how to make a great christmas present without spending money.

mange slit med lite pengar i kassa no slutten av året og slit på dei siste kronene sine for å få kjøpt gåver til venner. av og til treng ein ikkje bruka så himla mykje. i dag lagar me personlig veggpryd, og med dette opnar eg ein heilt ny kategori her på bloggen som heiter “gjer det sjølv”.

eg lånte rammene frå darling clementine

du treng:
– photoshop(eller ein ven som har det)
– ei ramme. det kan ein kjøpa kor billig som helst på loppemarknad eller bruktbutikk. ofte har ein rammer heime som ein ikkje brukar, så da kan ein gjenbruka.
– ein printer eller nokon kroner for å få det printa ut på fint papir hos ein fotobutikk. (eller, som sagt, ein venn som har det)
– eit fint sitat eller nokon fine ord.
– eit bilde som agerar som bakgrunnstexture. kanskje glitter eller eit blomsterbilde, trær, noko som gjer seg bra i bakgrunnen.

gift.
me startar med eit blankt a4-ark i photoshop. hugs at oppløysinga må vera 300.

gift.
me skal bruka ellipse tool. det er det ikonet som er ein runding. ofte er det ein firkant, da må ein trykka på firkanten og holda inne til det kjem opp fleire alternativ.

gift.
du lagar ein stor svart runding midt på arket.

gift.
velg ut eit bilde til bakgrunn. eg valgte eit svartkvitt-bilde, for det er ofte enklare i forhold til tekst. men det er berre å prøva ut litt forskjellig og sjå kva som funkar. trykk ctrl/cmd+A for å selecta heile bildet og ctrl/cmd+C for å kopiera det.

gift.
så går me over til bildet med den svarte prikken og trykker ctrl/cmd+V for å kopiera det inn. pass på at bildet dekker rundingen. ein kan justera storleiken på bildet seinare.

gift.
så skal me gjera noko kult. i boksen som heiter layers til høgre markerar de laget som bildet ligg i, i mitt tilfelle svartkvittbildet av skogen. så høgreklikkar de og velger “create clipping mask”. om de ikkje ser boksen som heiter layers, trykker de på window-menyen i toppen og på layers, da kjem den fram.

gift.
da ser det plutselig sånn ut! for å justera storleik på bildet bak eller flytta det, trykker ein ctrl/cmd+T. da kjem “transform”-boksen opp og ein kan justera ved å dra i hjørnene. om ein vil at bildet ikkje skal skli ut av proporsjonane sine når ein justerer storleik, held ein nede shift-knappen mens ein drar i hjørnene. dobbeltklikk på bildet når ein er ferdig med transform.

gift.
også legg ein til teksten. eg har brukt fonten riotsquad, trykk her så lastar den seg ned automatisk. da treng ein berre å dobbeltklikka på zip-fila for å opna også dobbeltklikka på den TTF-fila som blir lagra. så er den berre plutselig i fontvalga dine i photoshop. om ein passar på at sirkelen er i midten er eit bra triks for å få teksten heilt midtstilt: dra tekstboksen heilt ut i kantane og ha teksten midtstilt. på den måten blir teksten heilt på midten av arket. eg tok ned metningen i teksten for å få det til å flyta bedre ilag, da brukar ein layers-boksen og markerar tekstlaget og stiller på opacity oppe til høgre i layers-boksen. eg brukte 72.


eit anna alternativ:


eit anna alternativ er å legga bildet bak teksten. då skriv ein først teksten på eit blankt ark så stort ein vil ha det. eg valgte desse fine orda frå kate spade sin fine julekampanje. så legg ein eit bilde over teksten og trykker på clipping mask. da blir teksten fylt i! fint. ein må vera meir forsiktig med bildet her, fordi teksten lett kan bli vanskelig å lesa om bildet er for lyst eller om det er for høge kontrastar. mitt tips er å leita litt rundt, flytta på bildet etterpå og strekka så mykje som ein kan. eg valgte eit bilde med ein blomsterbukett med raudt og grønt, og strakk det ganske så mykje til blomane var bak all teksten.

et voilá! så er det berre å printa ut og ramma inn og pakka inn i fint papir eller avispapir(!) og vips, ei fin gåve som tek litt innsats og nesten ingen kroner. og om de ikkje orkar kan de jo alltids berre kjøpa desse av meg, haha. lagar de gåver sjølv i år?

translation:
a great way to make a christmas present without spending too much money. you need photoshop(or a friend who can help you), a frame(preferably second-hand, or maybe you even have one at home), a printer(or another friend) or some cash to get it printed somewhere, a nice quote or words and a nice picture. open an a4 document, remember to put the resolution to 300. start by making a circle with the ellipse tool. now for the photo. copy and paste it over the circle. right-click on the photo-layer in the layers box and choose “create clipping mask”. now you have a circular image. if you want to resize or move your background image, press ctrl/cmd+T and pull at it or move it and then just double click when you’re done. type your words over that, experiment with different fonts and sizes. i used a font called riotsquad(opens dowload). i adjusted the opacity of the text to 72, and there you have it! another alternative is to put the images behind the text. then you start out by writing something on an empty document, and paste a picture over it. then create clipping mask on the picture and voila! text with pictures. if you want to move it or resize, it’s the same as before. you have to be more careful with the choice of background image for this one, as a picture can create too much distraction and make it hard to read the text. play around with it, make it fun(because it is!). and there you have it, a very cheap christmas present i would love to get under my tree. are you crafting any presents this year?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *