 34.
ikkje like bra, men veldig bra likevel. dei har flytta til thorvald meyers gt., dei har alltid tilbudsstativ utanfor og dei beste åttitalsgreiene.saturday night.
skaperverket, markveien 60
nederst i markveien, det er eit kollektiv med så himla masse småsprø ting som rosa lausbartar og dei nydeligaste notatbøkene og korta, samt masse masse håndlaga smykker og klede.

blå kors, thorvald meyers gt. 89
gjenbruksbutikk som ligg nederst i thorvald meyers gt., dei har to etasjar der den eine etasjen berre er klede og bøker. det jobbar små søte damer der som nesten alltid har vafler. veldig billig og veldig bra.

longest day of my life.
maritbutikken, markveien 67
har blitt veldig kjent, men likevel ikkje utplukka. her har dei fantastiske møblar for ein ganske billig penge, masse bøker og utrulige mengdar tallerkar/koppar/glas.

palais des thés, markveien 38
ein får ikkje kjøpt bedre te i oslo, dei som jobbar der kan te og hjelper ein å finna fram og vil så gjerne at ein skal få det til rett. ein kan kjøpa så få eller mange gram ein vil om ein berre vil prøva litt ulike smakar, til dømes.

lovely flea markets and trine on our kitchen floor
birkelunden, birkelunden trikkestopp
marknad kvar søndag såframt vêret tillet det, her kan folk leiga seg plass og selga sine eigne ting så det er enorm variasjon kvar gong. mannen me kjøpte vår nydelige lampe av selger sine her, dei er dyre men dei har fått ny innmat så dei er trygge å bruka utan å vera redd for brann.

robot/trabant, markveien 56
to butikkar i markveien med for det meste second hand & vintage. sløyfebonanza og masse vesker og solbriller. dei ligg på kvar si side av gata litt fra kvarandre så berre ver oppmerksom.

markveien
oppskrift på ein bra oslo-dag: gå heile markveien opp til øvrefoss, lunsj på liebling og ned igjen på andre sida av vegen. hopp inn i alle små butikkar som virkar ein millimeter fine.


sentrum & andre plassar

thursday.
tronsmo, kristian augusts gt. 19
beste bokhandelen i heile oslo, dei har dessutan dei finaste pocketbøkene til til dømes murakami som ein ikkje finn andre plassar i byen, dei har hundrevis av fantastiske fotobøker og dei beste postkorta + ein heil etasje med tegneseriar for dei som likar sånt. her sel dei óg magasinet mitt!

henrik vibskov, tollbugt. 15
ein av dei kulaste designerane eg veit om i heile verda, pluss at butikken er superfin óg. dei har eit sjukt utvalg av magasin som ein ikkje får tak i andre plassar.

freia, karl johans gt. 31
ingenting som å gå på freia på den tristaste onsdagen nokon gong for å kjøpa seg eit stykke nougat til tre kroner. eller fylla ein heil pose med berre favorittwisten og sleppa kokos og hasselnøtt.

standard festmagasin
her har dei masker og hattar og påfuglfjær og kostymer og parykkar og ballongar med eller utan helium og glitter og konfetti og falske bæsjar og spel og lausvipper og stort sett alt ein treng til ein perfekt fest.

uff, jernbanetorget 2/storgata
sjukt mykje fine klede, og mykje fint til hundre kroner. dei har ballkjolar og skålar med sløyfer og underkjolar og svære jakker og små skjørt. ein må leita for å finna men når ein finn er det oftast passelig billig.

gutta.
gutta på haugen, ullevålsveien 45
delikatesseforetning der ein kan få kjøpt trøflar og ulike fantastiske pølser og hylleblomstsaft og dyr sjokolade og grønnsaker ein ikkje visste at fantes. ein av gullstjernene i heile oslo.

ark karl johan, karl johans gt.
det ser kanskje ut som ein heilt vanlig ark, men om ein går inn og forbi kaféen(!) med alle dei bra magasina(!) finn ein eit stort område med berre kunstbøker av ulike slag, ein kan setta seg ned i ein sofa om dei blir for store å holda i hendene og der har eg brukt mange timar.

balloon company, parkveien 21
tusenvis av ulike ballongar og dei minste kostar berre tjueto kroner per stk. inkludert helium! også er det ved sidan av tatoveringsstudioet der eg tatoverte meg, oslo ink.

fretex st.hanshaugen, ullevålsveien 12
den beste fretexen i oslo spør du meg. eg er heilt mot unika for det er sjukt kjedelig å bla gjennom stativ med utplukka klede og berre få alt midt i fanget. på st. hanshaugen må ein faktisk leita litt, dei har utrulig mykje bøker og nips, og veldig stor kuppfaktor om ein leitar godt og lenge. mykje lamper og møblar óg.

eta/kafé & kaffe
grünerløkka

friday.
bugges, nesten nederst i markveien(inng. leirfallsgt.)
beste club sandwich og den beste plassen å berre sitta, slappa av, lesa ei bok eller blogga utanfor heime. lite barnevognfaktor.

celebrating.
liebling, øvrefoss 4
liebling er ein sånn fantastisk ny osloinstitusjon som alle elskar. alle som jobbar her er glade, dei har bra mat og sjukt gode terter. gå dit.

last day in oslo.
hotel havana, thorvald meyers gt. 35
eg angrar så på at eg ikkje hang meir på hotel havana, faktisk ikkje før den siste månaden min i oslo. dei har sjukt god granola, og kake og sandwichar.

the last few days.
nam fah, nordre gate 15-17
sjukt bra thaimat. kjøp ta-med og gå i parken og et med øl.

weekend.
kaffe/tim wendelboe, grüners gt. 1
tim wendelboe er verdensmester i baristakunst og eg kan skriva under på at ein ikkje får anna enn fantastisk kaffe her, kanskje med hint av aprikos. også har dei bra kjeks(fra sebastien bruno) for femten kroner.

perfect sunday.
ryes, sofienberggt./olaf ryes plass
femtitalscafé med beste milkshaken i byen. enough said.

celebrating.
villa paradiso, olaf ryes plass

den beste pizzaen i oslo får ein på villa paradiso. og den beste tiramisuen, dessutan. her bør ein bestille bord, for det er stort sett fullt.

things that work.
den lille kokosbollefabrikken, thorvald meyers gt. 18
tretten kroner for absolutt himmel som passar perfekt i håndflata. fantastiske kokosbollar, og ifølge dei sjølv kan ein eta åtte kokosbollar for å komme opp i samme tal kaloriar som eitt wienerbrød, er ikkje det fantastisk vel? johoho.

sentrum & andre plassar
save for web
sebastien bruno, skovveien 6(trikk til niels juels gate, ein ser det fra stoppet)
om eg måtte velga éin favoritt i heile oslo så måtte det bli sebastien bruno. hyller fulle av ulike kjeks og sjokoladar og nøtter som gjer seg som fantastiske gåver. dei lagar makronar med fersk fruktpuré, og pascal sine smakar papp i forhold til sebastien bruno sine skyer, liksom. det er desverre ingen café så ein kan ikkje sitta, men det er fint(om vêret tillet det) å gå til frognerparken med brennande makronar eller kaker i papirposen også setta seg ned på ein benk og eta. sånn ellers gjer dei seg fint etter ein halvtime i kjøleskapet óg, om ein vil eta middag først. best. gå dit.

today's food.
celsius, kvadraturen, rådhusgt. 19
bra lam, nydelig bakgård.

ein liten tysdag.
kolonihagen, frognerveien 33
kolonihagen ligg i ein bakgård så den er liksom litt mystisk og vanskelig å finna, og når ein kjem inn blir ein slått av lufta av ferske økologiske bakverk. her har dei ikkje vanlig skvipebrus eller juice, her har dei berre the real deal. dei har sjukt god kaffe, sjukt gode og store kanelbollar og enorme marengs som ser ut som skyer. best av alt: små sitronmarengsterter som ein dør av å eta fordi det er så godt.

today's food.
la dolce vita, prinsens gt. 22
fantastisk gelato rett ved steen&strøm. nocciola er min favoritt.

thursday.
yaya’s, industrigt. 36(dei har óg ein i øvre vollgt.)
thai beach bungalow. ein sit i små bungalowhytter omringa av bambus og lysslynger og ein gong i timen blir alt lyset slått av også blinkar det med lyn og tordenlydar. veldig god mat, prøv kokospannacottaen til dessert. bestill bord først.

thursday.
yogurt heaven, tullins gt. 5
oslo sin eigne frozen yogurt-café! og den er fantastisk. dei byttar ut smak ein gong i månaden eller så, ein tappar yogurt i koppen sjølv, får pynta med kva ein vil av kjeks og snop og bær, så kostar det per hekto. dei har óg s’mores som er supergøy marshmellows + sjokolade + kjeks.

ofw.
tekehtopa, st.olavs plass
har aldri ete noko hos tekehtopa, men det er den perfekte plassen å ta eit glas vin om ein berre vil sitta ein plass og snakka. ligg vegg i vegg med bar babylon, bra uteplass med gode drinkar.

first letter.
oslo mekaniske verksted, joachim nielsens gang
her kan ein sitta så lenge ein vil og berre lesa bøker eller spela spel eller skriva tekstar om folk rundt seg. dei har ikkje mat, så ein kan ta med seg mat dit sjølv eller bestilla take away dit, ligg menyar ved kassa. dei har krukker med snop og masse fine øltypar. her kan ein feira bursdagar og invitera folk og ta med kaker og ha selskap, ein må berre reservera bord først.

one hour afternoon.
bare jazz, grensen 8
pleide å vera min favorittkafé, og er ikkje det lenger men dei har framleis den beste chai latten i oslo etter min smak. det virkar som alle blogglesarane mine går hit kvar veke dessutan, så kanskje de kan møtast der!

saturday.
bristol, kristian iv’s gt.7
trass i til tider dårlig service, har dei framleis den beste varme sjokoladen i heile oslo, og den må prøvast. laurdagar er det spiseplikt og garderobeplikt, så det er bedre å gå dit på eit mindre forpliktande tidspunkt.

fint å gjera/fint å vita

hair.
balanzera, sofienberggt. 2
min frisørsalong då eg budde i oslo(saknar den så sjukt), den er økologisk og brukar ingen kjemikaliar. det luktar heilt fantastisk av alt dei har av produkt. eg gjekk til trude, men dei er alle flinke. fargen sit i ein evighet.

girls' night out.
revolver, møllergata 32
eg går sjeldan ut i oslo, men flest gongar har eg gått på revolver, i kjellaren. ein av dei få tjueplassane nær youngstorget, dei har bra musikk og fin bakgård og er akkurat passe stort.

thursday.
stortorvet
her kjøper ein blomster og føler at ein er i ein heilt heilt annan by.

saturday.
operabillettar
ein trur kanskje det er dyrt med opera, og det er kanskje sant, men det er få som veit at ein kan få hundrekronersbillettar til nesten kvar forestilling om ein klarar å sitte på barkrakk eller heilt på kanten oppe på balkongen. så verdt det, så kan ein dra fingrane over treverket i veggane på veg ut og drikka musserande i pausen.

det norske teatret
det finst óg ein masse ungdomsbillettar på det norske teatret, som óg er det einaste nynorskteateret i oslo. ein må registrera seg på nett for å få eit sånt kort men så kan ein kjøpa billettar for åttifem kroner til mange av forestillingane.

labdoka, schweigaardsgt. 34(inngang platous gt.)
her framkalla eg filmen min. leo som jobbar der er ein fantastisk flink fyr som virkelig bryr seg om kundane sine. aldri meir framkall hos fotokjedane, dei øydelegg film og drit egentlig i det. det er best å framkalla hos nokon som bryr seg, og leo har til og med frakk. det kan vera vanskelig å finna så de bør sjekka ut kart først, området er komplisert.

bysykkel
om ein har adresse i oslo kan ein få seg bysykkel. det kostar rundt åtti kroner i året, og da får ein sykla så masse ein berre vil, det er stativ i heile byen og ein kan ha syklane i tre timar.

lovely flea markets and trine on our kitchen floor
loppemarked
om ein vil på loppemarknad bør ein sjekke her og her.

things that work.
akerselva
om det er fint ute er det superbra å gå langs akerselva oppover oppover oppover, avslappande og fint. også kan ein stoppa på hønse-lovisas hus for å eta vafler.

saturday.
norsk folkemuseum, bygdøy
om ein er lei av bilder og raude lys og narkomane og asfalt tar ein bussen til bygdøy og går på norsk folkemuseum. ein kan sjå inn i korleis hus var før i tida, ein kan kjøpa lakris eller drops i kremmerhus og alle som jobbar der går rundt i bunad eller skikkelig gamle fine klede.

cherry blossom day.
botanisk hage, tøyen
perfekt søndagsaktivitet. ta med nokon du likar og gå fra veksthus til veksthus til museum til kafé. eller berre gå rundt omkring på området ute, det er fint det óg.

cinemateket, dronningensgt. 16
uavhengig film, her kan ein sjå fransk og skeivt og masse rare filmar som oslo kino aldri hadde turt å sett opp. ei oslo-perle.


thursday.

parkheng
fra april til oktober går eg i parken. teppeparkheng i kubaparken og sofienberg også haustgåturar i frognerparken. topp ti ting med å bu i oslo.


translation:
this is my guide to oslo.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • fiiiin guide!

    det fins en kokosbolle-fabrikk på sagene også. namnamnam. også om man vil ha bra fisk for å lage hjemme kan man dra til bjølsen og gå på laksen. de har til og med hjemmelagde skilt utenfor, skikkelig godstemning.

  • Nå har jeg så lyst til å dra til Oslo at det gjør vondt i hjertet. Vil dra i alle butikkene du skriver om. Og på operaen! Sas.no blir neste stopp!

  • FOR ein fin guide! Gler meg til å ta han i bruk. Og det siste biletet, det av deg, det måtte eg scrolle tilbake til tre gonger.

  • Litt (les: veldig) flaut å ha bodd i Oslo i snart 1 år uten å vite om halvparten av disse fine stedene. Men on the bright side; nå har jeg nye eventyrsteder å gå til fremover, hurra! ;D

  • Jeg elsker Frøken Dianas Salonger og velouria vintage! Men du må spise på The Nighthawk diner. Tror den er på Grünerløkka. Amerikanske pannekaker og et interiør i gjennomført 1950 stil. I baren snakker de britisk, og servitør-jentene har på seg søte kjoler og har sminket seg som audrey hepbrun. Fantastisk!

  • jesus! nå fikk jeg vann i munnen, litt hjemlengsel og veldig lyst på kokos! særlig på kokosboller som sprekker så det knaker ved første bit. åååå….

  • Åh, tusen takk! Du er så bra som lagar til noko så voldsomt og deler fritt. Tør nesten ikkje tenkje på kor mykje jobb du må ha lagt i dette. Gler meg til å utforske Oslo og kome rett på dei bra plassane. Takk igjen.

    • åh som eg elskar det når folk skjønnar kor mykje jobb som går med til sånt. så takk for at du sa det. og verså-verså-versågod! : )

  • Veldig finfin guide!
    Det har kommet et supersøt focaccia-bar (om man kan kalle det dét!) rundt hjørnet for Villa Paradiso, i Markveien. Det er dyrt, men om du ikke får plass på i solen på liebling så kan man jo ta med en deilig focaccia med fyll til parken? Perfekt piknik- mat!
    Også må jeg tipse om Bymuseet på Frogner (vis-à- vis Vigelandsmuseet). Det skal visstnok være veldig koselig- med masse fotografier av Oslo langt bakover i tid. Også kan man jo spise lunsj på Kolonihagen etterpå? Det er nemlig min plan neste søndag :)

    Også må jeg bare tipse om de fine badeplassene oppover Akerselva. Rett før Nydalen er det badeplass, rett etter Nydalen er det badeplass, og helt oppe ved Frysja er det badeplass. Syntes det er så fantastisk med alle mulighetene i byen min jeg. Og best av alt er Grunerløkka <3

    • tusen takk for fine tips! det blir ikkje så mykje utforsking på meg no, sidan eg meir av alt berre vil gjera sånt som eg pleidde då eg budde i oslo. men litt etter litt kan ein jo prøva å komma seg ut av komfortsonene sine igjen. : )

  • Å tusen tusen takk for en herlig Oslo-guide! Perfekt! Jeg trenger ikke å vite hvor jeg kan få kjøpt designerplagg til tusenvis av kroner, jeg vil vite hvor alle de små, spennende bruktbutikkene og perlene er. Du er best!

  • Takk for mange gode tips i hjembyen min :-) Flere som jeg kjenner til fra før av, og mange nye… :-)
    I like your taste, derfor vil jeg besøke alle stedene jeg ikke har vært på før – jeg lover! :-) Og jeg gleder meg sånn til en fantastisk Oslo-vår <3

  • Å, fantastisk!
    Jeg gleder meg til å komme tilbake til Norge igjen, da skal jeg til Oslo med denne guiden.
    Jeg har hørt at du har laget en Parisguide også og at du har publisert det i bladet ditt. Er det forsatt mulig å kjøpe den utgaven?
    Jeg er i Frankrike nå og blir her til Juni. Satser på en Paristur snart og tenker meg at dine råd er akkurat det jeg trenger for å få en perfekt tur!

    Bonne soirée! J’adore ton blog.

  • For en fantastisk Osloguide! Fikk kjempe lyst til å skulke skolen imorgen for å henge på Løkka, men for holde meg i skinnet og vente til neste fridag.
    Fint å se deg smile:)

  • Denne guiden burde legges ut på visitNorway. Bloggere lager Osloguider i det vide og brede, men ingen har vært i nærheten av den her. Virkelig unik!

    ønsker deg en god dag!

    -i-

  • Hei Mariell! Tusen takk for flott guide! Kan se hvor mye tid og arbeid som ligger bak. Herved bokmerket! Jeg var i oslo i forrige uke, det var herlig vårstemning. Var i mange av disse butikkene, og elsker liebling :o)

  • Denne er herved lagra under bokmerker i nettlesaren min! Har vore på nokre av desse; og markedet i Birkelunden = elsk! Eg angrar endå på at eg ikkje kjøpte ei grøn boblejakke då eg var der for nokre år sidan.
    Og mange av desse du nevner, gjer at eg berre gler meg endå meir til å flytte til Oslo etter eg er ferdig med studiene mine. Takk igjen :)

  • Åh, du fikk meg til å savne Oslo som den bergenseren jeg er! Jeg er helt enig med deg, Frøken Dianas Salonger er den aller beste butikken i hele byen, de har så mye fint og rart og spesielt. Jeg kjøpte en burgunderrød clutch som egentlig kostet 190, men siden jeg allerede hadde kjøpt flere vintage-kjoler, fikk jeg den for 150. Det skulle vært flere sånne butikker, der menneskene i kassen virkelig nyter å være på jobb. Aldri mer kjedebutikker for min del.

    Takk for fin guide, forresten! Jeg har lagt den sammen med alle de andre bokmerkene mine, og skal kikke på den igjen ved neste Oslo-besøk. Fine du.

  • Så veldig veldig fin Osloguide! Når jeg drar på Oslobesøk neste gang skal jeg ta med min kjentkvinne og få med meg noe av det jeg ikke har sett før av dette – du kan kunsten å klistre et smil om munnen på en sliten sjel igjen, jeg digger dette!
    Det siste bildet forresten – du er så vakker!