hår.

eg har eit nytt hår. altså, det er det samme håret som eg alltid har hatt, men istadenfor å anten ha det rett som ein spiker eller krøllete som ein åttitalsdraum, har eg no eit nytt regime som er av meir den volumiøse sekstitalstypen. laurdag tok eg bilder i photo booth mens eg fiksa det, tenkte at de kanskje ville sjå.

1. heilt vanlig hår, vaska det dagen før og lot det lufttørka. brukar kun økologiske produkt når eg dusjar, fra kevin murphy. og hårkur ca kvar tredje hårvask. vaskar håret omtrent kvar fjerde dag. 2. for å krølla håret brukar eg ein wand. altså ikkje ei tang. eg syns det er mykje, mykje bedre for meir naturlige krøller. eg har ganske lang sideskill, så eg tar det håret som ligg øverst, liksom lokket, på den tyngste sida, og klemmer det fast på toppen med ei hårklemme, for det tar eg sist. så krøllar eg forsiktig. altså ingen korketrekkarar, eg held kanskje fem sekund på kvar krøll før eg lar den skli av, brukar aldri meir enn 190 grader på tanga og brukar varmebeskyttelse fra kevin murphy. 3. så er håret sånn som ortodokse jødar. det skal det ikkje vera. så eg bøyger meg framover og ristar og drar fingrane gjennom, og børstar med ein vanlig børste frå baksida mot framsida. 4. så tar eg fram rettetanga og rettar litt overalt så det blir litt meir tona ned krøllar. tuperar under for volum.


og sånn ser det ut til slutt!

translation:
this is how i do my hair now: curl it softly(about five seconds per curl) with a pearl wand from remington, shake it out and then brush it from the inside to the outside. then i use my straightener to make it more sixties than eighties. i back comb it for volume, et voila!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *