photography.

de lurer ofte på sånt som har med bildene mine å gjera. derfor lagar eg no eit innlegg om kamera og objektiv og sånt som skal få ligga i ein FAQ-meny som så snart så snart skal komma.

sara.paris.breakfast.paris.
kamera:
eg brukar eit canon 5d mark ii. det er typ det beste kameraet som finst. det er eit fullformat speilreflekskamera og nesten kvar gong eg er ute på nattelivet så kjem det ein eller annan fotoperson fram til meg som myser med augene for å sjå kva kameraet mitt heiter også får dei høge augebryn når dei ser. det er eit proffkamera og det var ein stor investering fordi det er jo fotograf eg er og skal vera. eg syns ikkje ein skal investera titusenvis av kroner på eit kamera om ein ikkje har noko særlig fotointeresse, eg syns det er så altfor trist med folk som kjøper speilreflekskamera også berre lar det ligga att heime fordi det er for stort eller for tungt. om de er ute etter bra kamera og ikkje har så mykje pengar å ut med vil eg absolutt anbefala kanskje eit canon 7d. for det kan ein filma med, og det har mange andre bra kvalitetar óg. ein må lesa litt før ein kjøper kamera, så ein veit at det er rett. nesten litt som å skaffa hund eller som å lesa kontaktannonser. ein treng eit som har akkurat dei eigenskapane som ein vil ha.

weekend.august.this week.august.
objektiv:
eg brukar som regel alltid canon 50mm f/1.2. det er eit heilt sjukt bra objektiv som kan ta fine bilder nesten uansett lys. eg brukar helst kun faste objektiv, for objektiv med zoom stjeler enormt mykje lys og for meg er det ikkje verdt det i kvardagen. 1.2 betyr at blenderen blir så stor som når ein puttar tommelen og peikefingeren mot kvarandre og lagar ein O, typ. ganske stor, altså. om du er hobbyfotograf så er 35mm f/2.0 veldig bra, eg brukte det i to år og elska det. det kostar typ to tusenlappar, eg kjøpte mitt brukt. ellers så har eg eit sigma 70-200mm f/2.8 som eg brukar i bryllup og ingenting anna. for å få litt avstand, heilt enkelt. det er viktig når ein jobbar med mengder folk ein ikkje kjenner. eg har kjøpt alt mitt fotoutstyr på japanphoto, fordi dei har ei kick-ass forsikring som gjer at eg føler meg heilt trygg når eg fotograferar i alle slags settingar.

f + f.this week.saturday.friday.
fotografering:
det viktigaste, syns eg, er å alltid ha kameraet tilgjengelig og å alltid alltid sjå. ein er i heilt anna modus når ein har kameraet i veska enn når ein har det over skuldra. når eg kjem inn i eit rom eller hus leitar eg alltid etter lyset, og plasserar meg sjølv på den mørkaste plassen rundt eit bord. på den måten veit eg at alt som eg fotograferer får lyset. leit etter lys, det er så himla viktig. sjå etter rare skuggar eller smale vindauge eller takvindauge eller gode lamper, kva som helst. berre aldri gløym det. og hugs at når eg tar fine bilder så heng det i stor del saman med livsstilen min som fotograf og bloggar. eg er ute og utforskar nesten kvar dag, eg har venner som elskar å bli tatt bilder av og eg brukar kameraet og augene mine kvar einaste dag. for det krever trening å bli god, som med alt anna.

eit anna bra tips er å ha kameraet framme til eikvar tid når ein vil fotografera venner. mine venner er ganske komfortable med kameraet mitt, for det er alltid ein del av settingen. det er lett å føla seg litt skremt om den som tek bilder plutselig rekk ned i veska etter kameraet.

også er det viktig å drita i det om ein føler seg litt klein eller litt rar for at ein fotograferer maten sin på restaurant eller i butikkar eller ute, det er dumt å kvela kreativiteten sånn. berre gjer det, og kjenn på kor deilig det er å ikkje bry seg.

tuesday.richmond park.paris.richmond park.
behandling:
eg fotograferer alle bildene mine i rawformat. det vil sei at filene er ukomprimerte. som sagt er det best å lesa seg opp om desse tinga, men eg vil anbefala å absolutt ta bilder i raw om de har mulighet til det. da finst det mange fleire mulighetar etterpå. ofte redigerer eg kun bildene i rawkonverteren, lyser opp og drar i kontrastane og sånt. og nokon gonger redigerer eg ein del i photoshop, det kan de lesa meir om her og her. det viktigaste er å prøva seg litt fram og finna si eiga stemme. ein må prøva seg fram, mykje, for å bli god i photoshop. eg vil absolutt anbefala å berre leita seg litt fram og søka opp tutorials på sånt som ein vil læra. sånn som “analogue effect photoshop tutorial” eller “dreamy photo photoshop tutorial”. berre bli kjent med programvaren, det er det beste eg har å sei. for det er da du finn ut kva du likar og kvar du er. øv og øv og øv. så kan ein finna eigne triks å holda tett til brystet, som eg ofte gjer med mine.

det viktigaste er uansett å ha det gøy! faktisk. det skin gjennom i bildene som ingenting anna, og er himla mykje viktigare enn iso og blender. det finst ikkje noko meir usexy enn ein dønn seriøs fotograf. ikkje ver redd for å posera og flytta og komponera, men aldri gløym å ha det gøy mens du gjer det.

om de har spørsmål svarar eg gjerne på dei i kommentarfeltet her!

 

translation:
about photography and the questions you ask me frequently. my camera is a canon 5d mark ii, the best camera in the world, and my allround lense is a 50mm f/1.2. if you don’t have a full format camera i suggest the 35mm f/2, i used it every day for years and loved it to pieces. when i shoot weddings i also use a 70-200 f/2.8 to create some distance between me and the people, to help people relax and feel comfortable. the best shots are when people don’t know you’re shooting.

the most important thing to me is to always have my camera ready, and to always look for the light and for motives. when i enter a room i always look for the light, and i always seat myself in the darkest spot so that the people i’m with get all the lovely light on their faces instead. another important thing is to have your camera on the table if you want to shoot your friends. it’s easy to feel intimidated if someone just pulls this big black heavy thing out of their bag to take a picture. and it’s very important to try and forget the awkwardness you feel about taking pictures of your food or interior in a restaurant. it really feels awesome, and the awkwardness wears off. the picture is yours forever.

i shoot all my pictures in raw format, which means that i have a lot more control of the file when i’m ready to edit than with a jpg file. i really recommend this if your camera allows it. to get better in photoshop, i recommend doing tutorials! just google what you want and follow the steps, like “analogue effect photoshop tutorial” or “dreamy photo photoshop tutorial”. it’s very helpful and i used to do it all the time. the important thing is to find your own voice and your own way of doing things.

but most importantly: have fun. there is nothing less sexy than a dead serious photographer. poke around and compose all you like, but don’t forget to find the fun in it.