my A's to your Q's, about travel, london and paris.

tampere

kunne du kanskje ha fortalt litt om hvordan det er å flytte til london? hva er det beste og hva er det beste? er det slik du trodde det skulle bli? (jeg har tenkt å flytte til london når jeg er ferdig med vgs, og jeg er meget nysgjerrig).
eg skriv på eit innlegg om korleis det var å flytta til london, men det eg kan sei er at mest av alt var det så himla einsamt. folk her er ikkje som i norge, dei seier at dei skal ringa også gjer dei det ikkje – alt er veldig flytande. det beste med london er kor ufattelig mange alternativ som finst her(og at paris berre er tre timar unna med tog). det verste er kor stor byen er og kor lang tid som går med til reising fram og tilbake.

kjem de aldri til å flytte attende til noreg, trur de?
i alle fall ikkje dei neste ti åra, sånn eg ser det. me trivst best her ute i den store verda, oslo er så lite og eg ser ikkje for meg at eg kunne vore komfortabel med å bu i ei bygd heller. da er det bedre å bu i storby og reisa heim til sogn på ferie, som me gjer no.

jeg har tenkt på å gå skole i london til høsten og gleder meg noe helt fantastisk. hva er yndlingsstedet ditt i london?
richmond park. og angel.

det jeg lurer på er om du trives i london?
ja. og du anar ikkje kor godt det føles å sei det, for fram til berre ein månad sidan hadde eg så hjartevondt av denne byen at eg berre ville vera alle andre stadar enn her. no er dette min by.

hvorfor liker du ikke øst-europa?
dette har eg svart på alle stader der eg har skrive at eg ikkje er så interessert i å reisa til aust-europa. eg har vore mykje i aust-europa og har berre aldri likt meg der, har fått slengt ting etter meg/oss på gata og har generelt følt meg utilpass. det betyr ikkje at eg syns aust-europa er ein forferdelig plass med forferdelige menneske, berre at eg heller reiser andre stader når eg vil på ferie.

hvilke del av london bor dere i og trives dere der?
me bur i sør-aust, ikkje så langt unna new cross, der jostein går på skule.

a corner of our room

hva er favorittstedet ditt i london( en park, en cafe, en butikk osv..)?
richmond park.

hvor lenge tror du dere kommer til å bo i london?
veit ikkje. det kan vera to år, det kan vera ti. på eit eller anna tidspunkt vil eg bu i paris igjen, men ingenting er bestemt.

favorittby?
paris.

jeg, søsteren min, og faren min skal til london 18 mars til 21 mars. bare en liten tur. jeg vet vi ikke rekker å se veldig mye på disse dagene, men har du noen tips til hva vi ikke må gå glipp av? og hvor i byen er det greit å bo, som er sentralt, både nær shopping, og fine steder? må ikke være sånne typiske turistattraksjoner!
eg kjem desverre ikkje til å legga ut nokon byguide enda, eg sparar det til anten ein guide eller neste magasin. men, om du skrotar litt rundt på bloggen så finst det gode adresser, har jo til og med starta ein eigen serie med londonintervju nettopp for dette formålet. sjå kategorien “om london”. alt smakar dessutan betre om ein må jobba litt for det. : )

jeg har akkurat fått vite at jeg har kommet inn på master på goldsmiths neste år, og lurte på om du hadde noen tips til områder der det er fint å bo i nærheten? jeg vet ikke om dere bor nærme skolen eller ikke, men i så fall, har du noen generelle tips om new cross? vil forøvrig bare slenge med at dine innlegg har satt et smil på ansiktet mitt utallige dager der ingenting annet har kunnet oppmuntre meg, så takk for det!
gratulerer! me bur i hither green/lewisham, det er eitt togstopp unna new cross. har ikkje vore noko særlig i new cross, desverre. alt eg veit er at i deptford bridge er det litt fin vintageshopping og ein fin økokafé(men ikkje bu der, skikkelig dårlig område). eg ville budd i lewisham/hither green/greenwich, med tanke på skulen. eller kvar som helst langs overground-linja. mange goldsmithselevar bur i aust-london, rundt hoxton eller shoreditch high street, for derfra går det linje direkte med overground. det er eit bra tips!

eg lurer på kva topp 3 ting eg og kjærasten absolutt må sjå/gå på/ete hjå når me reiser til london. sendte deg ein mail men fekk ikkje svar så då tek eg sjangsen her  veit du sparer ting til neste magasin, men eit par ting kan du vel kanskje tipse om?
seier som eg gjorde over her. eg har lagt ut plenty tips, det er berre å leita så finn ein.

glass i handen

skal dere flytte til nyc? hva skal du der?
me skal på ferie til new york, skal vera der i tolv dagar. det er fleire år sidan eg og jostein har vore på ferie ilag og berre slappa av og oppdaga, utan familie eller jobb.

hva er ditt drømmereisemål?
det er alltid paris. og heim til mamma og pappa og søster.

hva gleder du deg mest til akkurat nå?
paris-reisa som eg skal på om eit par dagar!

har du vært utenfor europa?
nei. men om ein månad har eg det!

har du vært mye i london før du flyttet dit? og hva var grunnene til at akkurat det ble byen.
nei, eg hadde vore i london tre gongar før eg flytta hit. jostein kom inn på skule her og eg måtte vekk fra oslo. så vart det berre sånn.

i tillegg vil jeg spørre deg om hvilke steder i oslo, paris og london som er dine absolutt favorittplasser?
oslo: frognerparken. paris: jardin du luxembourg / pierre hermé. london: richmond park / the breakfast club.

Musée Rodin

hvor bør man gå først, og hva bør man gjøre først når man er i london for første gang?
ein bør researcha ein masse for å finna fine plassar som matchar interessene til seg sjølv. eg brukar titals timar på research før eg reiser ein ny plass. google er din venn.

og hvordan er det med visum og sånne ting nå når dere bor i london, og da du bodde i paris?
treng ikkje visum for å bu verken i london eller i paris.

men, jeg har så lyst til å finne en fin veskebutikk. gjerne med celine… har du noen tips til meg?
i london har dei fleste department stores celine. sjekk ut om liberty har det, da ville eg gått dit.

hva er ditt beste oslotips til ei som skal bli student oslojente til høsten?
ikkje ver redd, ring mamma eller pappa når du går heim om kvelden uansett om du ikkje er redd(det hjelper dei óg), og heng ein masse masse masse i frognerparken. kjøp kjolar på frøken dianas salonger, et lunsj på bugges og ikkje bry deg om personalet(ofte sure) eller liebling og elsk personalet(alltid glade), kjøp kaffe på tim wendelboe, et middag på villa paradiso.

har de planar om å feire 17.mai i england?
har ikkje eingang fått tenkt på 17.mai enda, feirar påske i new york. men ja, jo, me har ingen planar om heimreise for nasjonaldagen.

kva gjer du for å takle heimlengsel? nokre fine tips?
eg skypar med venner, snakkar med dei fleste vennene mine kvar dag. ringer til bestemødrene mine ein gong i månaden eller så, sender sms med mamma og pappa. av og til lagar eg mat som minnar meg om dei. det treng ikkje å vera så vanskelig å letta på smerten, sjølv om det krever litt tiltak no og då.

translation:
my answers to your questions about travel, london and paris.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hei.
    Jeg bestilte magasinet ditt, Paris utgaven for lenge siden, men har enda ikke fått det. Er det noen grunn til det, eller er det bare å smøre seg med tålmodighet? Jeg gleder meg veldig til å lese det, skal til Paris i høst, og håper jeg kan få litt inspirasjon til hvor jeg må dra mens jeg leser.

    Synne

    • du kjem i alle fall til å få det, det lovar eg. akkurat no er det komplisert fordi svigermor, som står for utsendinga av magasin, har ei skade i skuldra og ikkje får driva med sånt. så me ligg på etterskudd, men det betyr ikkje at du ikkje får magasinet ditt – berre at det tar tid. takk for at du spurte så fint, eg veit kor frustrerande det kan vera når ein ikkje får noko ein har betalt for. suss.

  • Jeg gleder meg veldig til Londonguide. Kjenner ikke London så godt, men har hilst på en del ganger – liker godt de gamle, små teaterne med fløyelsstoler og pausevin, parkene og den buldrende tuben (jeg tenker nemlig alltid på Neil Gaimans’ Neverwhere når jeg sitter på tuben, og det er ganske fint i grunnen).