q&a, kjærleik.

hvorfor bestemte dere dere for å gifte dere i London?

fordi det er der me skal bu! enklare å planlegga eit bryllup der ein er uansett. også finst det så himla mange fine hus der å ha festar i.

hva slags bryllup tenker dere på?

me tenkjer på eit mellomstort veldig romantisk bryllup med konfetti og girlander og peonar og tusen dessertar og gledestårer og kakekjolar. eg skal berre vera hysterisk lykkelig for at me endelig gjorde det og for at familie og venner samlast for ein heidundrandes fest for kjærleiken.

hvor lenge har du og han fine kjent hverandre?

ca sju år.

hvordan møttes dere?

me møttes gjennom ei felles venninne, også vart me kjent gjennom internett!

in the sea of cherry blossoms

jeg lurer på om kjæresten din jobber? eller hva han/og du driver på med for å få inntekter til å bo, leve og alt :)

han går på universitetet også frilansar han litt. til hausten skal han gå på ein skikkelig fancy skule. eg tjenar til livet gjennom magasinet, faktisk.

kva gjer ein når ein ikkje har sett ein gut, ein gut som ein har drøymt om mange gonger i søvne og som ein “alltid” har likt litt eller mye (gjennom fleire år som klassekameratar), på to år til saman? skal ein tro at det ikkje er “ment to be” og bare leve videre med eit sakn som kan ta livet av ein, eller nesten dø av redselen for å bli avvist og sånn, men likevel ta kontakt, sjølv etter så lang tid? eg treng råd.

hopp. ein må laga sitt eige liv og følga hjartet.

hvordan var ditt første møte med han der fine?

det var så. skummelt. han spelte konsert og hadde på seg che guevara-tskjorte. han drog meg bak scena også kyssa han meg!

hva gjør dere for å beholde gløden i forholdet? og hva er det viktigste for deg når det kommer til et forhold? :)

me er smertelig ærlige med kvarandre og finn på ting ilag heile tida. det er viktig å oppleva kvarandre på nye måtar, syns eg. det viktigaste er respekt og tillit.

do you have an advise for 20 year old a girl who never fell in love? i lost my faith in love.im tired of waiting. you are vey lucky girl im really happy for you. even though we never met before.

my best advice for love: stop looking. i never looked and i hit the jackpot.

kranglar du og han derfine? og når de kranglar, skrik de og kastar ting eller er de meir stille mot kverandre?

me kranglar veldig sjeldan fordi me respekterar kvarandre og tar ting som dei kjem.

kva er det beste med han der fine?

at han framleis gjer meg så himla glad etter sju år.

når vil du få barn?

om ikkje så altfor lenge, faktisk. tenk så fint det blir da.

hva synes du om det å ikke tro på kjærleiken?

eg syns det er innmari trist, men eg kan faktisk forstå det. kjærleik er ganske så skremmande til tider.

og hva gjør man egentlig når man går forbi eksen sin og den nye jenta hans, og man savner han så mye at man kjenner kvalme i hele kroppen?

ein går vidare. snur seg ikkje tilbake. stoppar på rema, kjøper lakrisfudge også går ein heim og ser yndlingsfilmen sin og tenkjer om og om igjen at det kjem til å gå bra. det går bra.

hvordan helbreder du knuste hjerter?

eg har heldigvis aldri fått hjartet knust, så det veit eg ikkje. men eg har fått hjelpa til med meir enn eit par. stikkord: yoghurtis, breakfast at tiffany’s og akkurat nok øl i parken.

har dere tenkt på sted til bryllupet?

ja! men det er sålangt hemmelig. det blir spektakulært!

hva hadde du gjort dersom du ble forelsket i noen andre mens du var sammen med han der fine?

det hadde me takla der og da, men eg ser ikkje for meg at det skjer. eg er jo forelska i han der fine!


hvor gammel har du lyst til å være når du får ditt første barn, ideelt sett?

hm, eg skulle likt å vore 23. mamma og pappa fekk meg då dei var 23 og det syns eg er bra. planlegg jo å få kanskje tusen ungar så.

har du funnet ut hva slags giftering du vil ha nå?

hm, eg veit ikkje heilt. i det siste har eg vore forelska i rosegull.

hvordan ble du kjent med alle de fine søte vennene dine? har du evt. noen tips for å bli kjent med nye folk med felles interesser som en selv?

vennene mine er litt fra her litt fra der, ein god del fra internett og fra festar, videregåande. sånn som dei fleste på min alder egentlig. tips: sei ja! ja ja j a ! til alt som ikkje skremmer deg for mykje sånn at du ikkje får pusta.

jeg skal gifte meg i sommer og ønsker meg super-inspirasjon til morsomme og romantiske bryllupsbilder. fotografen vår er super, men jeg vil gjerne ha noen konkrete ideer. har du tips til fine og gøye bryllupsbilder (av bruden og brudgommen) til inspirasjon? :)

det finst ein del bryllupsbloggar i kategorien som heiter “om bryllup”!

kva er det med han der fine som gjer at kvar gong du ser på han, veit du med deg sjølv at han er den rette? og korleis føler du deg trygg på at ingen andre enn han kan få deg til å føle deg så lukkeleg?

anar ikkje, bryr meg egentlig ikkje heller. det berre følast så rett.

hvor blir du kjent med alle de fine menneskene du er med?

litt fra overalt. festar, internett, andre venner.

korleis visste du/veit du at du elskar han?

ein berre veit.



kva ynskjer du deg til bryllaupet?

åh, fin idé til eit eige innlegg!

nå du og han der fine blir pensjonister, hva gjør dere da?

da bur me kanskje i frankrike, et pannekaker til frukost og omgir oss med blomster og fantastiske eventyr, vidunderlige personar og pompøse og ekstravagante greier. akkurat som no berre med langt grått hår.

kan du fortelle om fine øyeblikk med han der fine?

alle augeblink med han der fine er fine. frå me står opp til me legg oss. i dag tidlig hadde me til dømes på oss den samme tskjorta til frukostbordet uten at me visste om det. i går sovna han sittande mens han kosa med hånda mi og me sov i ein time.

hvem er din aller beste venninne?

eg er så heldig at eg har mange.

trur du at ein kan leva utan kjærleik?

nei. ikkje fullt.

kan du fortelle litt om hvordan du og kjæresten din lever, opplever ting og bor med tanke på økonomi?

for meg er det rart at folk tenkjer så mykje på pengar. eg berre lever livet mitt som eg gjer det og pengar ordnar seg liksom alltid. eg kjøper ekstremt sjeldan klede, eg går aldri innom gina tricot eller h&m, eg hatar alt sånt masseproduserte greier. alle kleda mine er vintage/second hand som er billig og bra og held i dusinvis av år. me går sjelden ut og drikk drinkar på byen, me drikk heime og det er mykje billigare såklart. sparar pengar både på alkohol og på taxi. me et billig og dritbra mat og kjøper omtrent aldri halvfabrikat. mange trur at det er billigare med halvfabrikat, men det er berre løgn og fanteri og latskap og sløsing med pengar og kaloriar. drittmat er det, og superdumt når det er så enkelt og billig å laga bra og sunn mat. i oslo hadde me ganske billig leige fordi me budde i studentbolig, han der fine fekk studielån og frilansa i tillegg til det. eg tjenar pengar på magasinet og heimesideoppdrag og me klarar oss fryktelig bra. me brukar heller pengar på å reisa eller på takeaway-mat eller champagne, me unnar oss sånt me har lyst på istadenfor å bruka pengane våre på sånt som me ikkje hugsar at me har kjøpt(som alle dei kjolane bakerst i skapet som det framleis finst prislappar på fra gina tricot sine salgstativ, tenk på kor mange av dei som finst rundt omkring i dette landet). me er rett og slett veldig kritiske til kva me brukar pengar på og kva me vil prioritera, men det er sånt som det tar tid å læra seg og ein må ta ein del valg, ein må ta stilling til det. me kjøper til dømes kjøtt kanskje éin gong i veka, det er så himla mykje billigare å ikkje eta kjøt. og bra for miljøet og for kroppen og for dyra. og no har eg fått sjansen til å spara pengar for første gong i mitt liv og det føles heilt fantastisk.

hva skal man gjøre når du hater en person, og det den personen trenger mest er en venn som sier snille ting? hva skal man gjøre når du vet at du vil miste 70% av alle vennene dine om du blir venn med denne personen?

skal jeg bare være rettferdig, og behandle personen ordentlig, men uten varme, eller skal jeg være selvoppofrende, og være en venn? skal jeg late som om jeg liker henne? det verste er at den eneste grunnen til at hun ønsker å være venn med meg er for å få respekt av andre, noe som ikke kommer til å skje. hva skal jeg gjøre?

eg syns ikkje det er rett uansett kva som er grunnen, å “lata som” ein likar nokon. det er berre falskt og jævlig gjort og om ein berre gjer det for å letta sin eigen samvittighet så kan ein heller la vera å gjera det. om du vil vera ein venn; ver ein venn. uansett kva konsekvensane er. om ikkje, så drit i det. men ikkje lat som, det er det verste eg veit.

hei! jeg lurer på om du har noen tips til noe romatisk jeg kan finne på for å overaske min kjære. vi har 2 års jebuleum 19.juni å det har alltid vært han som har vært den fritenkte romatiske av oss. nå føler jeg at det kansje er min tur til å overaske han med noe. men hva? hjelp meg! vær så snill søte du!

piknik! teater! ta han med til stockholm! paris! det kjem jo heilt an på kva type person han er og kva han likar å gjera, kva de har til felles. om du berre tenkjer deg om så er det heilt sikkert noko du kan komma fram til som de begge vil elska.


answers to questions, about love.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *