my A's to your Q's – work.

ville du levd på budsjett og gjort det du ville karrieremessig, eller vært helt ute av ditt eget skall, jobbet hardt og fått mye penger?
å leva på budsjett kan jo bety så mangt, men eg ville definitivt valgt lykke over pengar. om det er det som er spørsmålet.

først må jeg si at jeg elsker bloggen din. den er så inspirerende! uansett så lurte jeg på om du kunne ha en liten fotoguide?
tusen takk! eg har laga ein fryktelig grundig fotoguide, den ligg i sidemenyen her under FAQ.

også lurte jeg på hvordan du har blitt så utrolig flink?
som med alt anna, ein må øva for å bli flink. også har eg lest mykje teori, og brukt tusentals timar i photoshop sidan eg var femten år. eg gjekk media og kommunikasjon på vidaregåande og var ein ok elev på fotofagskulen eit halvt år i oslo(men droppa ut før eksamen for å laga magasinet).

har du begynt å arbeide med magasinet om london? og når regner du med (ca) at det skal være klart?
eg har satt magasinet på pause på ubestemt tid. eg jobbar akkurat no med eit større prosjekt som lignar, men meir kan eg ikkje sei. de vil ikkje bli skuffa, det lovar eg.

how in the world do you start making your own magazine? perhaps you have already answered this question, but i haven’t seen the answer and i’m just so unbeliveably curious. i would pretty much be a top dream of mine, crazy beautiful, simply.
well, it takes a lot of courage and a lot of money to begin with. a clear idea of what you want to do and the tools and skills to do it is also very important. and then, if you have those things, then you get to mail all the people you admire to ask them if they would like to participate!

er du deg selv på bloggen, eller er det noe mer bak denne vakre mariell?
eg er sjølvsagt mykje meir enn desse to innlegga for dagen. eg tek bevisste valg heile tida om kor privat eg har lyst til å vera i denne bloggen, og beskyttar hjartet mitt ein del mot bloggen. det er ei evne eg har opparbeida meg etter mykje dårlige erfaringar og som eg er glad eg har. min regel er sånn: om eg ikkje hadde hatt lyst til å snakka om det framfor ei stor forsamling menneske, ikkje skriv det på twitter/facebook/bloggen. eg er tøff og profesjonell i tillegg til å vera denne bloggen. det er nok det viktigaste. uten dei to tinga hadde ikkje bloggen vore så bra som den er, men det betyr ikkje at eg alltid viser desse tinga i bloggen.

og om du trives med å jobbe litt i den vintagebutikken du har snakket om, du som har vært din egen sjef så lenge?
nei, i grunn ikkje, så det gjer eg ikkje lenger. eg jobbar litt for ho som eig butikken, men ikkje bak kassa lenger. meir med events og nettside og sånne gøyale ting.

lurte på en sånn fotopraktisk greie  hvordan lagrer du alle bildene dine? du er en stor inspirasjonskilde mariell!
takk og oh, fint spørsmål! eg legg inn alle bildene fra kamera gjennom bridge. bridge er eit bra adobeprogram, det sorterar alle bildene mine etter datoen eg la dei inn. i bridge kan ein gå gjennom bildene og markera dei ein vil ha. sidan eg tar bilder i rawformat, må eg konvertera dei til jpg før eg kan bruka dei til noko. så eg redigerar dei i rawkonverteren i bridge og lagrar dei i ei ny mappe sortert etter månad og år. sånn: bloggbilder > 2012 > mars. så lastar eg dei opp til flickr og kopierar kodane over hit, om det er bloggbilder altså. for bryllup har eg eigne mapper som heiter navnet på brudeparet + bryllup. ein gong annakvar månad eller så, legg eg over filene mine til ein ekstern harddisk. alle bildene eg ikkje brukar, slettar eg. det gjorde eg aldri før, men eg har blitt kynisk/lur.

er det på noe måte mulighet å kjøpe nr.1 og 2 av hjartemagasinet?
ikkje som det er no, desverre. me har nok problem med å få sendt ut dei bestillingane me har på nummer tre. det er svigermor som har tatt over utsendinga, og ho har fått problem med skuldra som gjer at ho ikkje får driva med så mykje sånt no. men eg har eit par 2-arar liggande her, så send meg ein mail så kan eg fiksa det herfra. nummer éin finst det faktisk ekstremt få igjen av, så eg må heller få sjå kor mange som finst når eg kjem heim og får samla dei ihop. alle som ventar på nummer tre: dei kjem. det berre tar uhorvelig lang tid som det er akkurat no.

lærte du mye foto og photoshop når du gikk på vgs, eller har du lært deg mye av det selv? eller, spørsmålet er vel heller om du fikk lære mye grunnleggende på skolen før du begynte å utforske videre selv?
jeg har veldig lyst å bli flinkere til å ta bilder, og har veldig lyst å lære meg photoshop, sånn at jeg kan redigere bildene mine ordentlig, og få det til akkurat sånn jeg vil, men jeg vet liksom ikke helt hvor jeg skal begynne.. har du noen tips?
eg begynte å fotografera då eg var omtrent 14 år, kjøpte mitt første speilrefleks med konfirmasjonspengane mine. så eg kunne ein god del om både photoshop og fotografering generelt lenge før eg starta på vgs. sidan har eg brukt photoshop nesten kvar dag, men det er ikkje før det siste året at eg føler at eg har blitt skikkelig flink. photoshop er eit fantastisk og enormt program som tek mykje tid å læra seg, men ein må berre ikkje gi opp sjølv om det er kjedelig å ikkje få det til sånn som ein vil. ein bra måte å læra på er tutorials! det vil seie 1-2-3-guidar til kva ein skal gjera. søk opp tutorials gjennom kva du vil at bildet skal bli, typ “dreamy photoshop tutorial” og litt etter litt blir ein meir komfortabel og plutselig så kan ein snarvegar og lagar actions og heile pakka. det er fantastisk gøy!

A path of blossoms

hva jobber du med om dagene, bortsett fra boka til deg og jostein?
denne bloggen tar opp ca seks-sju timar av min jobbdag, med innlegg som skal lagast, bilderedigering, tekst, research og å svara på mail. også har eg eit par andre prosjekt på gang som eg jobbar med når eg har tid og lyst.

bare lurte på noe.. kan du fortelle litt om objektivene dine og de forskjellige innstillingene du bruker på kameraet når du tar enkelte bilder?
om du ser i menyen så finst det ein fin link som heiter “my photography”. det står alt om utstyret mitt. innstillingane er ikkje viktig, egentlig. det som er viktig er at ein har godt utstyr og at ein kan å bruka det.

jeg har lyst å kjøpe et analogt kamera, har sett en del på diana f+. har du noen du vil anbefale?
om du aldri har fotografert med eit analogt kamera før, vil eg sei både ja og nei til diana. på den eine sida er den sjukt enkel i bruk om ein berre følger det som står i infoen ein får med, på den andre sida så lærer ein ingenting om korleis eit “ordentlig” analogt kamera fungerer. så om eg var deg, ville eg fått tak i eit gamalt fungerande 35mm-kamera. med mindre du berre vil ha fine morsomme bilder og eit kamera som er enkelt i bruk. i så fall er diana perfekt.

kan du si noe om hva som går gjennom hodet ditt når du fotograferer portretter? jeg synes dette er vanskelig å få til uten at det blir standard og klisje, og lurer på om du har noen tips. takk for det lange innlegget om foto for litt siden, har blitt mye mer takknemlig og oppmerksom på lyset når jeg nå tar bilder.
så fint at fotoinnlegga mine har hjulpe deg! det gjer meg glad. eg pleier å fotografera folk som eg kjenner, så eg veit kva knappar å trykka på og dei stolar på meg. det syns eg ein kan sjå, både i kvardagsbilder og kunstportretta mine. eg går meir etter følelse enn komposisjon. det er nok ikkje så nyttige tips, men sånn gjer eg det ihvertfall.

har du noen andre hobbyer enn å blogge (som vil si ta bilder og skrive)?
bloggen er ikkje ein hobby, bloggen er jobben min. : ) fine hobbyar som eg har: å laga spelelister på spotify, å utforska london, å skriva, å prøva vintagekjolar.

Flower Fields

hvordan startet du å blogge?
eg berre gjorde det. det er så enkelt, at det er liksom ikkje noko å tenka på om ein har lyst, det er berre å gjera det. også vips begynte folk å lesa og da var det gjort.

i currently came across your blog and it is so lovely. what a sweet life you live!
i wonder what was your motivation to start blogging in the first place (you’ve probably answered that questions 1,000 times, but i couldn’t seem to find an answer!)? and what did keep you blogging when you did not have so many readers/followers as you now got?
wow, thank you so much! well, i started blogging when i was 18 years old. i just thought it was fun doing, didn’t do it for the readers or the comments. i wanted a place to show off my inspirations, collect it so that i could appreciate it when i got older. and then it just sort of turned into my job. i think you should always blog because it’s fun and not with followers or comments as your main motivation. of course, it sucks when you work hard at something and people don’t appreciate it but hey – that’s life. and if you work hard, then people will notice it.

tar du mange polaroidbilder?
nei, berre om eg har film eller har ein spesiell idé.

har du nokon tips til dei som treng påfyll av inspirasjon for å kunne halde fram med å forfølge ein svært ambisiøs og fantastisk draum?
det som inspirerer meg mest, er vennene mine. men det er jo vanskelig å berre oppdriva ein gjeng fantastiske ambisiøse menneske som ein i tillegg går overens med. så eg seier å reisa. det gir meg alltid påfyll når eg treng det, blir sprekkeferdig av inspirasjon av å skifta location eit par dagar.

du blogger alltid om så fine filmer på bloggen din. kunne du laget en liste med dine favoritter?
alle filmar eg bloggar om er bra, det er derfor eg ganske sjeldan bloggar om filmar. så om du ser gjennom film&tv-arkivet mitt, finst det kun gode filmar og tv-seriar der.

hvilke forskjellige drømmer om å bli forskjellige ting har du hatt gjennom livet?
då eg var liten ønskte eg å bli interiørarkitekt. sidan eg var 14 har eg villa bli fotograf. og det er er jo. : )

translation:
my answers to questions you’ve asked me, about my jobs.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Har fått jobb-PC gjennom min første jobb som lærer, og kan endelig lese bloggen din hjemmefra igjen. Veldig fint og oppmuntrende på slutten av en lang dag. Takk for arbeidet!

  • Jeg har dårlig samvittighet for at jeg ikke har kommentert så mye på bloggen din tidligere, for både du og bloggen din gir meg utrolig mye inspirasjon og livslyst. Sender varme tanker til deg

  • hei,
    jeg ble plutselig nysgjerrig på fotograferingen din. den mer tekniske delen av det. så nå sitter jeg og prøver å finne frem til det du har skrevet om det. sitat fra dette innlegget: “fotoguide, den ligg i sidemenyen her under FAQ.”, men denne finner jeg ikke igjen! har du mulighet til å lenke opp på nytt (vet det er et gammelt innlegg)? evt om du har noen nye lignende sider?