sjølv om det ikkje er noko kaldare enn norsk haust her i london enda, lengtar eg allereie mot vår. mot kirsebærblomar og parkvêr. eg elskar parkar så himla høgt, skulle ønska eg hadde min eigen. no tenkte eg at me skulle sjå på parkbesøk eg har hatt dei siste to-tre åra.
den første dagen me var i kubaparken, den første hausten i oslo. så himla ung eg var da, sjølv om det berre er to år sidan. og eg hadde brunt hår og mykje tyngre hjarte enn no.
eit par dagar før han fridde sat eg og sara og janne i kubaparken, åt masse frukt og spelte kort og snakka om den mystiske pakken som hadde komt frå paris og at eg trudde det snart kom til å skje og fniste så eg trudde hjartet mitt skulle knekka.
den junidagen då me sat i kubaparken med thaimat og plutselig såg jostein komma gåande med ein diorpose i hånda. han spurte om eg ville vera hans for alltid og eg sa ja også dunderklinte me mellom trea.
på balaton sound festival i ungarn, me drakk cola og whiskey og prøvde å overbevisa folk om at me ikkje solgte dop av noko som helst slag. las aviser og bøker og såg fantastiske konsertar, drakk vin rett frå flaska og tok toget heim når sola stod opp.
på montmartre, med hjartet konstant i halsen for anten skulle han reisa eller så var han på veg.
den dagen då eg sat i luxembourgparken åleine og skreiv postkort til fine venner, plukka blomster og sendte dei heim til norge.
den siste dagen før eg skulle heim til norge, eg og sara sat i parken og åt snurreis og eg holdt tårene tilbake i tjuefire timar etter det.
eg hadde nettopp flytta heim frå paris og oslo var kaldt men me kjøpte frozen yogurt likevel og sat i slottsparken.
me hadde fått leilighet i london, endeendelig og me sat i greenwich park og åt pizza og snakka om vårt nye liv og om ein kan ta med møblar på flyet eller ikkje.
då me mellomlanda i oslo før me flytta til london, gjekk på sebastien bruno og møtte fredrik ein plass på vegen. åt makronar i slottsparken og tenkte på alt som snart skulle skje.
den der londondagen som var så varm at me smelta totalt i manor park.
i richmond park og eg holdt på å dø av glede for å få vera så nær dyra etter månadar med berre bilar og stressa menneske.
translation:
even though the temperatures here in london are as cold as a norwegian autumn, i already long for spring! cherry blossoms and park weather. i love parks so much, i wish i had my own. i thought we’d check out what i’ve been up to in parks for the last few years. 1. the first day in our neighbourhood park in oslo, i was so young and i had brown hair. my heart was a lot heavier too. 2. a couple of days before he proposed, janne and sara and i sat in the park and ate a lot of fruit and played cards and talked about the mystery package from paris. 3. on that day in june in the park with thai food when i suddenly saw jostein come towards me with a dior bag in his hands. he asked if i’d be his forever and i said yes, obviously. 4. at balaton sound festival in hungary, we drank jack and coke and tried to convince people that we didn’t have any drugs to sell them. 5. in montmartre, at a time when he was always either leaving or on his way. 6. that day in the luxembourg park when i was alone and i wrote post cards to my friends and sent parisian flowers to norway. 7. on the last day in paris when sara and i ate popsicles and i had to keep my eyes from tearing up. 8. when i had just come back to norway from paris and it was really too cold to sit outside but we did it anyway and ate frozen yogurt. 9. when we had just signed the papers for the apartment and we were so happy. in greenwich park, with pizza, talking about taking furniture on the plane. 10. when we landed in oslo before flying to london and we ate macarons in the park and talked about what was going to happen. 11. in manor park on that day when we almost melted away. 12. in richmond park when i was so happy to finally be around some animals after months of cars and stressed out people.
Du får meg og til å lengte etter våren. Til park og vin og frukt. Jeg gleder meg så til å ta frem solbrillene at det kribler i meg!
Så fint at eg held på å sprekka! Du er flink til å skriva enkelt og nydelig, og parkar er det beste i verda :)
ååh! alt hørtes kjempekos ut :D
åh
noe så nydelig og koselig og fint
skulle ønske man kunne gå i park hver dag
Det er en fattig trøst, men du lengter ikke alene. Utrolig fint innlegg, forresten. :)
åh, akkurat hva man trenger på en kald, mørk kveld med forkjølelse og oppgaveskrivning. våren kan bare komme!
Parklife ❤
For et fint innlegg! Det er så godt å være i parker. Lengter etter det jeg også. Elsker det bildet av deg fra Richmond park, så så så fin du er!
godt nytt år! nydelege bilder! eg vil ha vår og parkliv :)
du har fått så fint og langt hår. elsker det.
Akkurat det jeg trengte i disse tider! Takk!
Du tar så fantastisk flotte bilder <3
marielllllll, så FANTASTISK!!!
takk, fin!
Så koselig! Du skriver så fint og konsentrert.
<3<3!! når du skriver, virker det som om du synger, at ordene danser opp og ned. det er så fint! elsket dette.
drømmer om å få oppleve Richmond park. Det hadde vært vidunderlig <3
Du har så flotte bilder og skriver så hærlig om smått og stort. Eneste bloggen jeg må følge med, syns dessuten nynorsk blir så vakkert ført i din penn. ellers leser jeg lite nynorsk generelt. Men denne bloggen er bare magisk !!
ahh fantastisk. gleder meg til eg flytter til London
å. jeg skal sporenstreks på parktur når jeg kommer tilbake til frankrike.