london. dag ein.

london. day one.

i går var vår første dag i london. me bur på hotell i greenwich, for det er her me skal bu. han der fine skal gå på goldsmiths som ligg rett gjennom parken!

london. day one.

me tok dlr og tube til west end mens me las aviser og lurte på om me såg ut som om me budde her.

london. day one.

etter litt shopping og sånt vart me svoltne, så me kjøpte lunsj på marks & spencer. ein av mine favorittplassar for dei har så masse fine pakkar og eg vil berre gå rundt der heile dagen lang for å ta på alt.

london. day one.

åh bjørnebær + lemon curd-yoghurt.

london. day one.

så gjekk me for å shoppa litt meir. bygåver, bursdagsgåver, gåver til oss sjølve.

london. day one.

butikkar med fin pynt er dei beste butikkane.

london. day one.

så gjekk me rundt lenge og enkelte av oss brukte altfor mange pengar og det blir ein jo heilt matt av så me satte oss på restaurant, åt baba ganoush og pita og drakk ein merkelig bringebærgrapefruktdrink.

london. day one.

og snakka om vegen vidare.

london. day one.

først ein svingom inn i ein nydeligfin bakgård. tenk å ha sånne blomsterkasser.

london. day one.

eit tre.

london. day one.

me fann pompongar i eit vindauge og det gjorde meg glad.

london. day one.london. day one.

ei fin lita blomsterbod på vegen.

london. day one.

me hoppa inn i alle vintagebutikkar. eg kjøpte ingenting. der. så bevega me oss inn i piccadilly-kaoset med veldig målretta skjelvande gange.

london. day one.

for me skulle på afternoon tea. <3

london. day one.

herlig herlig te og scones med clotted cream og syltetøy.

london. day one.

og han som eg syns er finast. jostein altså. han ser så lur ut fordi han er det.

london. day one.

pyttelite jordbærpastry.

london. day one.

servitøren vår såg litt ut som mr.bean og dei fylte på vassglasa våre for kvar lille milliliter me drakk. sånt som ein aldri klarar å bestemma seg for om er fint eller forstyrrande. me såg på folk rundt oss og oo-a og aa-a om maten og teen også hoppa me ut igjen. til ein av mine favorittplassar i heile london. fortnum and mason.

london. day one.

fleire etasjar med berre sånt som eg elskar. fine forpakningar og store ferskenar og hylleblomst-ditt & datt. og kaleidoskop som nesten faktisk fekk meg til å grina.

london. day one.

finaste godteriet. sølvfarga mandlar liksom. etter to timar gjekk me heim med varme hjarte.

london. day one.

og i hotellsenga opna eit av mine plastkjøp for dagen. sko fra melissa. <3

london. day one.

svart plast med kvite store sløyfer på! score.

london. day one.

så åt me takeaway tex-mex og sjokoladetrøflar frå fortnum & mason og hadde house-maraton og snakka om morgondagen. for i dag skal me på visningar på plassar me kanskje skal bu! fint og skummelt.


yesterday was our first day in london. we went shopping in the west end, ate a lot of good stuff and had a very nice time.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *