my favorite cafés.

(dette var egentlig til januarversjonen av bloggmagasinet streetstyle, men! dei har lagt magasinet på is ei stund, så derfor legg eg det ut her istaden. håpar de likar det!)

å gå på kafé er ein av mine favorittgreier kva dag som helst. å utforska nye delar av ein by og setta seg med ein cappucino og eit magasin og sjå på folk, forestilla seg at ein bur rett rundt hjørnet og handlar mjølk på dagligvaren over vegen.

cafés.her er mine beste kaféar:

oslo: kolonihagen, frognervn. 33 (i bakgården)
fantastisk økologisk restaurant og bakeri, med den mest fantastiske sitronterta og scones med jordbærsyltetøy. om sommaren kan ein sitta ute i sola og nyta blomsterbutikken som ligg vegg i vegg, om vinteren kan ein sitta oppe i ein krok og sjå ut på snøen. ekstra: liebling, øverst i markveien. perfekt jobbcafé. + bugges, midt i markveien. fantastisk club sandwich(men ofte fantastisk dårlig service, så hold ut.)

stockholm: classic tea room, rörstrandsg. 25
stort og fint tea room med fine fløyelsmøblar og gamalt engelsk servise i tungt porselen. borda står langt ifrå kvarandre så ein kan snakka om hemlisar mens ein bestiller afternoon tea og får eit etasjefat med dei mest fantastiske bakverk. ein velger te frå ei bok og ho som eig det er så himla søt. bestill bord på forhånd.

paris: mamie gateaux, 66 rue du cherche-midi
våren 2011 budde eg i paris, og dette var plassen eg gikk til når byen gjorde hjartet mitt om til ein kald stein. for i denne bittelille kaféen kan ein kjenna korleis hjartet tinar i takt med å tygga bit for bit inn i den mest ekstravagante pistasje&kirsebær-terta som nokon gong har eksistert. ligg rett rundt hjørnet for le bon marché, som jo er eit salgspunkt i seg sjølv.

london: the breakfast club, camden passage
breakfast club er london for meg. her finst det fine hipstergutar og søte kjolejenter, dei har ein fantastisk meny som kun inneheld comfort food, med cheeseburgerar og pannekaker med vaniljekrem. happy hour er 6 – 8, då kostar drinkane 4.80. pasjonsfrukt mojito er greia. beste beste vorspielplassen, og dei aller kjekkaste kelnerane.

 

translation:
this entry was for a magazine, but they’ve gone out of business so i’m posting it here instead. hope you like it! going to cafés is one of my favorite things. exploring new parts of a city, drinking a cappucino and a magazine and just people-watch and picture what your life would be around the corner.

oslo: kolonihagen, frognervn. 33 – amazing organic restaurant and bakery. try the lemon tart or the scones with jam. stockholm: classic tea room, rörstrandsgt. 25 – a great tea room with velvet furniture and old english china. the tables are far apart so you can share secrets while you order afternoon tea, book a table before you go. paris: mamie gateaux, 66 rue du cherche-midi – in the spring of 2011 i lived in paris, and this is where i went when my heart felt as cold as stone. the pistacchio and cherry tart is the best one ever, and the café is around the corner from le bon marché. london: the breakfast club, camden passage – cute hipster guys and sweet dressed up girls. they have an amazing menu: comfort foods only, cheeseburgers and pancakes with vanilla cream. happy hour is 6-8, the drinks are 4.80(passion fruit mojitos are the best). a great place for a pre party! (and handsome waiters)

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *