den store vintergryta.

denne gryta laga me to gongar forrige veke. det er ulrika si oppskrift, også har eg tilpassa den litt til min eigen, min versjon er meir tilgjengelig for alle dei fine små som bur på landet og kanskje ikkje får tak i sånt eksotisk som søtpotet. den er så vilt vilt god og trøstande i desse kalde månadane. denne oppskrifta er til ine, som syns det var så trist at den forrige oppskrifta eg la ut var med kjøt. no bles eg denne grønsakshimmelen din veg!

dinner.
for to personar treng du:
1 gul lauk
3 fedd kvitlauk
halvt blomkålhovud
10 minipoteter (tre vanlige norske poteter)
2 gulrøtter

100g cashewnøtter
3 ss honning
1 tsk kanel
1 tsk nellik
1 tsk kardemomme
2 tsk spisskummen
1 ss riven fersk ingefær

1 boks kokosmjølk
1 boks hakka tomater
1 terning grønnsaksbuljong
salt
pepper

koriander

dinner.

rist cashewnøttene i ei tørr steikepanne. så kan du anten bruka morter eller food processor, eg brukte food processor. hiv oppi cashewnøtter, honning, kanel, nellik, kardemomme, spisskummen og fersk ingefær og blitz det til det blir ein slags klumpete deig.

finhakk lauk og kvitlauk og steik dei i lag i ei panne i litt olje til den blir blank og gjennomsiktig. hakk gulrot og potet, eg skrelte dei ikkje eingong, berre skar det i fingertuppbitar og heiv det nedi. så skal blomkålen nedi, i munnfullsstorleik. bland nøttedeigen nedi saman med alt og la det stå litt og trekka inn smakane til kvarandre. tøm over tomater+tomatboksen fylt med vatn, og kokosmelk. lat det småkoka i ca 30 minutt med nokre anisstjerner oppi for å gi litt ekstra smak.

her kjem eit bra tips: me elskar koriander og vil helst bruka fersk. men krydder er jo sånt som er litt vanskelig å få tak i, og ofte dyrt om ein ikkje bur nære ein orientalsk butikk. me frys ned korianderen, så held den seg frisk og fin. sånn gjer du det: ta ein tom isboks(me brukte i papp frå haagen-dasz, kva boks som helst funkar) og press så mykje koriander som overhodet mulig ned i boksen. fyll så på med vatn sakte til det er heilt fullt, så set du den i frysaren. så er det berre å hakka seg til fersk koriander når ein treng det. sjukt bra tips! me hadde oppi ganske mykje koriander i gryta, for me elskar elskar elskar koriander, men ein får jo sjølvsagt smaka seg til den perfekte blandinga for seg!

dinner.

server med naanbrød eller berre rundstykker, og yoghurt til. så godt! inviter nokon du er glad i og et mens de stirer i veggen.

translation:
a new magnificient casserole with garam masala, chopped tomatoes, coconut milk and delicious vegetables.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *