underbar.

underbara clara.

den siste veka har eg tatt meg éin ekstra time nesten kvar dag til å lesa gjennom arkivet til ein blogg som eg er så utrulig glad i, nemlig underbara clara. eg har lest meg gjennom utflytting, huskjøp, renovering, oppskrifter, innlegg om feminisme og forbruk, kjærleik, baby, venner, bryllup, magasinet hennar, livet på landet og alt det der som er så veldig veldig underbara clara. det er så fint når ein har lest bloggar i fleire år og kjenner at ein faktisk virkelig likar ein person ein aldri før har møtt.

clara er min kvardagsinspirasjon. kvar gong eg kjenner at eg er så himla lei av å hakka grønnsaker og berre har lyst til å steika eit stort stykke kjøtt i smør og eta det med hurtisris og thousand island så tenkjer eg på clara også lagar eg istaden noko skikkelig bra vegetarmat som får meg til å føla meg som ein superhelt.


in the last week i’ve taken one hour out of my day to read through the archive of a blog that i’m particularly fond of, underbara clara. she’s my everyday hero and every time i feel like just throwing a big lump of meat in a pan and eat it with three minute rice and horrible dressing i think about clara and i make something really great instead, it makes me feel like a superhero.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *