mariell.

instagram.
eg er ekstremt utålmodig, ekstremt kreativ og ekstremt ambisiøs.

eg likar tysdagskveldar når jostein har vore på skule heile dagen og eg har jobba og kjøpt frosne bær og kanskje rydda fint heime også kjem han heim og me et kyllingsalat og ser ein film med marilyn monroe. også likar eg alt med bær, utenom multe, snittblomar på bordet, krøllar i håret og å klina skikkelig skikkelig lenge.

eg et eggerøre og salat kvar dag. men eg et veldig periodevis. no er det eggerøre on toast og salat. helst med halloumi og yoghurtdressing. nom.

eg seier ja til alt som er utfordrande og gøy og der eg slepp å kjeda meg. eg har nettopp sagt ja til eit heilt vidunderlig prosjekt som de får vita om før eller seinare(åh hatar når folk er sånn snikete men det er jo så gøy).

eg seier nei til å bruka tid på personar som ikkje inspirerer meg eller gir meg noko positivt. eg har brukt nok tid av mitt liv på personar som kun er problem og negativitet. no er eg selektiv med kven eg velger å bruka tid på. det er vanskelig, men eg er sjukt glad for at eg har den egenskapen no.

eg er flink til å peppa og pressa andre og meg sjølv til å gjennomføra ting og utfordra seg og ikkje berre gjera det som er enkelt. også er eg flink til å baka, vera reiseleder og sikkerhetskontroll på flyplassar. altså, det går glatt kvar gong. på dårlige dagar tenkjer eg at det er mitt einaste talent.

eg irriterar meg over den evigvarande diskusjonen cupcakes vs. feminisme. eg er feminist. eg likar cupcakes. og greier med blomstermønster på. og kjolar. get over it.

eg les akkurat no den første biografien eg nokon gong har lest.

eg er finast når eg er litt full, i kjole frå sekstitalet og med andredags krøllar.

eg ler av seinfeld. her. her. og her.

eg er ein typisk freelancer. oppe til fem, stå opp klokka tolv. middag til frukost og frukost til middag.

eg har aldri vore utanfor europa. forhåpentligvis får eg gjort noko med det til våren.

eg er glad for at eg er så uredd som eg er og for at eg er så sjølvstendig. og for at eg tør å kasta meg ut i prosjekt og tru på meg sjølv.

eg trivst ikkje når det er for varmt. orkar ikkje sola. i sommar gjekk eg rundt mellom husa i lærdal med ein stor parasoll over hovudet. skygge. <3

eg er dårlig til å legga meg og å stå opp. også er eg skikkelig dårlig på alt som har med pengar å gjera. liksom, er på gråten kvar gong eg må betala ei rekning. det er ikkje ein bra egenskap.

eg er redd for at kreativiteten min skal dø. det ville vore så himla trist. derfor brukar eg den kvar dag.

eg elskar å reisa og oppleva nye plassar. egentlig helst elskar eg å reisa til paris. ta toget og kjøpa croissantar når me kjem fram. men heile verda. vil sjå nesten alt.

eg set pris på når nokon lagar mat til meg. for det skjer ikkje så ofte, så kvar gong det skjer føler eg meg som kongen på haugen. også set eg pris på når folk spør korleis eg har det og faktisk har lyst til å vita det. for det skjer himla sjelden, om ein tenkjer seg om.

eg trur på meg sjølv og jostein og vennene mine. me skal nå så himla langt. berre vent og sjå.


translation:

(this is a list that i’ve filled out, it translates badly but here it is anyway) i am very impatient, very creative and very ambitious. i like tuesday evenings when j has spent the whole day in school and i’ve been working and i’ve bought frozen berries and cleaned the apartment and he comes home and we’ll eat chicken salad and watch something with marilyn monroe. i also like everything with berries, fresh flowers, curls in my hair and making out for a really long time. i eat scrambled eggs and salad every day right now. i’ll say yes to anything challenging and fun. i’ve just said yes to a wonderful project that you’ll know about sooner or later. i’ll say no to spending time with people who don’t inspire me or give me anything positive. i’ve spent enough time on people who only bring problems and negativity to the table. i’m picky about who i choose to spend my time with. it’s hard but i’m so happy about it. i’m good at pushing others and myself to see things through and challenge themselves and not just go the easy routes. and i’m good at baking, being a travel leader and airport security checks – works every time. on bad days think that’s my only talent. i’m annoyed by the ongoing discussion “cupcaces vs. feminism”. i like cupcakes, and floral patterned things. and dresses. get over it. i’m reading my first biography! i like myself the best when i’m a little bit drunk, in a sixties dress and with second day curls. i laugh from seinfeld. here. here. & here. i’m a typical freelancer: staying up until five am, getting up at noon. breakfast for dinner and dinner for breakfast. i have never been outside europe. i’m happy that i’m as bold as i am and that i’m independent, and that i have the courage to throw myself into projects and believe in myself. i’m not happy when it’s too warm, i can’t stand the sun. i’m bad at going to bed and getting up in the morning. and i’m really bad at everything money-related, like paying bills and all the papers for my business, always ends in tears. i’m afraid that my creativity might die. that’s why i use it every day. i love to travel and explore new places. taking the train to paris, buying croissants when we get there. i appreciate being cooked for. it doesn’t happen too often, so every time it happens it really feels so great, like being taken care of. and i really appreciate it when someone asks me how i’m doing and they actually want to know. i believe in myself and j and my friends. we’ll go far, just you wait and see.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *