sommarfint.

fine hundar på tuben.

den første gongen ein får bruka ein ny paraply i regnet.

å våkna av sola og stå opp også svømma før resten av verda har våkna.

nye magasin med glitter på framsida.

espresso og bringebærpai. helst saman, helst på ein laurdagsformiddag.

idéar som involverar glitter og svarte blonder og dådyr.

at ei av mine beste jentevenner er forelska og lærer seg skytypar fordi pappan hans er meteorolog.

at det kjem fintbesøk i oktober som skal sova på skumgummimadrasser i stova og drikka øl og kanskje skrika fra balkongen eller bada samtidig i badekaret.

fine jenter som ikkje veit kven eg er som seier at eg er fin likevel.

å bruka altfor mange pengar på sånt som neglelakk og hårspenner.

når ein har kjøpt noko over internett og gløymer det heilt til ein får det i posten og har noko heilt nytt og gammalt i hendene.

å gå til favorittbutikken sin fordi ein har heilt tomme skap og faktisk har lov til å kjøpa alt i pastell og med prikkar på.

tre år gamle jenter som har latterkrampe i gata som gjer at både eg og han der fine knekk saman og ikkje klarar å gå for me ler sånn.

å sjå på jostein som knyter sløyfa.

å komma heim til pasta carbonara når ein trudde ein skulle eta middag aleine.

store ferskenar til eitt pund som passar perfekt i hånda og er som å bita inn i ein drøm.

nye oppdateringar av bloggane ein likar aller aller best.

å vera på bytur med mamma og pappa og føla seg veldig voksen samtidig som ein blir tolv år igjen med lengt i kroppen og ein blir påspandert alt.

å få lov til å ta bilder av forelska par på den viktigaste dagen i liva deira.

å klina på fest.

å sovna momentant når ein legg seg.

å sjå kor raudt håret mitt egentlig er når det flagrar i veldig sterk vind.

å fantasera om det sekstitalshåret eg sparar til.

bær til frukost.

loppemarknad med framand valuta.

sylteagurk og sterk majones som svir i nasen.

å høyra at pappa ler i søvne, gjennom veggen, medan eg jobbar klokka fire om natta.

 


nice things these summer: cute dugs on the tube, pretty girls who call me pretty, fleamarkets with foreign money, pickles and dijon, hearing my dad laugh in his sleep, the fact that one of my best friends is in love and is learning about clouds because his father is a weatherman.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *