comfort food.

i dag skal me laga noko av det enklaste og herligaste ein kan eta når været ute seier at ein skal bli inne og spela brettspel og sjå på film og sussa. dobbelbakt potet og tomatsuppe! eit måltid som krev lite arbeid men litt tid, men det er så verdt det. og om ein planlegg litt så har ein potetene og suppa klare samtidig!

comfort food.

først må ein baka potet. ein treng éi bakepotet per person. så berre bakar ein den som vanlig, på ca 190 grader i ein og ein halv time. tida varierer veldig fra ovn til ovn og potet til potet så berre følg med og ta dei ut når dei føles ferdige og liksom litt mjuke. ta dei ut, la dei kvila litt. også deler du dei i to. grav ut innmaten forsiktig, utan å skada skalet, og ha det oppi ein bolle. saman med potetinnmaten blandar ein: ei spiseskjei creme fraiche, to nevar ost(eg brukar cheddar, syns det er best), eitt piska egg, salt og pepper. bruk ei skjei og legg det tilbake i skala og inn igjen i ovnen til dei er gyldne og klare.

comfort food.

dette er ei enkel oppskrift som ein kan variera så mykje som ein orkar. sophie dahl har originalen. til to personar tok eg ca ti tomater og to raudlauk og ein kvitlauk. skjær alt i halvt, kvitlauken óg. den kuttar ein sånn at ein halverar fedda også hiv ein berre heile greia oppi forma til det andre. forma bør vera eit par centimeter høgare enn tomatene. ei teskjei sukker og to spiseskjeier extra virgin olivenolje over, salt, pepper, også blandar ein litt med hendene. best blir det om ein har fersk timian, da har ein den på før ein set suppa i ovnen. viss ikkje, er det heilt okei å blanda inn tørr etterpå óg. inn i ovnen i ca 45 minutt på 190 grader. så kjem det ut ein sånn fantastisk søt lukt av kvitlauk og tomat av ovnen. popp ut fedda frå kvitlauken(me vil ikkje ha skal i suppa), og tøm alt i forma i ein blender eller i ein bolle og bruk stavmiksar. tilsett balsamico etter smak, og salt og pepper. alltid grov pepper.

comfort food.

også har ein det perfekte måltidet. ein får gjerne duppa potet i suppa. og eta potetskalet. omnomnom. perfekt for september.


this is a recipe for a double baked potato and baked tomato soup. if you want the recipe all you need to do is watch this video, it belongs to sophie dahl and it’s so perfect for september.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *