music.

Hotel de passe, rue Quincampoix 1932

mens me ventar på at inspirasjonen skal ta meg og få meg til å laga ei heilt ny speleliste som omfavnar kakaokveldar og snø, tenkte eg at me skulle sjå på dei seks flotte listene eg har laga så langt i år:

vinter
denne laga eg i januar. då skreiv eg at den minte meg om at eg snart skulle flytta frå oslo og at det var min siste noregvinter på lenge, lenge.

croque madame til frukost, musserande til tolv kroner flaska og homseklubb til kvelds
denne laga eg frå paris då eg sakna fredrik så mykje at eg ikkje trudde eg kom til å overleva om eg ikkje fekk sjå han snart.

two drifters, off to see the world. there’s such a lot of world to see.
dette er den perfekte tidlig mai-lista. når ein vil sitta i parken men egentlig er det litt for kaldt. men ein drikk ein corona likevel også går ein heim og har på ullsokkar.

när du strippar och klär av dig är det samma grej.
sommarlista. ein får lyst til å baka brød og steika egg til frukost og reisa på eventyrferd i ein ny stad og laga film til dette soundtracket.

og det var sommar og grønt gras og når du kyssa meg så lukta du sol.
seinsommar-lista. den som var rett før me flytta. den er full av kyllingsalatar og markjordbær og pannekakefrukostar.

i really don’t like your skinny jeans, so take them off of me.

haustlista, ein time lang og perfekt til å gå tur til, parken og raude lauv og gul himmel.

om de ikkje har spotify, kan de klikka her for å sjå på listene i rekkefølge. eg har laga ei såkalla collaborative playlist, det vil sei at alle kan legga til musikk der. så kan ikkje de legga inn den musikken de syns er fin akkurat no der? den heiter mushy peas and dancing in the rain.

translation:
these are the six playlists i’ve made this year. a little bit of everything. if you don’t have spotify then you can click here to see all the playlists in order. oh, and i made a collaborative playlist on spotify where you can all join in and put music into! it’s called mushy peas and dancing in the rain.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *