mitt lille land.

oslo

det er ingen som heilt kan forstå kva som har skjedd. korleis det kan finnast så mykje vondt. eg veit at det er mange av mine lesarar som er direkte og indirekte påvirka av det som har skjedd i oslo og på utøya i går. eg håpar de har folk rundt dykk som klemmer hardt og passar på at de snakkar og fortel om alt som de kjenner. det er så viktig. det gjeld for alle andre i dette landet óg, og nordmenn utanlands. dei siste 24 timane har vore ubeskrivelig vonde og eg har grått for mitt eige land, for mitt eige folk. eg er så stolt over måten situasjonen har blitt håndtert på, kor mykje kjærleik som finst. og over stoltenberg som ikkje gir etter men seier at me skal halda fram med å kjempa for det me trur på. eg er overvelda av kjærleik og kor mykje fint og smart som blir sagt. vil berre sitera noko som ein venn av meg skreiv på facebook nettopp: “ein auf’ar sa på cnn då ho fekk spørsmål om dei no vil slå tilbake mot terror: “om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen””

 

 


yesterday was the worst day in norwegian history for as long as i’ve been alive, and i’m absolutely devastated by what has happened. but so overwhelmed by all of the love and i’ve never before been this proud of my country and my prime minister who, instead of breaking from all of the hate says that we will never back down, we will fight for what we think is right. a girl from the camp that was attacked was interviewed by cnn and when they asked her if they now will fight back against terror, she said “if one man can show that much hate, think of how much love we all can show together”. i’m grieving for my country and our loss today. and i’m so very very proud.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *