alone in london.

notting hill119
eg er ganske så dårlig på å vera aleine. historisk dårlig. men ettersom eg har blitt meir og meir trygg på meg sjølv og i mitt eige selskap har eg lært meg å setta pris på tida eg har for meg sjølv. for eitt år sidan var det mitt største mareritt, men i dag då eg fulgte jostein til toget som skulle ta han til gatwick også til norge for helga var det ingen tårer. berre smil og ha det fint og god tur og tisekundskyss. og det finst så mykje eg kan gjera mens eg er aleine som eg ikkje gjer ellers og som eg skal via helga mi til:

eta eggerøre minst ein gong for dagen.

sova frå fem om natta til eitt på dagen.

lesa bøker i senga.

eta kyllingsalat til middag kvar dag med ei glasflaske ingefærøl til.

svara på eit langt langt intervju eg har fått på mail.

bestilla time hos frisøren.

sjå film med sara sjølv om ho er i noreg, setta den på samtidig og sei ifrå når det er dopause.

baka dei beste rundstykkene som finst, kanskje hundre stykk også ligg dei i frysen til søndagsfrukostar og ekstra lange februarformiddagar.

laga mange blogginnlegg og fylla opp i utkastboksen sånn at det berre er til å trykka på publiserknappen om eg blir for opptatt med å sitta på café ein dag.

leita etter stoff om mi neste reise og kan sitta i timesvis i researchhimmelen, og med ei notatbok og ein penn skapa rammene for turen vår til NY i vår. <3

begynna å sy på sengeteppet som er eit av måla mine for 2012.

gå på marknad på laurdag, anten aleine eller med ein ny venn.

sitta på golvet i stova med chopin på høgt høgt volum og klippa ut alle flotte bildeseriar frå magasin eg har kjøpt det siste halve året – eit rituale eg gjer nokre gongar i løpet av eit år som eg verkeleg forgudar. brukar skarp kniv og legg dei forsiktig i plastlommer så eg har dei til eg er åtti og skal hugsa kva eg elska då eg var tjueein.

skriva på boka utan å tenka på kor mykje klokka er.

translation:
i’m pretty bad at being alone. but since becoming more and more comfortable around myself and in my own company i’ve learnt to appreciate my time alone. one year ago it was my biggest nightmare, but today when i took j to the train that was going to take him to gatwick and then to norway for the weekend there were no tears. only smiles and have fun and safe journey and ten second long kisses. and there are so many things i can do while i’m alone that i don’t usually do and some of those things i am going to dedicate my weekend to.

like: eat scrambled eggs at least once a day. sleep from five in the morning until one in the afternoon. read books in bed. eat chicken salad for dinner every day with bottled ginger beer. reply to a very long interview in my mail inbox. book a session at the hair salon. watch a movie with sara even though she is in norway, put it on at the same time and pause during toilet breaks. bake the best rolls there are, maybe hundred of them and put them in the freezer for sunday breakfasts and extra long februarydays. make many new blog entries so i can just push the publish button if i get too busy at a café. research new york for our trip there this spring! start sewing our new bedspread, one of my new years resolutions this year. go to a market on saturday, alone or with a new friend. sit on the floor in the living room with chopin blasting out of the computer and cut editorials out of magazines from the past six months, which i do a couple of times a year. i cut them out and put them in plastic pockets and i’ll save them until i’m eighty so i can remember what i loved at twentyone. write for our book without thinking of what time it is.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Å vere aleine er nok ein vanesak. Å lage lister over fine ting ein kan gjere nettopp fordi ein er aleine, slik du har gjort, er lurt! Trur du får ei fin helg, eg :)

  • Mariell! Jeg savner løyndom-prosjektet ditt. Det var så sinnsykt bra gjort av deg. Har du tenkt på å gjøre det igjen?

  • En super samling planer for alenetiden! Håper helgen din blir skikkelig flott, for det kan den, selv om du skal tilbringe den i ditt eget selskap. Kos deg, Mariell!

  • jeg liker å være alene. er alt for asosial. men jeg tror man kun kan oppleve komplett lykke først når man godtar selgselv fullstendig og er glad i seg selv. er så mange som ikke er det, dessverre, jeg inkludert.

  • ja! jeg har jo en del alenetid. veldig mye for tiden. så jeg er for den der med høy chopinmusikk særlig, og så gjøre noe fint man blir glad av imens. heia alenehelgen din!

  • Det er utrolig viktig å kunne trives i sitt eget selskap. Jeg koser meg veldig når jeg er alene. Da kan man synge superhøyt og spille piano midt på natta og spise tomatsuppe til frokost, lese ut en hel bok eller sortere platesamlingen sin. Når man ikke er sammen hele tiden setter man jo kanskje mer pris på hverandre når man er det, óg? Det gjelder også for venner og familie i mitt tilfelle.

  • Good for you! I was actually in this situation last weekend, when my husband flew to another country for a quick weekend surprise birthday party. I stayed with family and friends, which in a way was a good breakthrough for me in facing my fear of being an imposition. Have fun doing all the things you wish ^^.

  • åh, mariell!
    jeg var i NY i desember, og det var så utrolig magisk! jeg hadde høye forventninger, men det var jammen utrolig mye mer fantastisk enn jeg hadde sett for meg.
    også traff jeg matthew grey gubler på gata utenfor NYU. vi snakka om wes anderson og norge og han var så hyggelig og morsom, og hvem i all verden treffer han på gata, liksom. new york er så bra. aller aller aller best er brooklyn, da. det er så utrolig koslig og har fine hus og afroamerikanere som freestyle-rapper på gatehjørnet og latina-mammaer som sier til barna at de skal “slap yo lil’ behind” om de ikke er stille.
    new york, altså. jeg må bo der en gang.