sånt som kanskje hjelper.

– sjå favorittfilmane sine og mange episodar av seriar som ein ikkje har sett før. i mitt tilfelle amelié, funny face, eternal sunshine of the spotless mind, gossip girl og house.

– gi seg sjølv ein pause på fem timar fra nyheter med nokon ein er glad i der ein bestemmer seg for berre å gjera noko som ikkje er konstruktivt. som å baka brød, lesa bok eller laga fotoalbum på blurb.com. skru av internett og tv og berre snakk mens ein brukar hendene. helst om noko heilt anna. eg startar på fotoalbumet mitt frå 2011. med bilder frå heile år og fram til no.

– kjøpa eit magasin og lesa det fra perm til perm. eg les you & your wedding.

– laga ønskeliste på amazon. alt som ein har lyst på. wish list.

– laga ei lang speleliste.

– sortera papir, rydda rommet, vaska under senga. alt sånt som ein vanligvis er for opptatt til å gjera men som bør bli gjort og det er akkurat passe distraherande.

– planlegga noko fint, som ein middag om ein har stramt budsjett eller ei reise om ein har pengar til det. det er deilig å ha noko å sjå fram imot. eg planlegg london. skriv pakkelister og brukar google street view som verden og leser london-bloggar.

– ta eit langt bad eller ein dusj. med badebombe eller skrubb eller nokon ein likar å sussa på eller alt samtidig.

– laga akkurat det ein vil til middag. i dag åt eg pasta carbonara med heile familien min.

– ommøblera.

– følgande matvarer: grilla eller steikte maiskolber med salt og litt smør på, opera mints, mango, alt som er bær, denne paien:

0725-1503

2 dl havregryn
1 dl sukker
1 dl mjøl
1 tsk bakepulver
1 tsk vaniljesukker
100 gram smør

skru ovnen på 175 grader. bland alt det tørre i ein bolle. smuldra smøret med alle ingrediensane til det ser ut som det heiter smuldrepai. ha smulderet, ca tre fjerdedelar, i ei smurt paiform, hell på med favorittbæra dine, mine er bringebær, også resten av smulderet på toppen. inn i ovnen til den er gyllen, ca 20 minutt. et med vaniljekesam, vaniljesaus eller is.

0725-1504 0725-1505


things that might help. although things are rough, there are things to do to lighten our hearts and those around us. like give oneself five hours off from the news to bake or make a blurb book from 2011. or make this raspberry crumble.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *