dumplings and noodles.

i dag lagar me mat! dumplings og nudelsuppe, for å vera eksakt. det kan høyrast litt avansert ut, men eg er sikker på at dette går bra. oppskrifta er for to personar.

dumplings.
først må me laga deig. då treng du 90ml kaldt vatn og 150g mjøl. bland det saman og rull det ut til ei pølse. mi vart ein j for jostein. legg den i kjøleskapet i ein halvtime.

dumplings.
i mellomtida lagar me fyllet. du treng 200g kjøttdeig, eg brukte storfe men ein kan bruka kylling eller svin om ein vil. eg brukte ei gulrot, kanskje ein dl hakka vårlauk og ein halv gul lauk.

dumplings.
hakk alt i små små bitar og bland med kjøtet. oppi der skal ein óg ha ei og ei halv spiseskjei soyasaus. og salt og pepper.

dumplings.
så, når det har gått ein halvtime er deigen klar. dette kan virka litt vanskelig men det går bra. du klarar det! del deigen opp i 24 bitar. ta ein og ein bit og strekk den så mykje som du kan. bruk litt mjøl på hendene og strekk forsiktig forsiktig til du har ei passe stor flate som her.

dumplings.
da tar du litt kjøtblanding og puttar det på deigen. så skal me strekka deigen for å dekka kjøtet, litt som ein sovepose. det klistrar seg fort saman, berre ha tru på at det går bra. når du har gjort dette tjuefire gongar er det tomt for kjøt og du er klar for å steika.

dumplings.
steik i solsikkeolje eller anna olje som toler høg temperatur. pass på at dei blir jevnt steikt, og ha på langerma genser så du ikkje brenn deg på armane.

dumplings.
mens dette står på lagar ein suppe. ein kastar oppi rundt 8 dl kyllingbuljong og nudlar til to personar. krydre med salt, pepper og chili. og soyasaus etter smak. ei gulrot i tynne skiver og ein masse vårlauk. kok i kanskje fem minutt, så er det ferdig.

dumplings.
og da er det berre å eta!

translation:
today we are making dumplings and noodles for dinner! just so you know.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *