my A's to your Q's – about me.

march 2010

jeg vil at du skal vite dette, ettersom vi nærmer oss kvinnedagen. jeg synes jeg har sett tendenser til mer feministiske innlegg og utsagn fra deg i det siste, og det synes jeg er kanon! jeg mener at denne typen feminisme nesten er den viktigste i 2012, med bilder av normale jenter. at det finnes synlige personer som deg selv, som ikke opphøyer det syltynne idealet og uoppnåelige og ikke minst falske bildet av modeller. vi må heie på hverandre for å få til endring, og det er du flink til! fortsett med det, du er veldig viktig.
oi, takk, dette var ikkje eit spørsmål men eg syns det var så fint så det får stå. håpar kvinnedagen-innlegget mitt vart godkjent. det er vanskelig å skriva om, men eg prøver litt og litt.

hva er din yndlings artist/ditt yndlings band akkurat nå (eller alltid)? 
yndlingssang?
min musikksmak endrar seg heile tida, så eg har egentlig ingen spesiell. elskar bon iver, elskar spice girls. typ.

hvor gammel var du da du fikk den stilen du har i dag?
den stilen eg har no har eg hatt i kanskje eitt og eit halvt år, det endrar seg heile tiden. men eg har gått med kjolar og skjørt sidan eg var rundt femten.

synes du det noen ganger er vanskelig å være seg selv fullt ut?
nei, eg skjønnar ikkje kven eg ellers skulle vera.

kan du legge ut et bilde av da du var 16 år?
nei, det kjem nok aldri til å skje. å sjå på bilder av meg sjølv fra ungdomstida gjer meg berre trist, så det gjer eg ikkje.

hva er din(e) største inspirasjonskilde(r)?
vennene mine, flinke sterke kvinner som står på og kjempar for posisjonar i mannsdominerte yrke eller område. generelt flinke kreative kvinner.

i love you

korleis overlevde du vidaregåande?
eg anar ikkje. men eg gjorde det. og om eg gjorde det, så trur eg at nesten kven som helst kan klara det. for mine tre år på vidaregåande var virkelig ikkje utan komplikasjonar, og eg hadde aldri trudd at eg skulle ha vitnemål. men det har eg.

and a random question: what’s your favourite ice-cream flavour?
mint chocolate chip, licorice, polkagris, nocciola.

hva er din største drøm?
å få vera glad og kreativ alltid.

hva er ditt beste tips mot usikkerhet?
eg veit at det ikkje er det du vil høyra, men eg er veldig sjeldan usikker eller nervøs eller redd. det er fordi eg har bestemt meg for å drita i det. og det var kjempevanskelig først, men no berre gjer eg det. viljen er den sterkaste muskelen ein har om ein berre trenar den. det er den som har gitt meg det meste eg har.

hei mariell, jeg lurer på om dere har lyst på en kattepus, og når du for første gang farget håret rødt!
eg har egentlig mest lyst på ein ovnsrøret, altså ein dachs. smeltar av alle dachsbilder. eg farga håret raudt for eit og eit halvt år sidan.

jeg lurer på hva du gjør når du kjenner at hendene blir klamme, hjertet dunker og hele kroppen sier nei, nei, nei bare av tanken på å gå ut døra og møte hele skumle verden? når du føler deg ensom i et rom fullt av mennesker? hvordan man finner ut hvem man er og hva som er meningen med å leve?
det er jo tre veldig forskjellige spørsmål. men for å svara på dei to første: ofte pressar eg meg sjølv til eit punkt der eg kjenner meg heilt kvalm og jævlig. angst er ein motherfucker, for å bruka store ord, men det er det virkelig, og det einaste ein kan gjera er å kjempa mot, tøya strikken akkurat nok til at den ikkje sprekk midt i trynet på ein. det har eg gjort alle gongar, for in the end føler eg meg mykje bedre av å gå ut og bli utslitt av å vera rundt så mange menneske, enn å bli i senga heile dagen. ein må pressa seg sjølv, men samtidig sjølvsagt passa på at det ikkje blir for mykje. finast er det om ein har ein venn som ein kan snakka med gjennom det verste. som for eit par veker sidan då eg fekk eit angstanfall på toget saman med frøy så snakka eg meg berre gjennom det, pusta og snakka og så var det berre over. sånn er det for meg, men det er veldig individuelt fra person til person.

korleis ein finn ut kven ein er, det veit eg desverre ikkje. eg har ikkje sjølv hatt denne eksistensielle krisa og kan ikkje peika på eitt punkt i livet og sei “der vart eg til”. eg trur det er viktig å berre ikkje stressa det så veldig, ikkje vera så redd, gjer ting som ein syns er gøy, ting ein er flink til, med folk ein er glad i, også våknar ein ein dag og gjer alt med den største sjølvfølga fordi ein er komfortabel i seg sjølv.

lurte litt på dine tanker omkring økologi? er det noe du tenker over eller går etter i feks. matbutikken eller andre steder?
her i england er dette med økologi dritvanskelig. i frankrike er det mykje, mykje enklare med ein masse bio-alternativ. om eg fekk velga skulle eg kun eta økologisk kjøt, men det er ikkje tilfelle no desverre. neste gong me flyttar håpar eg å få bu i nærleiken til ein waitrose-butikk. der har dei bra utvalg og gode økologiske produkt.

hva gjør man når man føler seg så liten og fanget, er lei og redd alt, når man drømmer seg bort vært bidige sekund og ikke klarer å fokusere på noe som helst?
da finn ein ut kva problemet egentlig er, også gjer ein noko med det. for meg, om eg hadde hatt det sånn, så hadde eg nok måtta pakka ein liten sekk og reist ein annan plass for ei lita stund.

har du noen guilty pleasures?
elskar paradise hotel! dette kom som eit sjokk for dei fleste då eg reveala det mens forrige sesong gjekk. syns det er heilt fantastisk. det er få ting som sjokkerer meg, men det klarar dei gang på gang.

hva gjorde du rett etter videregående?
låg i graset mykje. flytta til oslo og starta på fotoskule. grein eit heilt badekar fullt då pappa reiste etter han hadde vore med oss og flytta.

ble det slik du hadde tenkt?
nei, absolutt ikkje. det vart tusen gongar bedre.

hva var drømmene dine på den tida?
berre å vera glad. det er som regel det som er drømmen min. å få vera kreativ kvar dag og vera glad.

og hvordan har du det?
eg har det bra! forrige veke var dårlig, denne veka blir bra.

yndlingste?
peppermynte.

morgenvaner?
eg har ingen morgonvaner, for eg våknar aldri før om formiddagen.

livvssyn?
ingen.

ehm, vet dette kanskje er et litt vanskelig spørsmål, men hva er favorittsangen din? har du et minne til den?
eg har nok ingen favorittsong. men satie er det einaste som passar meg kva dag som helst.

kan du beskrive ungdomstiden din?
det er det vanskelig å gjera i få ord. då eg gjekk på ungdomsskulen hadde eg ein gjeng med venner som eg ikkje har no lenger, har null kontakt med nokon av dei. dei var som ungdomsjenter flest. eg lengta egentlig mest vekk, så eg flytta heimefrå då eg var 16. flytta inn med mi nye bestevenninne, ti minutt å gå til døra til han som eg ville ligga tett inntil kvar natt. vgs var fantastisk og heilt fryktelig samtidig, det skjedde mange vonde ting, og eg hadde det ikkje noko bra med meg sjølv. men eg vart kjent med menneske(lærarar såvel som venner) som har forma meg til den eg er i dag, og det ville eg ikkje vore foruten.

hva har du i nattbordsskuffen?
eg har ingen nattbordsskuff. men eg hadde hatt magasin, ei pyttelita flaske parfyme og ei bok.

hvor får du alt motet ditt fra?
fra meg sjølv.

my birthday

trivdes du på skolen?
barneskulen: nei. ungdomsskulen: tjaei. vgs: ja og nei og ja.

hvor er ‘fristedet’ ditt – stedet hvor du slapper 100% av og bare nyter det å gjøre ingenting?
eg får nesten ingen nytelse av å gjera ingenting. eg er den personen som jobbar i badekaret. det er det som er så skrudd når ein ein gong hadde ein hobby som sklei over til å bli jobb. eg slappar veldig av i senga mi heime hos mamma og pappa, egentlig generelt hos dei, når eg er rundt vennene mine og fredagskveldar med hovudet i fanget til jostein med krim på tv. også i gamlahuset, om sommaren, når ein våknar av sola som strålar inn vindauget og alt luktar sol og ein kan eta jordbær til frukost.

kan du komme med flere boktips?
eg tipsar så fort eg les nokon bra! men eg kan ikkje lesa bøker berre for å blogga om dei, og eg kan ikkje skriva om bøker som eg ikkje elskar berre for å gi fra meg tips. så, eg lovar å tipsa når eg les noko verdt å tipsa om.

først må jeg bare si at jeg elsker bloggen din så uendelig. den gir meg så mye glede og inspirasjon hver eneste dag! så lurer jeg på om du har lest boken tonje glimmerdal av maria parr? hvis ikke du allerede har gjort det anbefaler jeg den på det sterkeste. det er den fineste, morsomste, tristeste og mest fantastiske boken jeg har lest!
tusen takk! har faktisk ikkje lest den, men eg har vaffelhjarte på nattbordet og så snart me har lest ut åtte små, to store og en lastebil skal me lesa den. : )

lurte også på om du kan dele din absolutte favorittmatrett.
lammelår og fløytegratinerte poteter. <3 og det må vera mamma og pappa som har laga det. skal heim til norge om berre litt, gler meg så sjukt sjukt sjukt over himmelen mykje.

kva gjer deg så innmari modig?
eg veit ikkje, det har tatt lang tid og ein masse prøving og feiling. men eg har alltid tatt sjansar og vore sjølvstendig. mamma seier at eg har gjort kva eg ville sidan eg var fire år. det er nok litt å overdriva, men eg trur det er viktig å høyra på seg sjølv og ikkje sjå så mykje til andre.

liker du best pose-te eller teblader?
begge deler.

kan du spille et instrument?
eg kunne spela tverrfløyte på barneskulen, no spelar eg kun datamaskin.

hvordan var du som seksten-/syttenåring?
eg var veldig mykje sjuk av angst og hadde masse problem som holdt meg tilbake. eg hadde himla mykje fraver på skulen og nokon gongar låg eg tre-fire dagar i senga i strekk. men eg hadde det mykje gøy óg, drakk raudvin frå flaska bak busker og baksnakka lærarane mine med folka i klassen. budde på hybel og åt wok og pannekaker annakvar dag og aldri frukost. eg budde med fredrik, det var fantastisk, me bygde fort av puter og tepper i stova og såg disneyfilmar og hadde piknikar i hagen. eg var så himla lykkelig og så himla deprimert samtidig, ei veldig forvirrande tid. og eg er glad at eg ikkje er den personen lenger.

hvordan klarer du å leve i nuet?
sånn eg ser det er det den einaste måten å leva på, for meg. og kvifor skulle ein ikkje villa det når det er no at kirsebærtrea blomstrar? kvifor skulle ein da villa leva på noko som har skjedd for lenge sidan?

har du tips eller ideer til hva ei 19 år gammel skolelei jente kan gjøre etter videregående?
eg syns det er viktig å slutta å stilla sånne spørsmål til nokon som ikkje kjenner ein, og heller setta seg ned og finna ut kva ein sjølv vil. også laga ein plan. også gjera det. eg har tatt valg som har vore rette for meg, men som er heilt på trynet for dei fleste andre. så lenge ein har mot og tolmod kan ein gjera kva som helst, ein må berre vita kva ein vil gjera først. og det må komma fra hjartet. ditt.

har du noen tips til en jente som begynner på videregående til høsten?
ingen tips, men ein sak som eg ofte tenker på er at eg skulle ønska eg kunne gjera vidaregåande på nytt. for det var ei fantastisk tid med mykje utfordringar og morsomme fag og flinke lærarar som var heilt eineståande menneske. men det såg eg ikkje da. da såg eg berre eit berg med skulearbeid som måtte gjerast og var generelt veldig negativ. så mitt tips må vera å vera positiv og respektera folk rundt deg. sei ifra når noko ikkje er greit. høyr på når folk snakkar. og ikkje fortel foreldrene dine absolutt alt.

translation:
answers to the questions you asked, about me.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg tror også at å leve i nuet er den eneste måten å leve på. Akkurat nå skulle jeg ønske at nuet var litt annerledes, men slik er livet. Kos deg i Paris!

  • Jeg skriver selv på bokmål, men har alltid hatt en viss forkjærlighet for nynorsk. Elsker bloggen din. Du lyser opp en til tider grå hverdag <3

  • Jeg elsker bloggen din! Leser den hver dag. Du er en stor inspirasjonskilde!
    Når det er sagt, hvor kan man skaffe kameraet som ble avbildet i dette innlegget?

  • du er så fryktelig flott, mariell! jeg liker så godt at du er ærlig og personlig, uten å være privat (om du skjønner hva jeg mener). du inspirerer meg så uendelig mye på alle måter

  • Du rørte meg med de ærlige svarene dine! Du minnet meg på at livet er deilig med prøving og feiling, det skjer ikke hvis man ikke prøver. Finne ut hva som er bra for nettopp deg. Tusen takk!

  • Jeg visste at jeg likte bildene dine, og jeg visste at jeg likte måten du formulerer deg på. Jeg visste også at bloggen din generelt gir meg så mye inspirasjon at det føles som om jeg bobler over – uten at jeg helt får utløp for det…
    Etter dette innlegget – jeg bøyer meg i støvet for deg. For en fantastisk person du virker å være – og for en jobb du har gjort med/for deg selv.
    Igjen – du inspirerer meg… på absolutt alle områder. Jeg finner ikke ordene. Du… Nei, jeg gir meg der tror jeg, så det ikke blir mer overdådig enn det allerede har blitt ;-) Også avslutter jeg med et enormt t a k k <3

  • Tusen takk for svar, kjære Mariell. Å være en smart, søt og tøff jente uten noen “problemer”, men allikevel ikke klare å gå ut døra, for ikke å snakke om å stå opp av senga er vanskelig, men nå gjorde du det titusen ganger lettere. Som hun over meg sier, etter dette innlegget bøyer jeg meg virkelig i støvet for deg. Den respekten og beundringen jeg har for deg som person er så stor, og jeg vil at du skal vite at.. ja, jeg og vi alle er her alltid for deg.

    Du er fantastisk, fine Mariell Øyre, og idag skal jeg prøve frisk luft og folk for første gang på noen uker pågrunn av deg.

    (Paradise Hotell blir fort stemplet som et hjernedødt program, men jeg ser nesten på det som en studie av hele menneskeheten! :D)

  • Mariell, jeg har jo fulgt bloggen din i noen år nå, og det er så nydelig å se hvor mye du har vokst og hvor klok du er til å være så ung. Svarene dine er inspirerende, og det er så flott at du snakker om balansen mellom å jobbe med seg selv og det som er vanskelig, og samtidig ikke presse seg over kanten. Det tror jeg er veldig viktig.

  • åh, mariell du er så bra at jeg blir nesten litt svimmel!! jeg elsker også paradise hotel, hahahaha. godt å se at du også har overkommet angsten din. jeg er sånn ca halveis på vei. greier det ganske bra, men sliter litt fremdeles. måtte btw lese igjennom hele bloggen din nå fordi jeg hadde glemt at du skiftet platform og glemte liksom bloggen din litt fordi det ikke kom noen oppdateringer. nå er jeg glad :D x