i’ve got a secret to tell you.

Confetti

boat ride on Lake Lucernelong weekend are made for this

Nothing Says "Fun"…

ein torsdag i oktober ringte telefonen min og eg tok den(noko eg aldri ellers gjer) og sa hallo? på andre enden: samlaget. som nonchalant men engasjert spurte, gjennom vår flotte nye redaktør k, om me, altså eg og jostein, ville skriva ei bok. for dei. og eg sa “eeeeh ja okei”! me åt burgerar på gourmet burger kitchen for å feira og holdt det tett tett til brystet i to timar og då eg ringte pappa mellom to reolar på waterstones sa han “ja, velkommen etter” fordi han hadde jo visst lenge at eg skulle bli forfattar, sa han.

så dei siste månadane har me fiksa og triksa og skrive og tenkt. og skrive meir og tenkt meir og skrive det om igjen og sletta og begynt på nytt. og den desemberlaurdagen i oslo, på kolonihagen på frogner, skreiv me under på kontrakt. og no er me forfattarar ved samlaget. mariell øyre og jostein avdem fretland. jostein avdem fretland og mariell øyre. som skal stå med gullskrift på bokryggar i hyller i heile landet og eit par i peru.

så no skriv me ein roman. kanskje om nokon på ein båt på veg til eit framand land eller nokon stranda på ei øy eller nokon som brukar heile dagane på å laga konfetti på ein fabrikk. men egentlig ingen av dei tinga. egentlig noko heilt anna, men det held me hemmelig fram til boka nærmar seg, om alt går etter planen, hausten 2013! så pass på at de har lommepengar for då brakar det laus.

 

translation:
on a thursday in october my phone rang and i picked it up(i usually don’t. at all) and said hello? on the other end: the publishing house samlaget. who asked me if we wanted to write a book. jostein and i. and i said “uhm yes ok!” we ate burgers at gourmet burger kitchen to celebrate and we kept it close to our hearts and when i called my father he said something along the lines of “well, hello!?” because, as he said, he had known i was going to be a writer for a long time now. so, the last few months have been all about writing. and on a saturday in oslo, we signed a contract. and now we are writers at samlaget,  and we’re writing every day. maybe about someone on a boat heading for a foreign land or someone stranded on an island or maybe someone who spends their days making konfetti at a factory. but really it’s none of those things. it’s really something else entirely. but we’re keeping that a secret until it’s closer in time. if all goes well, the fall of 2013. so make sure to save your pennies until then, because this is really happening.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *