presenting.

hei, eg heiter mariell og eg er 21 år gammal mandagsbarn. tidligare blogga eg på hjartesmil.blogg.no, men no er grayzine min nye heim. eg bur i london og jobbar som fotograf, redaktør og bloggar. ein dag skal eg ha eit eige studio og vera venn med tjue vakre jenter som tilfeldigvis er modellar. så skal eg ta bilder av dei mens dei latar som om dei søv og mens dei flyt i vatnet.

i london bur eg med forloveden min jostein. han er musiker og studerar her. mange japanske turistar syns han lignar på orlando bloom og vil ta bilder:

han lagar den beste pizzaen i verda, brukar pengar på dyrt øl og tversoversløyfer og elskar å vintageshoppa med meg. han likar óg å sova i skei og å ligga i badekaret og lesa om vanskelige musikkgreier som eg ikkje heilt forstår. éin dag skal me ha fire små born som får blonde krøller og fine namn. me ligg vaken om natta og snakkar om framtidige prosjekt og eventyr. me elskar å laga mat ilag og hatar å vera ifrå kvarandre lenger enn éin dag av gongen. me bur i ein flott liten leilighet med badekar og balkong sør i london. den er fylt med alt sånt som me vil ha rundt oss, blomar og prikkar og porselen og magasin som ligg i haugar overalt. meir om det seinare.

eg reiser litt fram og tilbake for å ta bildene i bryllupa til folk. eg elskar det, elskar å pusta og leva bryllup og kjærleik:

 

kvardagen min akkurat no handlar mest om å leva og skriva om å leva. og å prøva å få venner i denne enorme byen her eg egentlig er veldig veldig einsam. mest skulle eg ønska at vennene mine var her og budde i badekaret.

ellers er eg veldig fascinert av seriemordarar og kriminalitet, og hadde nok blitt kriminolog om eg ikkje elska å fotografera og vera kreativ så høgt som eg gjer. eg er flink til å baka kanelbollar og til å kjefta når det trengs. også er eg skikkelig flink til å drikka cappucino og lesa magasin på kafé, og til å finna lyset i eit rom. me høyrer på ekstremt mykje musikk heime, eg likar best å høyra på ein blanding av sekstitalsjazz, musikalar, fransk elektronika og pop. eg likar best å sjå på filmar som er fra paris på femti- og sekstitalet. eg likar små hundar med store øyre og store hundar med små øyre, kjolar som har blondekragar, krøllar i håret og kaldt kaldt vatn.

her kjem eg til å blogga masse om kvardag, om fotografering, om kjærleik, om film og musikk og bøker og tv og mat! vil helst ha wasa havre, fløytemysost og lakrisbåtar i postkassa! bisous!

 

translation:
hi, my name is mariell and i’m 21 years old. i used to blog here, but now this is my new home. i live in london and i work as a photographer, the editor of heart magazine and blogger. one day i’ll have my own studio and befriend twenty beautiful girls who happen to be models. i will photograph them while they’re pretending to be asleep and floating in water.

i live with my fiancée, j. he’s a musician and goes to college here. japanese tourists think he looks like orlando bloom and want to take his picture. he makes the best pizza in the whole world, spends his money on expensive beer and bow ties and loves to go vintage shopping with me. he likes to spoon and to be in the tub reading about difficult music things. some day we’ll have four beautiful children with blonde curls and lovely names. we stay up all night talking about projects and adventure. we love to cook together and hate to be apart for more than a day. we live in a lovely little apartment in the south of london where j can easily get to school and home. it’s filled with the things we love and it’s beginning to feel like us. more on that topic some other day!

i travel back and forth to photograph people’s weddings. i love it. love to breathe and live weddings and love. my everyday life is right not about living and writing about living. and trying to make friends in this enormous city, it gets very lonely sometimes. i wish all my friends lived in my tub.

other than that i’m very fascinated by serial killers and crime, and i might have become a criminologist if i didn’t love being creative as much as i do. i bake really great cinnamon buns and i’m good at drinking cappucinos at cafés. we listen to a lot of music at home, you can see my playlists here. a mix of sixties jazz, musicals, french electronica and pop. i like small dogs with big ears and big dogs with small ears, dresses with lace collars, curls and really cold water.

i’m going to be blogging about every day life, photography, about love, about film and tv and books and music. and food! that’s all! bisous!