let’s make dinner.

mandag kveld var ein fantastisk fin kveld. eg og j feira at me har budd ei veke i london. me drakk champagne, klina, såg dei siste episodane av house og åt bra feiremiddag. pastagrateng. grateng er ikkje kvardagsmat, men når ein skal feira noko så fantastisk så er det heilt på sin plass. kvardagsfeiring, liksom.

let's make dinner.

så i dag skal me laga grateng. du treng(til to personar): ein halv brokkoli, to gulrøtter, ein halv raudlauk, ein bunt vårlauk eller salatlauk eller purre, tre store nevar pasta(eg brukte fusilli), mjølk med høg feittprosent(om ein brukar typ skumma mjølk så stivnar ikkje sausen skikkelig i ovnen), smør, mjøl, pepper, salt, sennep av bra kvalitet og to nevar ost.

let's make dinner.

først må ein hakka grønnsakene i bitar. lauken skal vera typ som på bildet, brokkoli- og gulrotbitane skal vera omtrent som tommeltoppstorleik. smelt rundt 50 gram smør i ei panne saman med vårlauken. på låg varme, i ca ti minutt til lauken er mjuk. låg varme er viktig.

let's make dinner.

kok opp pastaen som det står på pakka. ca to minutt før den er ferdigkokt har du oppi gulrot og brokkoli. ha det så i eit dørslag og ha kaldt vatn på så dei ikkje held fram med å koka etter varme. så kan du ha alt oppi ei form og blanda det med raudlauksbitane, som skal vera skjært i båtar.

let's make dinner.

no kjem det som kanskje er litt vanskelig. sausen. ta ca 50 gram mjøl og bland det inn med lauk+smørblanding. blandblandbland til du får ein slags “paste”-konsistens. da skal me ha mjølk over. ca 5 dl. på middels varme, tøm litt og litt mjølk mens du rører absolutt heile tiden med ein ballongvisp. etter all mjølka er i held du fram med å røra, og litt etter litt merkar ein at sausen tjuknar. stopp når du syns den kjens som ein saus. da har du oppi ein neve med ost. me brukte cheddar, men kva som helst ost funkar egentlig. så skal du ha oppi ei halv spiseskjei sennep(dijon eller ein engelsk type, ikkje idun!!!), salt og pepper etter smak.

let's make dinner.

så. no er me klare med alt som skal vera i forma.

let's make dinner.

da tømmer du sausen over forma som eit lokk. så kan du rota litt rundt om du vil med ein gaffel for å fordela sausen litt. ha ein neve ost på toppen og sett den i ovnen på 190 grader i omtrent 25-30 minutt.

let's make dinner.

mens den steiker kan du laga salat! min hadde ruccola, pære, vårlauk og druer. nom.

let's make dinner.

sånn ser den ut når den er ferdig. mmnom.

let's make dinner.

server på fine fat som du nettopp har kjøpt på loppemarknad eller berre vanlige fat og et framfor ein fin tv-serie. kvardagsfeiring! <3


on monday night i had such a great time, j and i celebrated our first week in london and i made a gratin to go with our festive mood. perfect.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *