kladdkaka.

kladdkaka.
denne kaka er så enkel å laga at alle klarar det. det einaste du treng er: 50g mørk sjokolade, 100g smør, 2,5 dl sukker, 2 egg, 2 tsk vaniljesukker, 4 ss kakao, 1,5 dl kveitemjøl, safta frå éin lime. ein må virkelig elska sjokolade, for dette er ei mektig kake. som tar ein halvtime frå start til slutt. dét må ein berre elska.

sett ovnen på 175 grader. smelt smør og sjokolade i samme panne på middels varme. rør ihop alt anna. smør ei kakeform(eg har brukt både 20 og 22 cm) eller gjer som eg: klipp av så mykje bakepapir som du trur du treng frå rullen, legg den berre oppi forma(det skal stikka opp papir frå rundt heile forma) og tøm røra rett oppi. røra pressar papiret ut i kantane på forma. så kan du berre klippa av det som stikk opp og vips: null stress-kake. når røra har komme i forma er det berre å hiva det i ovnen og dansa macarena i ca 15 minutt, avhengig av ovnen. den skal vera klissete men ikkje rørete. ta den ut av forma og la den kvila på papiret i nokon minutt så den får satt seg skikkelig. server med eit glas mjølk eller om ein er fin, vaniljeis. nam! perfekt for fredagskveld når ein vil ha noko fort som skal vera godt og helst utan ork, takk.

translation:
the easiest cake there is: melt 50g chocolate and 100g butter in the same pan. mix 1,5 dl flour, 2,5 dl sugar, 2 teaspoons vanilla sugar, 4 tablespoons cocoa, 2 eggs and the juice of one lime in a bowl. add the chocolate+butter mixture and mix it all together and voila! cook in a lined cake tin in the oven at 175 celsius for about 15 minutes. it’s supposed to be a little runny. leave it to set for a few minutes while you set the table and get the ice cream out of the freezer.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *