sunday, hour by hour.

one photo an hour, sunday.
11:00
våknar og ligg i senga ganske lenge og ser på jostein og planlegg dagen i hovudet mitt, skriv litt om på eit avsnitt til boka og står opp.

one photo an hour, sunday.
12:00
et frukost. special k med blåbær og ei skive rista brød med verdens minste syltetøyglas som eg stjal med meg fra eit hotell.

one photo an hour, sunday.
13:00
ryddar litt mens jostein er på skulen, legg saman sokkane hans og rer opp senga.

one photo an hour, sunday.
14:00
reiser heimefra og mot aust, plukkar opp jostein på vegen.

one photo an hour, sunday.
15:00
framme på shoreditch house og plukkar opp kinobillettar! me hadde bestilt sofa og det fantes tepper og puter og puff og alt som ein ellers saknar ved å vera på kino.

one photo an hour, sunday.
16:00
er framleis i kinosalen, illustrert ved denne kjekspakka som vart heilt tom.

one photo an hour, sunday.
17:00
kino ferdig, obligatorisk filmsnakk ute på gata. me såg oslo, 31.august. den var fantastisk og heilt grusom samtidig. det var fleire nordmenn enn ikkje i kinosalen óg, veldig rart.

one photo an hour, sunday.
18:00
går rundt i shoreditch, leitar etter burgerar men finn ingenting. forbannar heile austlondon for at det ikkje berre kan vera seg sjølv og går innom fine butikkar istaden.

one photo an hour, sunday.
19:00
halvvegs inn i denne pizzaen som me delte. sjukt god med sopp og pesto og karamellisert raudlauk og masse salat på.

one photo an hour, sunday.
20:00
skypar med frøy, får heimlengsel og et ein salmiakki-pinne for å drømma meg tilbake til saltlakrisland.

one photo an hour, sunday.
21:00
jostein har laga halloumisalat med epler og pasta. sjukt godt.

one photo an hour, sunday.
22:00
me startar på det eine nyttårsforsettet vårt og ser ein bond-film!

one photo an hour, sunday.
23:00
ser framleis film med ein kopp mørk sjokolade i fanget.

one photo an hour, sunday.
00:00
tek oppvasken og puttar ting tilbake der dei høyrer heime. typisk fin søndagsaktivitet.

one photo an hour, sunday.
01:00
ligg i senga og les bok og magasin mens jostein jobbar. av og til må ein berre skru av internettet og lesa noko.

one photo an hour, sunday.
02:00
planlegg arbeidet som skal gjerast dagen etterpå, skriv notatar og skriblar idéar til blogginnlegg. eg tenker alltid best tidlig på natta.

one photo an hour, sunday.
03:00
jostein kjem og legg seg, han les bok til meg på senga akkurat no, det er så koselig at ein nesten får fnatt. han les åtte små, to store og en lastebil. ein av mine favorittbøker som liten. eitt kapittel kvar kveld. også sovnar me i skjei og det var den søndagen.

 

 
11:00 i wake up and stay in bed for quite a while planning the day in my head, re-writing a paragraph of the book. 12:00 breakfast! a bowl of special k with blueberries and a slice of toast with jam that i stole from a hotel. 13:00 i tidy up the apartment, put josteins socks with their spouses. 14:00 i leave home and meet jostein half way. 15:00 at shoreditch house, picking up our tickets! we had ordered a couch and there were blankets and pillows and everything you usually miss at the cinema. 16:00 still at the movies, illustrated by this (empty) box of cookies. 17:00 movie over, mandatory movietalk on the street. we sat oslo, 31.august. it was great and painful at the same time. 18:00 we walk around shoreditch looking for burgers but no luck. we end up browsing through vintage shops instead. 19:00 half way into this pizza that we shared. delicious with mushrooms and pesto and caramellised onions. 20:00 skyped with frøy, get home sick and eat a salmiakki lolly, salty licorice makes me feel like i’m home. 21:00 j made halloumi salad with apples and pasta, so good. 22:00 we begin one of your new years’ resolutions and watch a bond film! 23:00 still watching the movie with a cup of chocolate in my lap. 00:00 i do the dishes and put things back where they belong. 01:00 flip through a nylon and read my book while jostein works. 02:00 do some work planning for the next day, write down some notes and ideas. 03:00 jostein comes to bed, he’s reading me one of my favorite childhood books. such a nice thing to do. then we fall asleep as two spoons as usual and that’s the end of my sunday.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *