om kameraet mitt.

kamera


canon 5d mark ii

eg brukar eit canon 5d mark ii. det er eit profesjonelt fullformatkamera. med det kan eg ta fantastiske bilder og dessutan óg filma. det er tungt og stort men det venner ein seg til. eg tar alltid kun bilder i råformat. det kan ein lesa meir om her. om ein virkelig vil ha topp bilder så vil eg anbefala å kjøpa eit stort og raskt minnekort som ein kan skyta masse råformat på. eg har til sammen 80 gb i minnekort og det trengs virkelig på større jobbar.

eg brukar adobe bridge til å overføra bildene fra kameraet, der sorterar dei seg sjølv etter kva dato det er også sorterar eg dei ved å merka dei bildene som er finast. det er så enkelt for ein kan huka av kva bilder ein syns er best og merka dei av i ulike fargar. så redigerar eg dei og konverterar dei til jpg gjennom bridge sin råkonverter. der lysnar eg opp og legg på kontrastar og beskjærer og av og til fargejustering eller temperaturen før eg lagrar dei i jpg(sorterar dei i mapper etter kva månad, også heiter dei kva dato det er den datoen dei er lagra). så opnar eg dei i photoshop og legg på gradient, justerar hit og dit, les meir om redigering her.

optikk

50mm f/1.2 L USM
dette er guden av alle objektiv. blenderen er så stor at ein kan få ein knyttneve gjennom, i alle fall om ein er ein baby, det er raskt og tungt og fantastisk fantastisk. det har opna seg ei heilt ny verd for meg etter at eg kjøpte dette objektivet. no brukar eg det til alt. det kostar, however, 15.000 kroner. om ein har eit anna budsjett og har eit av canon sine amatør- eller semiproffe kamera, vil eg anbefala å kjøpa 35mm f/2. det kostar rundt to tusingar og var mitt favorittobjektiv før eg fekk fullformatkamera. her er bilder eg har tatt med det:

frukost.in my makeupbag.last day in oslo.the last few days.onsdag i mat.weekend.liebling.

andre ting:

– eg redigerar filmane mine i adobe premiere pro cs5. det programmet lærte eg på media og kommunikasjon på videregåande, og det er det einaste eg kan å bruka. egentlig er det ganske så enkelt.

– eg kjøper alt mitt utstyr på japanphoto. fordi dei har bra service og, aller viktigast, dei har fantastisk forsikring. supersikring heiter det, og forsikrar ein mot nesten absolutt alt. til dømes vannskade, uhell og slitasje ved normal bruk, som nesten ingen andre forsikringar dekkar. (og nei, eg har ingen deal med japanphoto – eg berre kjøper alt utstyret mitt der fordi det er dei eg stolar på).

noko anna de lurer på?

 


an entry about my camera, canon 5d mark ii, and my lense, 50mm f/1.2!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *