enwrapment.

enwrapment.
å pakka inn gåver fint treng ikkje å vera dyrt eller slemt mot miljøet. du treng: fint papir, saks, ein boks, dobbeltsidig teip og vanlig teip. også noko å putta oppi. i dette tilfellet julegåva til jostein si søster. målet er å laga noko som er så fint at du egentlig ikkje vil gi det vekk(hvilket eg gjorde). det viktigaste er at ein resirkulerar det ein har og ikkje kjøper nye fine bildebøker hos ark for å laga gåvepapir av, liksom. bruk d2 og magasinet og fine bilder frå aviser eller magasin som ein har liggande heime. det blir så fint så.

enwrapment.enwrapment.enwrapment.enwrapment.
det er i grunn ikkje så mystisk etter det. berre klipp og lim og klipp og lim til den er klar. det gjer ingenting om det ikkje blir så fint først, da er det berre å lima noko over der igjen. enkelt penkelt. eg er ikkje så himla fin på det, syns det skal sjå ut som at det er heimelaga. perfekt er så himla kjedelig. eg brukte dobbeltsidig teip for å festa alt papiret på på dei synlege sidene. bakpå og under brukte eg vanlig teip.

gif.
fint vel?

translation:
how to make a great gift box for christmas: take a box, use double sided tape and lovely paper that you have somewhere in the house and just add stuff until it’s pretty and done!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *