chet baker er her.

true

ferry ride
bileta er linka

søndagsmorgonar er til for scrambled eggs og tv. me har sjokolade i skapet, kanelbollar og cupcakes i frysaren. me et dei ikkje sjølv om me har lyst. det er den første londonhausten. ikkje i verdshistoria, men for meg. plutselig er det ikkje ferie lenger, men kvardag. med skule for han og bihulebetennelse for meg og eg legg meg under dyna og tenkjer at det ikkje var dette eg ville ha. eg skriv ned ord og setningar som aldri blir til noko ein kan sjå, forsvinn berre. fell frå treet og dør.

dei bygger det høgaste bygget i eu, eg køyrer forbi det med toget. ein liten gut seier “look mummy, the eiffel tower!” og ho forklarar at eiffeltårnet er i paris, at det er the shard, eit glasmonster som skal bli så høgt at ein må lena seg ut av vindauget for å sjå toppen. denne byen er altfor stor. på ein dårlig dag i ei dårlig veke reiser me til south kensington for å ta afternoon tea i ein vidunderlig vakker hage. me kjem fram ti minutt for seint og dei slepp oss ikkje inn. me står utanfor gitteret og ser inn på den vidunderlige vakre hagen og akkurat då eksploderar det og tårene renn langs med ansiktet mitt mens me går tilbake mot bussen. når ein er langt nede er eit støv på auget ein kniv i hjartet.

chet er her og tok hausten med seg. eg forsvinn inn i koppar med chai og artiklar om det uoppdaga london, enn kor paradoksalt det er. me møter nye personar på byen, nokon kliner og andre mistar noko som dei seinare finn att. telefonnummer som sklir inn i regntung ullgensar før ein eingong har komme seg på bussen heim. ein sovnar med invitasjonar til festar med badekar fulle av vin og gjennom veggen søv dei som snart skal reisa tilbake til den verkelege verda. eg går aleine på marknadar fulle av ostar og kjøt og folk som skrik, går i gater eg veit at eg likar, finn salt- og pepperbørser som er kaniner og kanskje kjem det til å vera okei. eg har olja systemet, fiksa knirket i golvet, kjøpt nye strømpebukser og malt tåneglene med gull og eg er klar.


about my london life having sort of a rough start.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *