den beste kaka som finst.

cake!

i dag skal me laga kake som det går fint å eta sjølv om det er altfor varmt ute. du treng: 3.5 dl sukker. 5 egg. ei halv teskjei eddik. 1 teskjei bakepulver. egga skal vera romtempererte, så ta dei gjerne ut av kjøleskapet nokre timar før du skal baka. så treng ein noko å ha oppå kaka, som frukt. eg brukte bringebær og blåbær, nom. om ein skal bruka bær må ein bruka ferske bær og ikkje fryste, for fryste bær “blør” også ser kaka ut som ein massakre etterpå. takke seg til ferske bær altså!

cake!

først må ein dela egga. det er veldig veldig viktig at ein ikkje får med noko som helst av plomma når ein deler egga. derfor deler eg eitt og eitt egg over ein kopp, tar kvita i ei skål og plomma i andre. om det kjem plomme i kvita mens ein deler så må ein starta på nytt, for ellers blir kvita aldri stiv.

cake!

sett ovnen på 100 grader. så skal det piskast. først skal me piska egg + eddik + sukker. berre køyr det på høg fart så lenge som det trengs.

cake!

røra er klar når den framleis “står”. altså at den framleis er stiv som ein topp som på bildet. så skal ein ta bakepulveret og liksom “velta” den inn. ein må ikkje vispa den inn for da kan det henda ein øydelegg all den fine lufta som ein har i eggekvitene. bruk slikkepott til å elta bakepulveret inn.

cake!

spre røra ut i ei form på 30 x 40 cm. på bakepapir. sett den midt i ovnen og steik den på hundre grader i kanskje to og ein halv time, til den er seig inni men hard utapå. ein må passa litt på så den ikkje blir steikt for lenge.

cake!

når kaka er ferdig, ser den ca sånn ut.

cake!cake!

så må ein piska krem, og blanda den med vaniljekrem og ha den på kaka. og ha på bær, masse bær, alt ein vil i heile verda.

cake!

og eta den med glede.

cake!

til siste bit er slutt.

cake!

om ein vil laga ei mindre kake, som eg gjorde, kan ein bruka litt over halve røra til kaka og resten til pikekyss. eg satte kaka i ovnen også satte eg på eit vannbad. knekte oppi valrhonasjokolade(må bruka sjokolade av god kvalitet, kokesjokolade er ikkje lov).

cake! så velta eg den smelta sjokoladen inn i resten av eggekvitene og sprøyta dei med sprøytepose ut på eit bakebrett med bakepapir på. phjoh. forøvrig min første omgang med sprøytepose, det gjekk heilt fint. ein berre puttar tuten nedi ein kopp og legg sjølve posen over kanten så det blir enkelt å fylla den. så er det berre å prøva seg fram. steik dei på hundre grader i kanskje ein halvtime, kanskje lenger. dei tar ikkje så veldig lang tid, så smak heller litt undervegs.

cake!cake!

putt dei i ein fin boks og versågod! godt til kaffen i vekesvis etterpå.

ps: eggeplommene sparar ein og lagar pasta carbonara til middag! enkelt som berre det.


today we’re making cake. this is a meringue cake with whipped vanilla cream and berries on top!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *