coffee drizzled ice chocolate and hazelnut truffles.

i går laga eg og jostein julesnop utan smør! istadenfør tørre kjeks laga me marsipantrøflar og issjokolade. alt utan smør! så alle kan laga det, by eller bygd.

without butter.du treng, til issjokolade: 400g grovhakka mørk sjokolade av høg kvalitet, 100g delfia(kokosfeitt). heile kaffibønner og peppermynteolje. til marsipantrøflar: to pakkar nougat á 100g, den frå odense. ein rull med ekte marsipan, minst 50% mandlar. hasselnøtter og kakao. smelt kokosfeittet i eit vassbad, når det er smelta har ein all sjokoladen oppi. i mellomtiden rullar ein marsipanen til små ballar. tenk mindre enn munnfullar.

without butter.så skal ein kle marsipankulene i nougat. det funkar bedre om det er kaldt i rommet, så gjer det gjerne ved eit vindauge eller noko. om ein har tid, legg marsipanen i kjøleskapet ei stund. å kle marsipanen i nougat er ofte klissete, så eg gjer det først ganske stygt, så får dei stå litt kaldt før eg rullar dei mellom håndflatene så dei blir glatte og fine.

without butter.så skal ein fylla former med issjokolade. me har brukt lysmansjettar og petit fours-former. ein kan óg laga former sjølv, med aluminiumsfolie, ein må berre vera lur. bruk eit sausenebb eller noko anna med tut for å tømma i formene. grovhakk nokre matskjeier med kaffebønner og strø over. eg tok 2/3 med kaffe, resten hadde eg peppermynteolje i og kvit sjokolade på toppen. fint med litt variasjon, sjølv om kaffe er fantastisk godt.

without butter.halvparten av trøflane rulla eg i vanlig kakao.

without butter.resten i rista hasselnøtt. det er så himla mykje bedre enn ikkje-rista hasselnøtt. hakk nøttene, ha dei i ei varm steikepanne også rører ein rundt mens dei står på varmen, så dei ikkje svir seg. ein må smaka litt etter kvart for å vita når dei er ferdige. la dei kjøla seg ned litt før ein rullar dei, ellers smeltar nougaten.

without butter.så må ein ha nøtter i hånda og liksom pressa trøflane litt så nøttene sit fast.

without butter.og det var det. smørlaust julesnop, fint i sånne trange tider.

without butter.ein kan eta alt sjølv. eller gi det vekk. det er heilt opp til deg. godt er det i alle fall. oppbevar alt i kjøleskapet når ein ikkje har dei framme. et voila.

nutellakonfekt.ein annan sak er denne nutellakonfekten som eg gjorde for spalta mi i streetstyle-magasinet, som eg heilt har gløymt å fortella om. her er uansett oppskrifta, den er farlig god. du treng: 1 dl sukker, 2 dl lys sirup, 300 g nutella(nugatti går nok fint óg), 5 dl corn flakes, 1,5 dl salte peanøtter, 200 g mørk sjokolade.

smelt sukker og sirup ilag, tilsett nugatti og rør til alt er blanda. knus cornflakes og grovhakk nøttene, rør det i nugattiblandingen og tøm alt i ei form som du har kledd i bakepapir. la den stå i kjøkeskapet ca ein time før du smeltar sjokoladen og brettar den utover, som ein hatt. når sjokoladen har stivna heilt, ca ein time, skjær til små bitar, ca 2x2cm.

smørlaus jul til alle. <3

translation:
we are having problems with butter in norway these days, people are getting desperate in finding ways to eat christmas goodies without butter. this is my contribution to that!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *