goodbye, 2011.

min nyttårsaftan var berre den beste nokon gong. med mine beste venner, med fantastisk mat og meir drinkar enn ein liten bar ville servert på ein kveld som sådan. her kjem bildene! welcome 2012.welcome 2012.welcome 2012.welcome 2012.

eg og christine laga maten og fredrik og sara dekka på bordet. me kjøpte tre bukkettar roser for tre pund kvar, det var nok til å dekka eit fint langbord. med begge klaffane ute.

welcome 2012.

sara hadde på seg dei rare fine strømpebuksene ho har fått av meg og dei finaste skoa som eg fant til ho på ein vintagebutikk her i london. elskar dei.

welcome 2012.welcome 2012.welcome 2012.welcome 2012.

alle stod i kø for å eta, som voksne samtidig som born. og det var så himla godt. jostein laga kalkun og eg laga saus etter mamma si oppskrift og me hadde waldorfsalat og mamma sin beste pastasalat(minn meg på å dela oppskrifta). eg laga valrhona-sjokolademousse som vart perfekt. det var eit så himla vellykka første store selskap for vår del.

welcome 2012.welcome 2012.

etter midnatt måtte me sjølvsagt drikka champagne. her er frøy scarlett johansson. (og ja, sara sin sko heng på knaggen bak der)

welcome 2012.

så måtte me fotografera frøy, for ho hadde det finaste skjørtet nokon gong. etter det utførte me heile grevinna og hovmesteren. eg lo sånn at eg trudde at det skulle bli tomt. eg var mr. winterbottom og drakk cosmopolitan av blomstervasen og sa “ooh i’ll kill that cat” og jostein var grevinna. det var på topp tre av dei morsommaste tinga eg nokon gong har gjort. også tok me runda og sa alle saman tre ting som me er glade for med 2011, og éin ting me skal legga bak oss og me vart varme i fjesa og tørka litt tårer. kva anna kan ein gjera når ein har så gode venner.

new years'.new years'.new years'.new years'.new years'.new years'.new years'.

så vart alle utslitte, som ein jo blir av og til. me slapp ut håret(mitt hadde vore i ein bolle på toppen av hovudet) og me sovna i respektive huler og gleda oss til å stå opp igjen.

ps: har óg laga ein film som startar på slaget tolv. den får de sjå når den er klar!

translation:
my new years’ eve was the best one ever. with my best friends and great food and more drinks than a small bar would serve on a night like that. we made the food and set the table. and everyone got really dressed up. we ate dinner and chocolate mousse with valrhona, which was perfect. after twelve we popped the champagne and reinacted “dinner for one”. i was mr.winterbottom and i laughed so hard i was scared i was going to run out. i drank cosmopolitan from the flower vase and said “ooh i’ll kill that cat”. one of the funniest things i’ve ever done. then we talked about the things we were grateful for in 2011, and one things we’ll be sure to leave behind and some faces turned warm and some tears were shed, but what’s a girl to do with friends like mine. then we were exhausted and let our hair down(mine was in a bun!) and fell asleep in our caves and just couldn’t wait to get up in the morning. ps: i’ve also made a film that starts after the stroke of twelve! you’ll see it when it’s done.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *