60.

Red

1. kor gamal er du om fem år?
26 år.

2. kven var du minst to timar rundt i dag?
jostein, som vanlig.

3. kor lang er du?
169 cm.

4. kva var den forrige filmen du såg?
det var første sesong av prime suspect frå 1991. og det var ingen film, men det føltes sånn. fire timar på éi sak!

5. kven ringte du sist?
jostein.

6. kven ringte deg sist?
jostein.

7. kva stod på den forrige sms’en du fekk?
“javisst! nästa onsdag klockan 5? kran”.

8. føretrekk du å ringa eller senda sms?
absolutt senda sms.

9. er dine foreldre gifte eller skilte?
gifte sidan eg var fire år.

10. når såg du mamman din sist?
i fjor. så sjukt lenge sidan.

Yellow Bag.

11. kva farge har du på augene?
grøne med ein ekstra grøn ring rundt.

12. når våkna du i dag?
klokka kvart over ti, tidligare enn eg pleier.

13. kva er din favorittjulesang?
all i want for christmas is my two fronth teeth, eller i want a hippopotamus for christmas.

14. kva er din favorittplass?
uteserveringar i marais eller kva park som helst i mai.

15. kva plass likar du minst?
bygda i ungarn.

16. kvar trur du at du er om ti år?
i london, paris eller new york med babies everywhere og ring på fingeren og søvnlaus og lykkelig.

17. kva skremte deg mest om natta som liten?
døden. det høyres fælt ut, men det var det óg.

18. kva fekk deg til å le hardt seinast?
bloopers frå modern family på youtube, tina fey.

19. kor stor er senga di?
queen size heiter den her.

20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
macbook pro!

21. søv du med eller utan klede?
utan.

22. kor mange puter søv du med i senga?
to. eller fire om eg har ein dårlig dag.

23. kor mange land har du budd i?
3.

24. kvar har du budd?
årdal, sandane, oslo, paris, lærdal, london.

25. likar du sko, sokkar eller berrføtt?
strømpebukser kvar dag!

26. er du sosial?
ja og nei. helst vil eg vera heilt aleine minst tjuefire timar i veka.

27. kva er din favorittis?
nocciola, mintsjokolade og lakris.

28. kva er din favorittdessert?
creme brulée og alt med bær.

29. likar du kinamat?
ja, om den er god. likar ikkje sånt som berre er olje og smakar ingenting. likar vårrullar og dumplings og nudlar.

30. likar du kaffe?
elskar kaffe. ønskar meg nespressomaskin til bursdagen min, ps. ♥

A Simple Heart

31. kva drikk du til frukost?
smoothie eller vatn eller eple-te.

32. søv du på nokon spesiell måte?
i skjei. jostein er storeskjeia som passar på mens eg ligg i kroken hans, liksom.

33. kan du spela poker?
absolutt ikkje.

34. likar du å kosa?
helst seks timar daglig sammenhengande.

35. er du eit avhengighetsmenneske?
nei.

36. kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
nei, faktisk ikkje.

37. vil du ha born?
ja, eg vil ha fleire.

38. kan du nokon andre språk enn norsk?
engelsk, også kan eg forstå ein god del tysk og fransk.

39. har du nokon gong vore i ein ambulanse?
ja.

40. føretrekk du havet eller eit basseng?
basseng. havet skremmer meg på ein måte som eg aldri har klart å forstå.

41. kva brukar du helst pengar på?
reiser og bra mat ute og bær til frukost.

42. eig du dyre smykker?
forlovelsesringen min frå dior.

43. kva er ditt favorittprogram på tv?
eg ser fryktelig mykje på tv på internett(me har ingen tv-tv), jobbar ofte med tv liksom i bakgrunnen, det funkar veldig fint for meg for da latar eg som om eg ikkje jobbar. eg elskar criminal minds, glee, house og gossip girl. dei seinaste seriane eg har sett alt av er 30 rock, modern family, up all night og homeland. homeland er fantastisk, sjå den.

44. kan du rulla med tunga?
ja!

45. kven er den morsommaste personen du kjenner?
jostein, pappa og mine nærmaste venner. elskar å vera rundt så mange hysteriske menneske.

46. søv du med kosedyr?
nei.

47. kva har du som ringelyd?
desverre er det iphone sin eigen marimba.

48. har du klesplagg frå du var liten?
ja, det ligg mange på loftet hos mamma og pappa. syns det er så fint å tenka på.

49. kva har du nærast deg no som er raudt?
ein stor kate spade-pose.

50. flørtar du mykje?
ja, men med jostein da.

51. kan du bytta olje på bilen?
absolutt ikkje.

52. har du fått ei fartsbot nokon gong?
nei, for eg har aldri eingong køyrt ein bil eingong ein meter.

53. kva var den forrige boka du leste?
tina fey si nyaste bok.

54. leser du avisa?
leser nrk og aftenposten sine nettaviser, og eg prøver å avvenna meg fra dagbladet som har blitt så sjukt dårlig.

55. abonnerer du på noko magasin?
britiske elle, material girl, lula og purple.

56. dansar du i bilen?
kanskje litt.

57. kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
høyrer aldri på radio! eg er for å velga underholdning sjølv og å kunna ta ut dei delane eg ikkje er interessert i. derfor har eg ingen tv og derfor høyrer eg ikkje på radio. podcasts av og til, men egentlig ikkje.

58. kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
“12:15 notting hill” i filofaxen min. for eg skal til frisøren om ein time nemlig.

59. når var du i kyrkja sist?
bryllupet til ragnhild og jostein forrige sommar.

60. er du lykkelig?
ja, det er eg!

lista har eg lånt av sandra og oversatt til norsk.

translation:
a list of 60 Q’s and A’s! please try the google translator.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *