national portrait gallery, ladurée & my week with marilyn.

her kjem min fine fredag gjennom kameraet mitt og litt instagram:

friday tradition: exploring!
fredagar har jo fått ein tradisjon etterkvart: nemlig å utforska byen. me åt frukost og tok toget inn til charing cross. her er london eye.

lily.love this!me gjekk til national portrait gallery der dei hadde ei så himla fin utstilling.

friday.
eg fann ut at egentlig var det ikkje lov til å fotografera der det var bilder, så det gjorde eg ikkje meir. bygget var fantastisk flott. eg elska alle fotografia og syns maleria var fantastisk kjedelig, tusenvis av menn ein ikkje veit kven er sine portrettbilder. pappa hadde sikkert elska det, for det gjorde jostein. iblandt får ein lyst til å kasta dei to i ein taxi med pengar til museumsinngang og sandwich og sova to timar ekstra. uansett, national portrait gallery er eit skikkelig fint museum og superbra: det er gratis! me gjekk i museumsbutikken og kjøpte postkort som me alltid gjer. skal senda dei til fine gamle damer, altså bestemor og mormor.

friday.friday.så reiste me vidare til covent garden og stakk innom ein mummibutikk. det føltes som heime.

friday.friday.friday.friday.friday.me åt middag på ladurée, club sandwich som me alltid åt i paris. då eg budde der hadde eg lov til å gå på ladurée om eg hadde det skikkelig kjipt men eg gjorde det berre ein gong, sat i eit hjørne og såg på alle som hadde nokon å snakka med og tenkte at det ikkje var så verst å vera åleine likevel. men! denne desemberfredagen hadde eg jo jostein som er så fin som det finaste ordet i verda. me drakk cafe creme og lot som me var i paris når servitørane hadde fransk aksent.

friday.friday.friday.friday.my week with marilyn with ladurée.så gjekk me vidare inn i covent garden og rota rundt lenge før me fant kino! me såg my week with marilyn med makronar frå ladurée som snacks og smilte heile vegen heim. den var himla fin, de bør sjå den.

translation:
on friday we went exploring again! first, the national portrait gallery where i adored all the photography and despised all the dull paintings of men i don’t know the names of. then, dinner at ladurée in covent garden. after that, we went to odeon and saw my week with marilyn and ate macarons as a movie snack! it was absolutely wonderful, we smiled all the way home.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *