on the side & on top.

burgers.ein burger er ofte ein burger. men, eg syns. at burgeren ligg i tilbehøret. forrige veke åt eg og jostein denne med karamellisert raudlauk, ananas, jarlsberg(<3), vanlig burger, dijon-lime-saus og grove rundstykker som brød. og no kjem litt burgertilbehørsoppskrift:

karamellisert raudlauk/raudlauksmarmelade:
3 spiseskjeier smør
3 raudlaukar, i like tjukke halvmåneskiver
ein halv kopp sukker
ein kopp raudvin
ein fjerdedels kopp raudvinseddik(eg brukte vanlig tørr eddik)
salt og pepper

smelt smøret i ei stor panne på medium varme. hiv lauken oppi og steik dei til dei begynnar å bli mjuke, ca fem minutt. senk varmen til lav og fortsett å steika til lauken er mjuk, omtrent ti minutt. tøm sukker over, tilsett vin og eddik og skru varmen opp til det begynnar å bobla lett. la det bobla til væska fordampar og blir som ein syrup, ca 15 minutt. smak til med salt og pepper, og det var det. me har den øverst under toppbollen.

søtpotetsfries:
2 søtpoteter
god olivenolje
salt, pepper, krydder

sett ovnen på 225 grader celsius. kutt søtpotetene i ønska storleik, hugs at det er viktig at dei er like tjukke så dei steiker likt. hiv dei oppi ein bolle og ha olje over og bland rundt sånn at alle bitane har eit lag olje på seg. så tømmer ein over dei krydra ein likar. eg brukte masse spisskummen, salt og pepper. legg dei éin og ein på eit bakepapir på ei plate, dei må ikkje vera i kontakt med kvarandre. ha inn i ovnen i ca 15 minutt, så tar du ut brettet og snur dei og inn igjen 15 minutt til.

saus:
eg pleier berre å sjangsa når eg lagar saus, men til burger er desse ingrediensane bra: creme fraiche, majones, lime, dijonsennep, honning, olje, salt, pepper. det har me på botnbollen og ved sidan av til søtpotetene.

translation:
these are recipes for things we like to eat with burgers. here is the recipe for red onion marmalade, here is the one for sweet potato fries and a great sauce/dip, i add dijon mustard to mine, and don’t use oregano, onion powder or parsley!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *