Q & A, last little pieces.

eg lurte på når neste <3magasin kjem ut? byrjar å få cravings! ny-bloggen er forresten kjempeflott, bra jobba.
takk! det neste hjartemagasinet kjem desverre ikkje i vinter, men tidligast i vår. eg vil sei mai. av mange grunnar. men det blir verdt å venta på. : )

har du råd om julegåver som er fine, men likevel økonomiske? (for oss fattige studentar). og gode bøker, gjerne engelske?
til dømes å kjøpa ei fin gullramme på ein loppis og ramma inn eit bilde av deg og personen gåva er til. eller ein boks med heimelaga kjeks. bøker bloggar eg masse om, ta ein titt i arkivet. : )

hvor får du idéer til bloggen din og bildene dine?
i livet og på internett. eg brukar fleire timar i veka på å finna inspirasjon og idéar, det er ein omfattande prosess.

hvor mange mail og brev får du fra leserene dine?
eg får ikkje så mange brev lenger, sikkert fordi eg bur i london. men eg får kanskje fem mails kvar dag.

hvor mye tid bruker du på bloggen hver dag?
minst fem timar, vil eg sei. men det er vanskelig å sei, for så mykje av det eg gjer er jo for bloggen. til dømes når eg les bøker eller ser film eller høyrer på musikk er det ofte på grunn av bloggen, liksom.

hva synes du om alle bloggerne som hermer dine idéer og din måte å skrive på?
eg føler at in the end så vil ein person som har vore litt rundtom på internett sjå kva som er ekte og kva som er påtatt. før syns eg det var veldig irriterande, men no bryr eg meg egentlig ikkje så lenge det ikkje er plagiat. eg ser det også ignorerar eg det heller, for eg orkar ikkje å bruka energi på det. eg finn jo sjølv masse inspirasjon frå andre bloggarar, men det er ei fin linje å balansera på når ein ikkje skal kopiera og det er vanskelig å finna den balansen. men! det er stor forskjell på å la seg inspirera og å herma.

translation:
my A’s to your Q’s, ask me anything and i will answer.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Lurte egentlig på hva hudprodukter (og sminke) du bruker til vanlig. Tittet gjennom “sånt utanpå” arkivet ditt men begynner jo å bli en stund siden du har skrevet om det nå (:

    Også vil jeg bare si at du er så fantastisk vakker!

    • eg brukar i grunn ingen hudprodukt alls, brukar ein skrubb frå lush av og til, men har ingen rutine. brukar moisturising foundation og matt transparent pudder fra laura mercier på huden, ysl til faux cils-mascara, sephora sin eigen flytande eyeliner eller lancome sin artliner, rouge fra mac, anten mocha eller fleur power og ein blond augebrynspenn frå lancome. også brukar eg tre leppestiftar frå mac, ruby woo, so chaud og rebel. : )

  • Hei Mariell! Herleg blogg, og fantastiske bilete..men ingen bilete av små ungar. Inspirerar det deg ikkje, eller manglar du motiv? :-)

    • eg syns det er så feil å publisera bilder av andre sine born, eg tar ein del bilder av tantebarna mine når eg er i norge, men publiserer ikkje bilder der ansikta deira er synlige. og det burde ikkje andre gjera heller, utan løyve fra foreldre. kanskje blir det annleis når eg får mine eigne, men akkurat no føler eg det sånn.