veggies. yum.

veggie patties.
i morgon skal de laga dette til middag. det er flate grønnsaksherligheiter. du treng(til to personar): to squash, paprika, vårlauk, eitt egg, griljermel eller brødsmular, salt, pepper, smør, urter om ein har lyst.

veggie patties.
først må ein male opp squashen sånn at den blir i små små bitar. eg har ei sånn julienne-maskin som eg brukar til alt. raspa ost, raspa squash, mala mandlar. masse rart. kjøp ei sånn, dei er geniale. viss ikkje kan ein raspe det på eit rivjern, men det skal vera ganske så finmalt.

veggie patties.
så ser det sånn ut, som ei masse.

veggie patties.
bland oppi finhakka paprika og vårlauk eller anna lauk ein likar.

veggie patties.
så tømmer du ein god del salt over, typ ei teskjei eller litt meir, og set alt i eit dørslag. saltet trekk ut væska av squashen, og me vil ha vekk så mykje væske som me berre klarar. derfor skal blandinga få stå litt mens saltet gjer sitt, kanskje 45 minutt.

veggie patties.
så skal ein presse og presse og presse til ein blir heilt blå i ansiktet til ein får ut så mykje væske som ein berre klarar. da blir det til ein ganske fin kompakt deig.

veggie patties.
knekk eitt egg og tøm oppi litt griljermel eller brødsmular om ein heller vil bruka det. blande blande.

veggie patties.
eg hadde finhakka mynte oppi óg, men ein kan gjerne prøve andre smakar som til dømes koriander! eller kvitlauk!

veggie patties.
så skal ein prøve å forma dei. om dei ikkje held seg men berre dett fra kvarandre har du meir griljermel oppi. litt og litt.

veggie patties.
så skal dei steikast. i smør. på svak varme. lenge.

veggie patties.
i mellomtiden kan ein laga salat med det ein har i kjøleskapet.

veggie patties.
og koka litt pasta og steika litt halloumi til å ha ved sidan av. med ein dressing av yoghurt + lime + pepper + salt.

veggie patties.
og ta bilder av maten. men berre om ein bloggar da.

veggie patties.
også eta. med nokon ein er glad i med eit glas vin. åh! sjukt godt.

 


this is my vegetarian recipe for today! make this for dinner tomorrow. recipe inspiration from here.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *