small town girl.

eg trudde aldri at eg skulle bli noko som helst. seksten år i ei pittelita bygd i tuppen av ein fjord tenkte eg “dette er livet mitt”. advokat dyrlege interiørarkitekt. eg gjekk på skulen på autopilot, underachiever, sjekka husleiger andre plassar og laga matbudsjett med nudlar som grunnlag.

då eg var seksten flytta eg ut. me reiste på ikea og kjøpte den beste sovesofaen som fantes, med raudt fløyelstrekk. dobbeltdyne og bokhyller og korger til å ha stearinlys i. då mamma og pappa køyrte ut frå innkøyrsla den første dagen vart hjartet mitt til eit einaste stort hol. det er vanskelig å ha tru på seg sjølv når nesten ingen andre gjer det.

b l o g g . i 2007 var det flaut å ha blogg. eg blogga likevel, med tekstar om kvardagen min og med bilder av frukt frå google image search. eg skreiv om sally mann og korleis eg skulle ønska eg var i ein heis med ho aleine i berre ti minutt så eg kanskje kunne knekka koden. om kor vakker scarlett johansson er og alle mine favoritteditorials akkurat då. i spirit las eg om maja og jostein.

eg har ein gut. faktisk har eg hatt han ganske lenge allereie då. me ligg våkne til fem om morgonen, utan internett, utan tv. dreg fingrane gjennom håret til kvarandre og utvekslar spytt og draumar. om oslo om paris om london om å drita i alt og alle og kun gjera det ein har lyst til å gjera. me snakkar om london, om bachelorgrader og mastergrader og doktorgrader. om navn på babyar og om dei rare personane i klassane våre. om sånt som gjer vondt og om å gråta utan å forstå kvifor. eg sluttar å svara på meldingar og mailar frå alle eg har gått på barneskule og ungdomsskule med og i helgene når eg er heime hos mamma og pappa høyrer eg på bestefar synga og bestemor snakka om gamle dagar istadenfor å reisa tilbake på bussen med ein voksande knute i magen. ei natt flyttar eg alle sakene mine til ein ny leilighet, til ein rar gut som heiter fredrik. me flyttar i handlekorg og så var det gjort.

fastforward til eit toalett i torggata i oslo. det er pause og eg teiknar på eyeliner som aldri held seg gjennom dagen lenger. eg er utslitt og orkar ikkje og lukta av framkallarvæske får magen min til å snu seg i søvne. og den eine dagen, den tysdagen onsdagen torsdagen dagen då bestemmer eg meg for at det er den siste dagen. eg plukkar med meg portfolioen min og bøkene mine og reiser heim og reiser aldri tilbake. startar magasin og sender mails til folk som eg ikkje egentlig burde tørra å senda mails til men eg gjer det faenmeg likevel. og det blir utsolgt og heile den lille betongklumpen av ein leilighet luktar papir i fleire månadar. me møblerer rundt øskjene. om natta drøymer eg om at dei veltar. om dagen køyrer eg fram og tilbake mellom leiligheten og postkontoret med ein koffert full av magasin.

eg er i avisa heime og bestemor klipper det ut og legg det i små konvoluttar. viser det fram når onklar og tanter og kusiner og fetterar kjem. mamma ringer for å fortella meg at leiaren i sogn avis handlar om meg og språket mitt, om at eg gir folk håp. ho les heile og seier at ho er så stolt at ho har gåsehud. det får eg óg, men eg seier det ikkje høgt.

me går nedover rue saint-antoine, ein av mine beste venner og eg, og eg seier til ho at det er forskjell på å ikkje klara å bestemma seg og å ikkje tørra å gjera det.

det er fjortende november og i veska har eg den raudaste leppestiften i verda, eit kamera som har tatt meg så langt som eg aldri hadde trudd & ein hatt som eg aldri hadde turt å gå med for fem år sidan. ein kjem ganske så langt om ein berre tør å tru. og no er det tre grader i norge. og da eg gjekk heim frå toget i dag, det som hadde frakta meg frå paris til london, måtte eg opna knappane i cardiganen min for under var det blitt så altfor, altfor varmt.


translation:

unfortunately a norwegian text about my life and about being brave and daring to make decisions for your life, or else it won’t move forward.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *