beer and bows.

We children of the zooHotel de passe, rue Quincampoix 19321964

å vera feminist betyr(ifølge ordboka og meg sjølv) å ønska like rettigheiter og rettsvern for menn og kvinner. det betyr å tru på at kjønna er like mykje verdt, at kvinner og menn skal få lik betaling for den samme jobben og at alle skal ha rett til å bestemma over sitt eige liv og sin eigen kropp. feminisme handlar om å kunna velga. det betyr at eg kan velga å vaska huset i den finaste kjolen eg eig, krølla håret og vera så fnisete eg berre orkar.

eg er feminist på ulike måtar. då eg var yngre betydde det å sitta på seminar med SU, i ring på golvet, og snakka om porno. no er det meir lavmælt og kvardagslig, men det er ein av dei viktigaste arenaa for feminisme, syns eg. gjennom jobben min med bloggen og magasinet får eg sjansen til å løfta fram flinke og kreative kvinner . i forholdet mitt får eg lov til å ta halvparten av oppvasken og laga halvparten av maten, opna halvparten av dørene og tjena meir enn halvparten av pengane(og vera himla takknemlig for at min framtidige mann er minst like mykje feminist som eg). i vennskapa mine får eg snakka om sex ned til dei små detaljane i knirkete skinnstolar på hotel bristol og trøsta knuste hjarte med dårlige romantiske komediar og iskald stratos – uansett kjønn.

ein av grunnane til min store lidenskapelige kjærleik for internett er at det er ein arena som ikkje diskriminerer. kven som helst kan få starta ein blogg eller ei nettside og skriva om kva dei vil, anten det er liberalisme eller modellfly. her kjem nokon kick-ass nettsider: heile hello giggles, men spesielt serien som heiter women working to do good og desse to innlegga body image is still a thing, apparantly & from slut shaming to weight shaming, let’s just stop, okay?. rookie, som tar opp viktige tema som sex og kropp og korleis å laga ei veske ut av ei bok, og fine innlegg som how to not care what other people think about you og do it yourself. TEDtalks, spesielt courtney martin: reinventing feminism og hanna rosin: new data on the rise of women. og alle jentene eg har skrive om i innlegget all the girls, som er der ikkje fordi dei er kvinner men fordi dei er flinke til det dei gjer.

i dag feirar eg kvinnedagen med sløyfe i håret og øl fra halvlitersflaske. og eg håpar at de óg feirar den. akkurat som de vil.

translation:
being a feminist means(according to the norwegian dictionary and myself) to want equal rights for men and women. it means believing that the genders are equal, that women and men deserve equal pay for the same job and that everyone has the right to decide over their own lives and bodies. feminism is about choice. it means i get to choose to clean my apartment in my favorite dress, curl my hair and giggle as much as i possibly can.

i’m a feminist in different ways. when i was younger it meant going to seminars and sitting on the floor in a circle while talking about porn. now, it’s a more quiet and every day kind of feminism, but i think that’s one of the most important arenas too. through my job with this blog and my magazine i get the opportunity to support and showcase talented and creative women. in my relationship, i get to do half the dishes and make half the food, open half the doors and earn more than half of the money(and be eternally grateful that my husband to be is equal amount feminist as me). in my friendships it means i get to talk about sex down to the detail in big noisy leather chairs at fancy oslo hotel restaurants and mend broken hearts with bad rom-coms and ice cold chocolate – regardless of sex.

one of the reasons for my passionate love for the internet is that it’s an arena that doesn’t discriminate. anyone can start a blog or a website and write about what they want, from liberalism to model air planes. here are some kick ass websites: all of hello giggles, especially the series women working to do good and these two posts body image is still a thing, apparantly & from slut shaming to weight shaming, let’s just stop, okay?. rookie, where important subjects such as sex, body image and how to make a bag out of a book come up, og fine innlegg som how to not care what other people think about you and do it yourself. TEDtalks, especially courtney martin: reinventing feminism and hanna rosin: new data on the rise of women. and all of the women i wrote about in my list all the girls, who are there not because they are women but because they are so good at what they do.

today i celebrate the international women’s day with a bow in my hair and a pint of beer. and i hope you celebrate it too. any way you want.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *