ein veldig flott middag.

her kjem oppskrift på ein supergod middag. den er spesielt bra til å ta med på piknik under eit tre eller i hagen, med gras mellom tærne eller framfor poirot seint på kvelden. det er altså muffins! til middag!

muffins for dinner.

først lagar me røra. den lagar me av tre egg, 4 dl mjøl, 1,5 ts bakepulver, 1,5 dl yoghurt(ein med høgt feittinnhold, ikkje bruk lett). miks det saman med litt salt og pepper. eg hadde óg hakka valnøtter i, men det kan ein velga sjølv.

muffins for dinner.

så må ein smøra ei muffinsform. om ein ikkje har form kan ein bruka store papirformer, men kjøp sånne som er solide og ikkje sklir rundt. liksom sånne store som har “forsterka” kant. eg eksperimenterte litt med bakepapir i formene, det vart fint. også puttar ein oppi det ein vil. eg hadde raudlauk(nesten obligatorisk), paprika, kvitlauk, pepper, serrano, fetaost, spinat og basilikum.

muffins for dinner.

jarlsberg på toppen. mmm.

muffins for dinner.

ca 12 minutt på 200 grader, også et med salat med alt ein vil ha og nyt nyt nyt.

 

 

my recipe for muffins for dinner! easy peasy and oh so good.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *