johannes.

i dag er det tre år sidan min bestefar gikk bort etter ei tragisk ulykke. i år som i fjor gjekk det ikkje opp for meg før midt på dagen at det var i dag som var lucia. vanligvis er ikkje slike merkedagar noko vanskelig for meg, men lucia opnar hjartet mitt for kor vondt det framleis er, som om hjartet mitt blir sugd ned i eit holrom.

i fjor var eg på glasmagasinet i oslo for å kjøpa dei siste julegåvene då det plutselig kom eit luciatog mot meg og eg måtte snu meg vekk og tella til hundre for å ikkje bli til ein pøl på golvet og eg sa ikkje eit einaste ord til jostein heile vegen heim med trikken. i dag sat eg hos frisøren med eit vogue i hendene her i london. og eg skulle så himla inderlig ønska at han visste alt som eg veit no, alt som har hendt dei siste tre åra. for han hadde vore så ukristelig stolt.

eg skulle gitt kva som helst for at han skulle få kjenna meg no, med mitt oransje hår og som redaktør for eit magasin, eg som forlova meg med jostein og eg som bur i london med fin leilighet. for han fekk berre kjenna brunhåra atten år gamle vidaregåande-mariell med piercing i underleppa og svimlande bokhjarte, akkurat som han. ho som aldri fekk sova og følte at verda var så vond og som skjulte seg på rommet sitt og nesten aldri turte å sei det som egentlig var sant. ho som las the bell jar ein gong annakvar månad og drømte seg til utlandet, samme kvar berre ein annan stad. ho som starta denne bloggen og bestemte seg for å få det bedre. ganske så fin var ho likevel. sjølv om eg ikkje saknar ho i det heile.

bestefar, derimot. som hadde det største mellomrommet mellom fortennene og den flottaste sangstemma, som elska bestemor så himla høgt og stjal ho frå piloten som óg hadde svake knær for ho for så så mange år sidan. min fine bestefar som hadde så vanvittig mykje tru på meg heilt frå eg var så liten som eg kan hugsa. av og til gløymer eg korleis stemma hans høyrtes ut og korleis han slo seg på låret når han lo. men akkurat dét, det gløymer eg aldri.

translation:
today it has been three years since my grandfather passed, and i still miss him so much it’s hard to think about. sometimes i forget how his laughter sounded, but i will never forget how he always believed in me. and what hurts the most is that he’s not here to see how my life is now.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *